Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Rakel Solstad:

men kva veit vi om barna

men kva veit vi om barna

”men kva veit vi om barna” er blitt omtala som ei av fjorårets viktigaste bøker og bør vere obligatorisk lesnad for alle som har omsorg for barn. Gjennom tre noveller møter vi tre ulike barn som alle har det vondt. Sigge bur på skuleinternat og får reise heim berre i helgane. På internatet vert han plaga og misbrukt, også av sin eigen storebror. I den andre forteljinga ligg ein gut på magen ned i skogbotnen, medan eit jamnt lag med snø er i ferd med å legge seg over guten og skogbotnen. Noko fælt har skjedd. Dei vaksne konkluderer med at det var ei ulukke. Men var det det? I den siste sekvensen møter vi Ida, ei einsam jente som blir kjend med ein fosterheimsgut.

Felles for alle dei tre hovudpersonane er at dei vert avvist, og at dei lir og pinast på ulike måtar. Gjennom overgrep, mobbing og vald får vi eit innblikk i ei barneverd som ligg skjult for dei fleste av oss. Det er opprivande å lese desse tekstane. Det gjer vondt. Eit viktig spørsmål er: Kor brutale og hensynslause kan barn vere mot kvarandre utan at ansvarlege vaksne oppdagar det? Og gjer noko med det? Som boktittelen peikar på er det mykje som skjuler seg i ”Edens hage”.

”men kva veit vi om barna” er debutboka til Rakel Solstad. Arbeidet som pedagogisk-psykologisk rådgjevar i skulen har tydelegvis gitt henne stor innsikt barnesinnet. Ho maktar å skildre det brutale utan bruk av sterke ord. Språket er stille og nøkternt, men heile tida med ei underliggande spenning. Alle som tek barn på alvor har nytte av å lese denne boka.

Del på facebook
Sara Gruen:

Vann til elefantene

Vann til elefantene

Den canadiske forfattaren Sara Gruen si bok ”Vann til elefantene” er selt i over fem millionar eksemplar og låg dryge to år på New York Times si bestseljarliste. Dette er ikkje nødvendigvis eit kvalitetsstempel, men uansett er boka verdt å lese.  Vi møter 93 år gamle Jacob Jankowski som sit på ein eldreinstitusjon og mimrar attende til ei dramatisk ungdomstid under harde depresjonsår i USA. Etter at begge foreldra døyr i ei bilulukke droppar han ut av tre års veterinærstudiar på sjølvaste eksamensdagen. Jacob står på bar bakke, utan pengar, utan famile og utan jobb. Deprimert og fortvila vandrar han langs eit jernbanespor i mørket og kastar seg om bord i eit tog, utan å ane at det tilhøyrer Benzini-brødrenes berykta sirkus. Dette blir starten på både grusomme og romantiske opplevingar.

Sara Gruen dreiv grundig research av sirkusbransjen i dei harde 1920- og 30-åra før ho skreiv boka. Mange av scenene er knytt opp mot verkelege hendingar. Vi får eit godt innblikk i det som skjuler seg bak den glitrande sirkusfasaden. Om dyremishandling. Om sjokkerande forskjellsbehandling mellom artistar og arbeidarar/sjauarar. Om brutalitet og total mangel på rettstryggleik. Om alkoholmisbruk, prostitusjon, matmangel og stanken av uvaska kroppar og klede. Om dvergar og vanskapningar i ulike fasongar som har sin verdi kun i form av billettinntekter.

Men først og fremst er dette historia om Jacob Jankowski. Han får jobb som veterinær på sirkuset og forelskar seg i den vakre artisten Marlena. Ho er på si side gift med August, ein av direktørane ved sirkuset. August er både valdeleg, herskesjuk, sjalu og psykopatisk. Dermed ligg alt til rette for eit burleskt trekantdrama av beste sort. ”Vann til elefantene” er også  blitt filmatistert  med Reese Witherspoon, Robert Pattinson og Christoph Waltz i hovudrollene.

Del på facebook
Erlend Flornes Skaret:

Lucida

Lucida

Eit kjærleiksbrot kan føre til brutale etterdønningar for den som vert råka. I Lucida møter vi 23-årige Robert, ein kunstnarspire som reiser til Syden på desperat jakt etter å oppspore og gjenerobre eks-kjærasten Maya Mesic. Ho har busett seg i Costa de la Luz, ei typisk turistsmørje.  Forfattaren har ei særmerkt observasjonsevne og nyttar sjølvsagt høvet til å ironisere over mykje av den ”galskapen” som utspelar seg kring hotella og strendene.

Boka vekslar mellom fortid og notid. I fortida møter vi Robert som antimaterialistisk student i Oslo, der han innleiar eit kjærleiksforhold til den særs spontane Maya Mesic. Robert er fullstendig oppslukt av den flotte unge kvinna. Men ei spesiell hending snur heile forholdet på hovudet. Desse tilbakeblikka får lesaren ta del i ved at Robert, mellom drammar og sigarettar, fortel kjærleikshistoria si til fire tyske pensjonistar som bur på same sydenhotellet. I notida følgjer vi Robert si daglege jakt, og etterkvart overvaking, der han kjem stadig tettare inn på sin livs kjærleik. Dramaet spissar seg til mot slutten, då han førebur den store framstøyten. Dei tragiske realitetane opnar seg: Kan Maya allereie vere tapt? Ved ”teppefall” gir forfattaren rom for at avslutninga kan tolkast på ulike måtar, utan at lesaren dermed føler seg snytt for fasit. Her er det opp til kvar enkelt å finlese og finne fram til sitt svar.

Tittelen på boka, Lucida, er knytt til eit omgrep nytta i psykologien. Det tyder eit augeblikk av klarheit i ein forvirra person sitt sinn. Erlend Flornes Skaret (38) skriv ein stilsikker nynorsk og rører ved mange av livets utfordringar. Som til dømes impulsivitet versus kontroll, det ekte versus det tilgjorte etc. Han har sagt opp jobben som sivilingeniør for å skrive på heiltid, med bubil som skrivestove. Lucida er Flornes Skaret sin andre roman, og er ei bok som kanskje høver best for den yngre lesarkrets.

Del på facebook
Jan Roar Leikvoll:

Songfuglen

Songfuglen

”Songfuglen” (2013) er mitt første møte med forfattar Jan Roar Leikvoll og vert garantert ikkje det siste. Hans forrige roman, ”Bovara”, står allereie klar på bokmenyen min. Leikvoll har hausta strålande omtalar frå eit nesten samla kritikarkorps.

I ”Songfuglen” møter vi den unge guten Jakoba. Han veks opp forkledd som jente, i ein by der berre kvinner har lov til å bu. Unntaket er mennene på bordellet. Slekta må jo førast vidare. Jakoba vert beskytta av mora og tanta, men det er ei nådelaus skjebne som ventar dersom han blir avslørt: dødsstraff. For lenge sidan skjedde det ein revolusjon i byen. Då vart mennene bannlyst og jaga over på andre sida av elva, der dei no lever som villmenn i skogen. Fiendskapen mellom dei to gruppene er rå og brutal. Ein geriljakrig der kvinnene legg ut miner og går vaktpatruljer langs elva, utstyrt med gevær og pistolar. Alt for å halde byen fri for menn.

Etterkvart som Jakoba kjem i brytingspunktet mellom ung gut og ung mann, vert det stadig vanskelegare for han å skjule sin identitet. Og er det det han ønskjer? Jakoba har ei nådegåve som vert høgt elska i byen, nemleg ei ”himmelsk” songstemme. Kan dette bli redninga? Då tenestejenta til songpedagogen gjennomskuar Jakoba sin identitet, og desse innleiar eit skjult kjærleiksforhold, er det som om dei indre undertrykte kreftene i Jakoba ikkje lenger let seg styre. Vi avslører sjølvsagt ikkje korleis det endar.

Sjølv om handlinga i boka er fylt av angst og uhygge, klarer Leikvoll å skape vakre stemningar i alt det mørke. Her er lengsel etter fridom, lukke og omsorg. Nynorsken er til tider lyrisk, by- og naturskildringane lavmælte og nydelege, og musikaliteten i språket klarer på merkeleg vis å ta brodden av volden som herjar. Dette er ein sterk roman frå ei original stemme i norsk samtidslitteratur.

Del på facebook
Odd W. Surén:

Den som skriver

Den som skriver

På ein isolert stad som heiter Blokk bor folket som vert kalla Byggere. I Blokk fins ikkje naturleg dagslys, berre i form av eld og elektrisk lys som dei har fått av Bringere. Ingen veit kvar Bringerne kjem ifrå, men dei forsyner også Byggerne med mat i byte mot ulike varer. Det hender også at det kjem Hentere som tek med seg nokre av borna. Ingen veit kvifor, og borna ser dei aldri igjen. Kva som elles befinn seg utanfor Blokk er det ingen som veit. Blokk er omgitt av Mørket, og det går rykter om at det bortanfor Mørket er noko som heiter Ute. Men ingen går ut i Mørket. For då blir han ein del av det, for alltid. Trur Byggerne. Dei vart berga frå det fryktelege Ute av den usynlege Bestyreren. Han er fullgod og allmektig, og gav dei Blokk i staden.

I Blokk har eitt embete stått i særstilling gjennom generasjonar. Denne personen har tittelen ”Den som skriver”. Gabar var den første som skreiv, no er det Corr som skriv. Han er den siste i rekkja gjennom 742 år. Alt som er skrive står samla i Bøkene, som kan samanliknast med ein slags Bibel. Berre ”Den som skriver” har lov til å lese det som står i Bøkene. Jamleg les han utdrag for Byggerne. Bebuarane i Blokk fryktar Bøkene. Bøkene antyder at ein dag skal Riveren kome. Dette er Betyrerens motstandar.

Odd W. Surèn har skapt eit mystisk univers i Blokk. Stundom kan ulike lydar høyrast frå Mørket. Og det kjem inn luft og lukt. Det har også kome inn haledyr (dvs. rotter) frå Mørket. Og tråddyr, svevedyr og surredyr (dvs. ulike insekter). Kva slags samfunn er Blokk? Første del av boka kan verke slitsam, sjølv om språket er framifrå. Men som det står til lesaren allereie på side 41: ”Ikke la deg utmatte! Hold ut, og alt skal bli forklart”. Omveltinga skjer når det kjem inn ein mann frå Mørket. Ein som har gått seg vill.  Aldri har noko menneske tidlegare kome levande frå Mørket til Blokk. Det utenkjelege har skjedd. Kva som hender vidare skal ikkje røpast her. Men det meste blir klargjort.

”Den som skriver” er ei bok som famnar vidt.  Kva er eit samfunn? Kva er tradisjon? Kva er religion? Kva er makt? Kva er tekst og språk? Kva er sanning? Og ikkje minst: Kva er lukke? Det har alltid vore gode tider i Blokk. Dei saknar ingenting og har alt dei treng. Heilt til det kjem nokon utanfrå og fortel sanninga: At dei ikkje saknar noko, berre fordi dei ikkje veit kva dei går glipp av. Boka held eit høgt litterært nivå og Odd W. Surèn har ei stemme som sjeldan ytrar seg tomt og overflatisk.

Del på facebook
Hvordan ser et liv ut hvis man ikke har nok kjærlighet?

Då svensk-russiske  Maria Zennström debuterte  med romanen «Katarinas sovjetiske upplevelser» (2001) vart ho æra med Sveriges mest prestisjetunge debutantpris. I si siste bok, «Hvordan ser et liv ut hvis man ikke har nok kjærlighet?», strekker  Zennström sitt forfattarskap mot nye høgder. Med rystande openheit skildrar ho ei middelaldrande kvinne sin desperate  lengsel etter å få barn. Ei skrikande livmor, straumen av uønska menstruasjonsblod, den tapte morsmjølka, og ikkje minst frykta for klimakteriet. Problemet er ikkje mangelen på menn. Sædtilgangen er upåklageleg, både som «ekte vare» og via sædbankar og fertilitetsklinikkar.

Dette endelause ønsket om barn er så dominerande at det verkar direkte destruktivt på kvinna sitt eige liv, og driv henne inn i desperasjonens avkrokar. Romanen som er skriven i dagboksform verkar til tider slitsam, på grensa til utmattande. Men paradoksalt nok er dette også boka sin styrke. Desperasjon i et nøtteskal, der lesaren heller ikkje slepp unna. Zennström nøstar opp i grunnleggande eksistensielle spørsmål (kjærleik, einsemd, relasjonar, perfeksjonskrav, sosial anerkjenning etc.) . For kva er det eigentleg som ligg bak dette nærast tyranniske  ønsket om å få barn???

Gjennom søvnløyse, støttegrupper, psykolog, seksuelle  fantasiar og erotiske opplevingar borar Zennström seg inn i skam- og tabubelagte tema. Som bakteppe ligg eit seksuelt overgrep  mot hovudpersonen som 7-åring. Mange har spekulert i kor vidt dette er ein sjølvbiografisk roman. Mange openbare trekk og miljøskildringar kan tyde på det (m.a. heiter både forfattaren og hovudpersonen i boka Maria). Men i den store samanheng er dette spørsmålet uvesentleg. Romanen er verdt å lese uansett. Og den er ikkje utelukkande mørk og knugande. Her fins også glimt av håp. Boka er omsett av Karl Ove Knausgård og utgitt på hans eige forlag, Pelikanen. Neppe tilfeldig. Dei to forfattarane sirklar kring den same tematikken, om enn med ulike innfallsvinklar.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag - torsdag  10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av