Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Terrence Malick:

A Hidden Life

Illustrasjon filmen A hidden life

Filmillustrasjon A hidden life

For lang film, men med fire «men» …

Første «men»:

Filmen er basert på ei sann historie, og det gjer alltid filmane meir interessante. Også for å høre korleis det var da, og vart i ettertid. For sjølv om handlinga er lagt til 2. verdskrigen, lever fleire av dei som er portretterte  i filmen om Franz Jägerstätter i dag.

Jägerstätter er ein av dei heller ukjente heltane frå verdskrigen. Etter at Austerrike vart meir eller mindre «tvangsinnmeldt» i Tyskland, måtte alle vernepliktige sverje truskap til «Der Führer». Jägerstätter var ingen pasifist, men nekta å reise handa når han vart kalla til teneste. Ein rein formalitet – og minste motstands veg – for dei fleste, men Jägerstätter sto prinsippfast mot – sjølv om han hadde mor, kone og små ungar som sleit for å overleve på fjellgarden heime.

Andre «men»:

Terrence Malick er ein visuell filmskapar, i motsetnad til mange kjappe, handlingsorienterte regissørar. Filmane er difor alltid nydelege, med flott fargebruk og perfekt komponerte bilete. Her er det berre å nyte for dei som likar det estetiske. Da gjer det ikkje så mykje at filmen er veldig lang. Det går an å sette på pause, lage seg ein te-kopp, gløtte litt ut glaset, mumle eit lett «ja, ja …» og så sette seg ned igjen og trykke «play». 

«A Hidden Life» er fotografert av Jörg Widmer, som også har arbeidd på andre Malick-filmar. Bruk av vidvinkel er overraskande med eit utruleg storslagent landskap, men skapar spennande linjeføring i bilda. Flott levert!

Tredje «men»:

Tyske Widmer er nok eit pluss for filmen, og det same er at Malick ikkje brukar amerikanske skuespelarar. Her er det stort sett «ekte» europearar som spelar kvardagsmenneske, og gjer det truverdig. Hovudrollene har tyske August Diehl og austerriske Valerie Pachner. Filmen vart også den siste til Bruno Ganz, som tidlegare har briljert som Adolf Hitler i «Der Untergang».

Fjerde «men»:

Filmen er meir som ein «bildestraum» som verkar meditativ og resonnerande på dei som ser den. Den tek for seg store spørsmål med grubleria kring kor hardt skal ein stå på sine moralske prinsipp og si tru. Finst det ei grense når ein samtidig veit at det ikkje berre får konsekvensar for seg sjølv, men også andre? Dei fleste finn nok ei slik grense, men gjorde det det for Franz Jägerstätter? Filmen gir svaret … 

Konklusjon:

Fann du eit «men» som skjerpa interessa for å sjå filmen, kan den (fjern)lånast frå ditt bibliotek. Om ikkje, vil nok filmen opplevast som altfor lang for deg.

Del på facebook
Armando Iannucci:

The Death of Stalin

Filmcover The Death of Stalin

The Death of Stalin

Dette er ei komedie om menn som har fått for mykje makt. Eller, meir presist, ei satire, og slik sett kanskje ingen latterbombe for mange.

Men nokon vil humre godt.  Ja, og «umoralsk» ofte, sett ut frå kor svart bakteppet er. Hovudpersonen er av dei aller svartaste i verdshistoria. Det er vel berre Mao, indirekte eller direkte, som har sendt fleire av sine eigne landsmenn «ut av tida», enn Stålmannen (Stalin).

Han blir ikkje i sentrum lenge, for filmen handlar mest om maktkampen som oppstår da han plutseleg dør. Ein av «kamphanane» er den berykta etterretningssjefen Berija, berykta for å forgripe seg på jenter. Og vi møter andre kjente personar som Khrusjtsjov – og, ikkje minst, to av Stalins eigne barn.

Det kan vere greitt å kjenne til nokre av desse, og gjerne også vite kor valdsamt paranoiaen herja i Sovjetunionen på Stalin si tid. Det liknar nok ganske mykje på det som skjer øvst på Koreahalvøya i dag.

Filmen er spekka av herlege absurde situasjonar, avslørande over kor «små» menn gjer seg – og er – og kor utrygge dei kjenner seg.

Dette er ein form for komedie som appellerer til dei som t.d. likte «Javel, herr stadsråd», «Veep» og liknande. Ja, Iannucci var også ansvarleg for dei første sesongane av «Veep». Men «The Death of Stalin» er ikkje fullt så heseblesande – og enno betre!

Anbefalt for alle som har sans for det absurde – og ei viss interesse for verdshistoria på 1900-talet.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av