Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Filmtips

Stephen Frears:

Florence

Florence

Historia i filmen «Florence» utspelar seg i New York i 1944, der den rike arvingen Florence Foster Jenkins drøymer om å bli ei stor operasongarinne, trass i at ho manglar både songstemme og gehør. Inne i sitt eige hovud høyrer ho ei vakker stemme, medan for publikum vert songen hennar heilt forferdeleg og latterleg. Florence har som mål å opptre i den store konsertsalen i Carnegie Hall, og for å oppnå dette er ho viljug til å stå for finansieringa sjølv. På vegen mot målet har ho ein god hjelpar i ektemannen og manageren, som gjer det han kan for å verne kona si frå sanninga. Ektemannen hyrar inn ein ung pianist for å akkompagnere henne, og han får seg litt av ei overrasking under den første øvinga.

Filmen bygg på ei sann historie og sjølvsagt går tankane våre til ei liknande skjebne frå våre eigne trakter – Olga Marie Mikalsen frå Langevåg som også fekk synge i Carnegie Hall.

Meryl Streep spelar hovudrolla og som vanleg frå den dama er det meisterleg og truverdig gjort. Hugh Grant er ektemannen i ei litt uvanleg, men godt spela rolle. Pianisten, spela av Simon Helberg, får på ein morosam måte fram den kinkige situasjonen han er sett i, strevande med eit nærmast umogeleg oppdrag.

Dette er nok ein god, herleg og underhaldande film frå regissøren Stephen Frears.  Han har tidlegare laga fortreffelege filmar som «The Queen» og «Philomena».

Del på facebook
Thea Sharrock :

Me before you

Et helt halvt år

Filmen er basert på suksessromanen «Et helt halvt år». I ein liten engelsk landsby møter vi 26 år gamle Lou Clark. Kjærasten hennar er for det meste oppteken med heseblesande trening og Lou sjølv er nettopp blitt arbeidsledig. Ho jaktar på ny jobb og svarar på ei annonse om å bli ei slags selskapsdame for ein ung mann som er lam frå brystet og ned etter ei bilulukke. Den unge mannen, Will Traynor, tidlegare ein vellukka forretningsmann, er humørsjuk og vanskeleg. Han strevar med livet og vil berre gi opp. Men i motsetnad til familien hans nektar Lou å gå på tå hev og hennar sprudlande humør vert etter kvart vanskeleg å ignorere for Will. Han tinar opp og vert  fasinert av den positive og livsglade Lou. Saman opplever dei ei tid full av forandring, og både livet og hjarta deira, vert endra på ein måte dei aldri hadde trudd skulle vere mogeleg.

Dette er ein varm og inderleg film fylt av romantikk, sentimentalitet og også ein dose humor. Vi må berre gi oss over og la tårene renne.

Svært ofte er det slik at har ein lese boka, vert ein ofte skuffa når ein ser filmen. Men ikkje her, tykkjer eg. Sjølvsagt er viktige ting i boka utelate, men som romantisk  film er dette ein av dei finaste eg har sett.

Del på facebook
Grímur Hákonarson :

Stabukker

Stabukker

I ei avsidesliggande bygd på Island bur brørne Gummi og Kiddi. Dei er naboar og begge driv med sau. I familien har det gjennom generasjonar vore tradisjon med sauedrift og brørne er synleg stolte over dei flotte dyra som har blitt ala fram.

Men Gummi og Kiddi  har ikkje vore på talefot på fleire tiår og heilt nødvendig kommunikasjon dei i mellom vert utført av gardshunden som spring frå den eine garden til den andre med ordknappe meldingar på papirlappar.

Men når skrapesjuka rammar bygda og veterinæren bestemmer at det må bli naudslakt, så raknar kvardagen for desse einstøingane og uvenskapen må leggast til side.

Filmen er på eitt vis ei svart komedie om to sære og sta gubbar. Samstundes er det også ei ærleg framsyning av hardt og tradisjonelt arbeid sett opp i mot det moderne, effektive og rasjonelle. Sjølvsagt veit vi at slakting må til når sjukdom råkar saueflokken. Men vi har stor medkjensle med brørne som ser livsverket gå tapt.

Ein minneverdig film om eit menneskeleg drama. Vi nyt vakker og nær filming av dei to hovudrolleinnehavarane og nydelege sveip over det nakne og forlokkande islandske landskapet.

Islendingane kan dette med å fortelje ei god historie, anten det er i ei bok eller ein film som her. Dei siste åra har vi fått mange flotte historier frå naboane våre vest i havet.

 

 

Del på facebook
Wim Wenders og Juliano Ribeiro Salgado:

Jordens salt

Jordens salt

I mange tiår har den brasilianske fotografen Sebatiao Salgado (71) reist rundt heile verda og teke bilete av konfliktar og menneskeleg liding, men også av det arbeidande menneske og av det utrulege natur- og dyrelivet på planeten vår. Filmen er enkel i formspråket og store delar av han er Salgado sine velkomponerte og vakre, men ofte grufulle fotografi.

Filmen opnar med ein fascinerande sekvens der Salgado kjem flygande inn til ei øy i Ny-Guinea. Han vert teken imot av folka som bur i den avsidesliggande landbyen og fylgjer med dei vidare oppover i fjellet, der han respektfull fotograferer medan dei dansar og held fest. Tilliten mellom fotografen og dei fotograferte er der heile tida. Ein liten gut kjem så tillitsfull og tek fotografen i handa. Salgado smiler roleg tilbake og viser guten fotoapparatet og bileta han har teke – kontakten er der.

Vidare vert vi presentert for Salgados arbeid frå byrjinga på 70-talet og fram til i dag. Han dokumenterer konfliktar, særleg i Afrika. Vi dreg kjensel på ikoniske fotografi som vi har sett tidlegare, men som i alle fall ikkje eg, kjende opphavsmannen til. Bileta er så sterke, at eg tenkjer, no er det nok, eg orkar ikkje meir elende. Og akkurat då, i rett tid, tek filmen opp andre emne som Salgado har arbeidd med, mellom anna arbeidsliv over heile verda. Vi vert presentert for flotte fotografi frå ei enorm gullgruve i Brasil, med tusenvis av arbeidarar. Sølete og sveitte kroppar, som utfører alt arbeid manuelt. Sett på avstand, liknar det ei maurtue.

Filmen endar optimistisk. Salagado si familie eig ein kvegfarm i Brasil. Grunna tømmerhogst og tørke har det frodige paradiset han vaks opp i blitt endra til ein tørr og sandete eigedom utan tre og med mangel på vatn. Ekteparet Salgado set i gong med eit storstilt treplantingsprosjekt. Millionvis av tre vert planta ut på eigedomen og gradvis over år endrar eigedomen karakter og vert igjen det grøne paradiset Salgado vaks opp i. Skogen veks og med den kjem vatnet, plantelivet og dyra tilbake.

Filmen er laga av Wim Wenders og sonen til Salgado, Juliano Ribeiro Salgado. Dette var både ein fæl og vakker film som gjorde eit uutsletteleg inntrykk på meg. Ikkje så rart at han har fått mange filmprisar kringom i verda.

Del på facebook
Florian Henckel von Donnersmarck:

De andres liv

De andres liv

Vi er i Aust-Tyskland i 1984 nokre år før regimet raknar. Vi møter Stasi-kapteinen Gerd Wiesler som får som oppgåve å overvake ein kjend og tilsynelatande politisk korrekt dramatiker, Georg Dreyman. Han skal søke å finne bevis for kriminell verksemd, dvs. antisosialistisk arbeid retta mot den austtyske staten. Wiesler kjenner ikkje til at bakgrunnen for overvakinga er at kulturministeren ynskjer å kunne fengsle dramatikeren for å kunne stele kjærasten hans. Wiesler vert også freista med at han skal bli forfremma dersom oppdraget vert vellukka. For den einslege Stasi-agenten som ser ut til å vere utan privatliv, opnar overvakinga ei verd full av kunst, kjærleik og ein anna måte å leve på, seg. Kapteinen har heile tida vore ein trufast og effektiv offiser, men etter kvart får han ein viss sympati med dei han er sett til å overvake.

Filmen har blitt kritisert for gi eit urealistisk og altfor positivt framstilling av Stasi-overvakarane. Men for meg var dette er ein fengslande film som teiknar eit tilsynelatande truverdig bilete av systemet i Aust-Tyskland - eit gjennom overvaka samfunn der Stasi kunne etterforske kven som helst for kva som helst.

Del på facebook
Matthew Warchus :

Pride

Pride

Snakk om kulturkollisjon! Homse-London møter streikande walisiske gruvearbeidarar. Vi er tilbake i 1984 under Margaret Thatcher si beinharde regjeringstid. Streikar og nedlegging av gruveindustri pregar landet. Gruvearbeidarane streikar i månadsvis og mange familiar slit med å få endane til å møtest.

«Pride» er basert på ei sann historie om ei gruppe homofile aktivistar som samlar inn pengar til gruvearbeidarane og familiane deira. Dei  identifiserer seg med arbeidarane sin kamp mot overmakta og etablerer aktivistgruppa «Lesbians and Gays Support the Miners». Gruppa slit med å finne nokon som ønskjer å ta imot pengane. Til slutt får dei kontakt med eit gruvesamfunn i Wales og ein fargerik gjeng frå London fyller opp minibussen for sjølve å overrekke dei innsamla pengane. Det vert litt av eit møte på forsamlinghuset i den vesle gruvelandsbyen.

Filmen er ei varm forteljing om samhald og solidaritet, og om korleis ein felles kamp kan hjelpe å bryte ned fordommar. Dette er i høgste grad ein politisk film, både om den lange og harde gruvearbeidarstreiken og om dei homofile sin kamp på 80-talet. Men dette er ingen dyster og trist film, det er ein skikkeleg artig film som varmar om hjerterota.

Skodespelararne er utruleg gode, som vanleg i britiske filmar. Særleg må Imelda Staunton og Bill Nighy nemnast. Eg har sett dei i mange gode roller tidlegare og i denne filmen er dei svært sjarmerande som dei fremste forkjemparane mot fordommar i den vesle gruvelandsbyen.

 

Del på facebook
Richard Linklater:

Boyhood

Boyhood

I denne filmen fylgjer vi guten Mason frå han er 6 år fram til han er 18 og flyttar heimafrå. Det spesielle med denne filmen er at dei same skodespelarane gjennom heile filmen spelar dei ulike rollene. Opptaka er såleis gjort over ein periode på heile 12 år.

Mason er altså seks år når vi møter han første gongen, ein undrande, skjønn gut. Han bur ilag med søstera, som er eit par år eldre og mor som er åleine om omsorga. Far dukkar opp etter kvart – ein sjarmerande, guteaktig og kanskje litt umoden type. Men absolutt omsorgsfull, noko som den unge mora også er. Mor er ei vakker, ung kvinne som har ein tendens til å rote seg borti feil typar. Men etter kvart tek ho grep om livet sitt og byrjar på skule for å ta utdanning.

I gode og vonde dagar  fylgjer vi Mason og familien hans. Dei flyttar, foreldra giftar seg opp att på kvar sin kant, det vert skilsmisse, nye familiekonstellasjonar, kranglar og vald. Og midt oppi det heile Mason som ser ut til å takle desse opplevingane og som  utviklar seg til å bli ein reflektert ung mann.

Det er ein flott film om oppvekst dette  her. Vi kjenner oss så godt igjen – både korleis ein som liten står på utsida og betraktar og undrar seg over noko som ein ikkje heilt forstår.  Attkjennande er også scener om venskap, det å kome ny til ein plass, tilhøve til søsken og ikkje minst den første gryande kjærleiken. Foreldra si utvikling er også truverdig, frå unge, litt ansvarslause 20-åringar til innsiktsfulle og pålitelege vaksne.

Skodespelarane leverer i denne filmen. Men det vil nok vere Mason vi hugsar. Hovudpersonen spelar utruleg godt både som seksåring og som keitete tenåring.

Ein flott film som eg kosa meg med å sjå. Anbefaler til alle.

Del på facebook
David Fincher:

Gone Girl

Gone Girl

Skal du sjå ein spennande, overraskande, velkomponert  og utruleg bra film så bør du velje denne! På den femte bryllaupsdagen sin melder Nick Dunn at den vakre kona hans, Amy, er forsvunnen. Under press frå politiet og eit veksande mediesirkus utan like, byrjar Nick si framstilling av eit lykkeleg ekteskap å slå sprekker. Han vert tatt i løgn og oppfører seg også på ein merkeleg måte. Dermed må etter kvart alle rundt han, både politi, familie og naboar stille seg spørsmålet - er det Nick som har drepe kona si? Også vi som ser på lurer – kva har eigentleg skjedd?

På meisterleg vis får den kjende regissøren David Fincher oss som tilskodarar med på ei underhaldande spenningsstund, og vi vert stadig overraska over nye vendingar i saka. Ved bruk av stadige tilbakeblikk, fortalt av Amy i si eiga dagbok, får vi eit innblikk i korleis ei fantastisk forelsking går over til å bli eit grått og traurig ekteskap. Vi vert emosjonelt engasjert og føler sympati med stakkars Nick, samstundes som vi synes han er ein skikkeleg tufs.

Skodespelarane gjer ein framifrå jobb, både Ben Affleck som Nick og Rosamund Pike som Amy. 

Filmen bygg på den internasjonale bestseljaren «Flink pike» av Gillian Flynn og er ein svært vellukka film som maktar å halde både på den mørke stemninga og beiske humoren i historia – og ikkje minst mystikken og spenninga underveis.

Del på facebook
Steve McQueen:

12 years a slave

12 years a slave

Denne filmen bygg på ei sann historie frå 1850-åra om Solomon Northup, ein fri svart mann frå New York. Han vert kidnappa og seld som slave til sørstatane.  Som slave på bomullsplantasjar vert både han og medslavane utsett for nådelaus mishandling, trakassering og overgrep.  Ganske ufatteleg for oss i dag, men slik var det. Menneskesynet vi vert vitne til verkar vanvitig, og det gjer vondt å sjå kva slavane vert utsett for. Han møter også ei viss velvilje hos nokre kvite menn, for nytt syn på slaveriet har byrja å nå sørstatane også.

Dette er ei svært sterk historie om ein sterk mann som ikkje gjev opp håpet om eingong å bli fri og få vende heim til familien sin i nord.

Filmen gjer deg sint, frustrert og sjokkert. Det skjer deg i hjertet å sjå dette krutsterke slavedramaet. Hovudrolla er utruleg godt spelt av Chiwetel Ejiofors.

Del på facebook
Torun Lian:

Victoria

Victoria

Victoria er filmen basert på den kjende kjærleiksromanen «Victoria» av Knut Hamsun.

Victoria og Johannes veks opp saman. Ho er den vakre og uoppnåelege dottera til godseigaren og han er den fattige møllarsonen. Dei elskar kvarandre djupt og inderleg, men presset frå faren får Victoria til å velje den rike friaren Otto framfor fattige Johannes.

Mange av oss kjenner så godt til denne kjærleiksromanen frå før. Eg har lese boka og høyrt ho på lydbok, og har vel visse forventningar til filmen og korleis Victoria og Johannes vert framstilte. Og forventningane vert innfridd til fulle. Dette er ein vakker og gripande kjærleiksfilm. Godt spelt av både Jakob Oftebro som Johannes og Iben Akerlie som Victoria. Dei er heilt annleis enn det biletet eg hadde laga meg av dei to hovudpersonane – men det gjer ingen ting  - for dei ER Victoria og Johannes. Filmen er spela inn i Sør-Sverige, i eit landskap heilt ulikt landskapet i romanen, der handlinga er lagt til Nordland. Først blei eg litt skuffa, men så gjorde det ingen ting. For det frodige og vakre sommarlandskapet er med på å bygge opp under det dirrande kjærleiksdramaet.

Dette er ein utruleg vakker film med driv og brei appell. Ei flott filmoppleving anten ein er velkjend med romanen frå før eller aldri har lest boka.

Del på facebook

Åpningstider  sommeren 2018

Mandag 10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av