Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Mikkel Nørgaard:

Kvinnen i buret

Kvinnen i buret

Filmen er basert på den populære boka med same tittel av Jussi Adler-Olsen. Politietterforskar Carl kjem tilbake på jobb etter ei stygg skyteepisode. Ingen vil jobbe i lag med han, og han vert sett til å sortere uløyste saker ilag med den nye partnaren sin, Assad. Men i staden for å  gjere det dei blei sett til, byrjar dei å sjå på saka om den populære politikaren Mette Lynggard. For fem år sidan forsvann Mette Lynggaard frå ei ferje og einaste vitne til hendinga var den hjerneskada bror hennar. Saka vart etterforska og det blei konkludert med at dette truleg var eit sjølvmord.  Carl og Assad oppdagar feil i etterforskinga som fører dei inn på nye og interessante spor. Vi vert med på ei reise inn i dei mørkaste avkrokar av samfunnet og på sporet av ein forskrudd mordar

Filmen er ei spennande  og effektiv forteljing med få dødpunkt om ein hardnakka politietterforskar som er oppsett på å løyse ei sak ingen andre trur på. Vi heiar på helten vår Carl, som er svært godt spelt av Nikolaj Lie Kaas. Carl saman med den humørfylte Assad, er dei eit herleg og umake par.

For den som er glad i danske krimseriar som t.d. «Broen» er dette absolutt ein film ein må få med seg.

Del på facebook
Neil Cross :

Luther

Luther season 1

I denne TV-serien frå BBC møter vi kriminaletterforskar John Luther (Idris Elba) som er ein mann med eit usedvanleg skarpt intellekt, men også med eit hissig temperament. Han har også ein hang til eksistensielt tungsinn og eit lettsindig forhold til autoritetar, noko som ofte fører han opp i problem.

Etter ein konfrontasjon der ein drapsmann ender i koma, blir Luther i same slengen suspendert, innlagt på mentalsjukehus og separert frå kona Zoe. Når han eit drøyt halvår seinare blir teken inn i jobbvarmen igjen, er han fast bestemt på også å vinne kona tilbake.

"Luther" har avlsuttande krimplott i kvar episode samtidig som den har sesongovergripande intriger gåande. Serien plasserer seg ein stad mellom detektime og karakterdrama der det psykologiske spelet er i fokus. 
I første episode blir vi introdusert for, gjennom eit blodig dobbeltdrap, det som skal bli Luther sin følgesvenn og nemesis gjennom heile serien, den hyperintelligente sosiopaten Alice. Det er i samspelet mellom desse to at serien er på sitt beste. Både Idris Elba som Luther og Ruth Wilson som Alice er glimrande i rollene sine. 
Ålesund bibliotek har sesong 1 og 2 av "Luther", og fleire sesongar er under innspeling.

Del på facebook
Paul McGuinan, Euros Lyn :

Sherlock

Cover Sherlock

Nyskapande Sherlock Holmes frå BBC

I denne BBC-serien (2011) om Sherlock Holmes er handlinga lagt til dagens London samtidig som dei har behalde alle dei viktige plotta frå bøkene til Sir Arthur Conan Doyle. Episodane er så lange at du kjem skikkeleg inn i storyen, kvar episode har lengde omtrent som ein spelefilm.

I første episode vert ei kvinne kledd i rosa funnen død i eit forlatt hus. Ho er det fjerde mistenkelege dødsfallet på kort tid. Inspector Lestrade, Scotland Yard sin beste mann, blir sett på saka, men det viser seg at han har lite å fare med samanlikna med ein ung mann med navn Sherlock.

Ein annan stad i London returnerer ein skada krigsveteran frå Afghanistan. Han møter ein merkeleg, men karismatisk mann som er på jakt etter ein romkamerat. Dette er det første møtet mellom Sherlock Holmes og Dr. John Watson, to menn med svært lite til felles, men som snart skal vise seg å utfylle kvarandre på genialt vis.
 
 Sherlock fungerer best i sitt elska London. Byen er vakkert framstilt, i kalde blåtonar og med nydelege oversiktsbilete. Sjølv om dette er dagens London har byen i denne serien på mange måtar behalde sitt viktorianske preg.

Her er intrikate plott, fantastisk kameraføring, artig forteljarteknikk, glimrande skodespel og eit fargerikt persongalleri. Dette er ei fabelaktig oppdatering av Doyles klassiske historier om Sherlock Holmes. Her er meisterdetektiven vist i eit nytt lys, på kanten, moderne, komplisert og farlig.

I rollene finn vi Benedict Cumberbatch som Sherlock og Martin Freeman som Dr. Watson. Begge er forresten å finne i storfilmen Hobbiten som har premiere no i desember.

Del på facebook

Sommeråpningstider 2019:

Mandag  10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av