Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips > Et vakkert sinn

Ron Howard:

Et vakkert sinn

Et vakkert sinn

John Forbes Nash jr. går fortsatt dagleg til jobben ved Princeton University, der han er ein litt kjepphøg professor i spelteori (økonomi). Nash er ein av dei største matematikarane (han påverkar vårt daglegliv i dag), og like sær som ein professor kan vere. Det er bachelorstudenten Alicia som hjelper den einsamme Nash å finne hjarta sitt. Heime ventar han etter kvart å bli far.  

Dette er neppe så merkverdig, men det er noko ved måten filmen ruller innleiingsvis på som er rørande. Det er noko på gang vi ikkje ser. Et vakkert sinn er en vakker film om ein mann som er eit offer for noko vi forstod lite om på 1950-talet, da den virkelege Nash forska - schizofreni.

Russell Crowe har med tid hatt mange hovudroller som den barske helten, men rolla her som den mjuke professoren er kanskje den beste. Jennifer Connelly har rolla som den forståingsfulle kona som forsvarer han lojalt medan omverda, unntatt ein forståingsfull psykiatrikar, ser på han som ei plage som må bort. På bakgrunn av deira morsomme første stevnemøte, er ikkje det rart at det er ho som forstår han best.

Nash er forskaren som har ‘tru på at noko heilt usedvanleg kan skje’, og ho er den som trur det same om mannens mental helse.

Regissør Ron Howard gjer ein strålande jobb av å formidle ei kjerne av godheit i professor Nash, som var nok der, men som samfunnet feiltolka - spesielt midt under Den kalde krigen og når Nash innbiller seg han er forfølgt av sikkerheitsagentar.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av