Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Linda Klakken:

Dumme, dumme hjarte

Dumme, dumme hjarte av Linda Klakken

Klara Rustbakken synest kjærleik er noko herk, men pipa skal snart få ei anna læte når den vakre og talentfulle Marie dukkar opp i klassen og på ballettøvingane.

Forviklingane står i kø, og det er ikkje alltid like lett å skulle sjonglere skule, fritidsaktivitetar, gode vener, irriterande klassekompisar, skilte foreldre og gryande kjærleik med eit stort hjarte og ein sprelsk fantasi. Klara gjer så godt ho kan. Og sjølv om planane ikkje alltid går som ho håpar, så kan ein røpe at det går ganske fint til slutt.

Den fyrste forelskinga er eit evig aktuelt tema for denne aldersgruppa. Boka er lettlest og morosam, sjølv om her er referansar til både Shakespeare og Satie. Klakken har skapt ein hovudkarakter som er lett å like, og ein let seg rive med av både kjærleikshistoria som faldar seg ut og Klara sine påfunn. Persongalleriet er frodig og mangslunge, språket friskt og engasjerande. Dette er feel-good for dei mellom 9 og 12, men det er svært truleg at dei som er både eldre og mykje eldre enn målgruppa kan ha stor glede av denne boka.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av