Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem
Audbjørg Gjerde Lippert:

Zapping

Zapping

Etter å tidlegare vore tilgjengeleg berre i e-bok-format, vart Audbjørg Gjerde Lipperts bok Zapping utgitt i papirform i år. Dette har nok gitt boka mange nye lesarar. Og det fortener ho!

 

Celine besøker si demente mor på sjukeheimen. Mora er kun glimtvis medviten, og ho har det aller best når dottera er på besøk. Her blir Celine gjort merksam på eit manuskript i nattbordsskuffa til mora. Til si store forundring innser ho at teksten handlar om ei som heiter det same som ho sjølv, at ho har den same venninna, Siv som Celine har vore venn med i det verkelige liv. Kvinna i mora si historie møter og mannen sin under ei feriereise saman med Siv i Frankrike, akkurat som Celine gjorde då ho var i trettiåra. Den ytre ramma stemmer perfekt. Men handlingsforløpet elles, og ikkje minst kjenslene til Celine, har mora henta frå si eiga oppfatning av dottera sitt liv. Gradvis svinn mora frå Celine, og det går den vegen ho har visst at det vil gå. Det den sørgande dottera har att etter barndommen er det gule huset, som har stått uendra så lenge mora har budd der. Det gule huset rommar fortid og barndom. Men kvar vil Celine no, etterpå? Kva er hennar framtid? Mesteparten av dei 211 sidene i boka er via manuskriptet som mora har skrive. Som i boka Kommer før lunsj, får vi også her bli med til Paris. Det er ikkje tvil om at Lippert har inngåande kjennskap til både byen, menneska og språket. Kor mykje av mora sin versjon av Celine sitt liv som faktisk stemmer, får vi ikkje vite, men eg sit att med ei kjensle av at mora sine observasjonar kan ha vore nesten skarpare enn Celine sine eigne. 

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av