Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Kunsten å leggje seg paddeflat

Kunsten å leggje seg paddeflat

I denne dokumentaren har Are Pilskog i fire år fylgt engasjementet til to karar innan Austefjorden i Volda. Målet deira har vore å tryggje paddene si ferd til og frå Litlevatnet. Det er med livet som innsats  paddene kryssar den nye Kvivsvegen for å kome seg ned til vatnet for å leggje egg. Deretter må dei krysse den tilbake saman med fleire tusen nyklekte froskeungar. Løysinga blei paddetunnellar.

Vi fylgjer Oddvar og Gunnar og deira sin til dels frustrerande kamp for å få vegvesenet og eit heilt lokalsamfunn til å skjøne kor viktig dette er for paddene kring vatnet. Litlevatnet i Austefjorden er nemleg ynglestad for ein av dei største paddebestandane i Europa. Dei møter både motbør og medbør. Fleire synst det heile er latterleg. Mange i lokalsamfunnet likar ikkje tanken på at bygda skal bli kjent som paddebygda.

Samstundes fylgjer vi ei padde si farefulle ferd ned mot vatnet. Det er ein kamp på liv og død. Fyrst må han kapre seg ei hoe, i stor konkurranse med mange andre. Deretter må dei to kome seg velberga ned til Litlevatnet over den sterkt trafikkerte vegen. Vi får sjå fantastiske scener med paddekamp og paddeleik. Vi får ei kjensle av frykt når paddene må krysse vegen, vil dei klare det?

Vi møter og kunstnaren som fekk i oppdrag å lage ei gigantisk paddestatue. Kvar skal den til slutt få lov å stå?

Det er ein fasinerande dokumentar den prisvinnande regissøren Are Pilskog har laga. Vel verdt å sjå. Tillat for alle.

 

Del på facebook

Åpningstider:

Fra fredag 22. mai:

Mandag 10 - 18

Tirsdag - fredag 10 - 16

Lørdag stengt 

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av