Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Engel av nylon

Helene Uri:

Engel av nylon

Engel av nylon

Helene Uri har skrive og publisert arbeider innan språkvitskap sidan 1989. Den første skjønnlitterære boka for vaksne kom i 2001, «Dyp rød 315», og den siste, «Rydde ut», kom no i år. I løpet av si forfattarkarriere har ho gjeve ut mange bøker for born, ungdom og vaksne.

Den boka som har gripe meg mest av alle dei ho har skrive, er “Engel av nylon. Kva er morslykke? Og kor djupt stikk morskjensla? Finst det ein fasit på kor lykkelege vi må bli når vi får born? Er vi unormale om vi ikkje høyrer basuner og får stjerner i augo i same sekund som vi får den nyfødde opp i armane vår, etter 28 timar med rier og 9 månader der kroppen vår har vært beskytta bustad for den lille?

Hovudpersonen i boka, Beate, blir gravid på bryllaupsnatta. Ho berre veit det! For det er den ultimate lukka, å få born med den du elskar mest i heile verda. Forventningane til det å bli mor blir større og større jo lengre ut i svangerskapet ho kjem. Alle i rundt ho fortel ho kor lukkeleg ho kjem til å bli når bornet endeleg kjem. Men Beate må vere unormal! Ho kjenner det ikkje slik som alle seier at det skal kjennast. Manglar ho rett og slett eit "mors-gen"? Ho må da vere ei monstermor når ho ikkje ein gong får tårer i augo av dottera si fyrste Lucia-framsyning!

Sidan språket er så godt i bøkene til Helene Uri, kan ein verkeleg "kjenne" sårheita og smerta som Beate føler. Spesielt når handlinga tek ei dramatisk vending.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag - torsdag  10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av