Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Richard Linklater:

Boyhood

Boyhood

I denne filmen fylgjer vi guten Mason frå han er 6 år fram til han er 18 og flyttar heimafrå. Det spesielle med denne filmen er at dei same skodespelarane gjennom heile filmen spelar dei ulike rollene. Opptaka er såleis gjort over ein periode på heile 12 år.

Mason er altså seks år når vi møter han første gongen, ein undrande, skjønn gut. Han bur ilag med søstera, som er eit par år eldre og mor som er åleine om omsorga. Far dukkar opp etter kvart – ein sjarmerande, guteaktig og kanskje litt umoden type. Men absolutt omsorgsfull, noko som den unge mora også er. Mor er ei vakker, ung kvinne som har ein tendens til å rote seg borti feil typar. Men etter kvart tek ho grep om livet sitt og byrjar på skule for å ta utdanning.

I gode og vonde dagar  fylgjer vi Mason og familien hans. Dei flyttar, foreldra giftar seg opp att på kvar sin kant, det vert skilsmisse, nye familiekonstellasjonar, kranglar og vald. Og midt oppi det heile Mason som ser ut til å takle desse opplevingane og som  utviklar seg til å bli ein reflektert ung mann.

Det er ein flott film om oppvekst dette  her. Vi kjenner oss så godt igjen – både korleis ein som liten står på utsida og betraktar og undrar seg over noko som ein ikkje heilt forstår.  Attkjennande er også scener om venskap, det å kome ny til ein plass, tilhøve til søsken og ikkje minst den første gryande kjærleiken. Foreldra si utvikling er også truverdig, frå unge, litt ansvarslause 20-åringar til innsiktsfulle og pålitelege vaksne.

Skodespelarane leverer i denne filmen. Men det vil nok vere Mason vi hugsar. Hovudpersonen spelar utruleg godt både som seksåring og som keitete tenåring.

Ein flott film som eg kosa meg med å sjå. Anbefaler til alle.

Del på facebook
Laurent Tirard:

Petit Nicolas

Cover Petit Nicolas

Petit Nicolas er ein meget sjarmerande familiefilm som har ein forstad i Paris på 1960-talet som bakteppe. Nicolas plukkar opp informasjon og tolkar den som små gutar gjer. M.a. overhøyrer han at det kan bli ein ny ankomst i huset. Dette må jo bety at han skal få eit søsken. Samtidig går det rykte på skulen om eit eventyr, der eldre søsken blir forlatt i skogen for å lage plass til nye barn. Nicolas klekk ut ein original plan for å redde seg sjølv saman med klassekameratane, og heile forstaden får merke det.

Filmen lykkast på ein glimrande måte å sjå omverda frå ståstaden til dei unge gutane, som er fremragande skuespillere med kvar sin personlegheit. Små, morsomme filmklipp viser korleis dei resonnerer i og utanfor klasserommet.  Presentasjonen av dei medvirkande i filmen er eit kunststykke i seg sjølv. Filmen anbefalast på det varmaste for alle som er glad i barn. For barn vil filmen minne om En pingles dagbok. Laurent Tirard står for regien og mykje av manuset. Filmen (frå 2009) er distribuert i Norge med engelske undertekster, men handlinga fortel det meste.

Del på facebook

Åpningstider  sommeren 2018

Mandag 10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av