Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Verdensteater

Thomas Reinertsen Berg:

Verdensteater

Verensteater

Kva er eit kart, og korleis blei verda teikna og oppfatta gjennom historia? Karta som fortidas menneske laga er konkrete uttrykk for kva dei den gang visste om verda og korleis ho så ut. Før kart blei allemannseige og i dag integrert i mobiltelefonen, var dei ofte vakre, forseggjorte og handfarga, og i ei periode hang dei stort sett berre på veggar i velståande heimar. Denne boka er den første norske boka om karta si historie, frå mystiske symbol i steinalderen til flyfoto og satelittbilder og Google Earth. Boka er svært detaljrik og ein fryd for auget. Kvaliteten på boka er av ypparste klasse, både når det gjeld utsjånad og innhald. Undervegs treff vi geografar og oppdagingsreisande saman med heller ukjende heltar i karthistoria. Den offisielle kartlegginga av Norge starta i 1779 da to offiserar sette opp måleapparata sine utanfor festninga i Kongsvinger, og historia om Norge og nordområda går som ein ein raud tråd gjennom heile boka. Her får vi verkeleg lære den ukjende historia om korleis Norge langsamt kom på kartet.

Dette er ei usedvanleg vakker bok, full av vakre kart, og som på ein flott måte oppsummera meir enn tre tusen års arbeid for å kartlegge verda.

Boka blei i år kåra til vinnar av Brageprisen – sakprosa. Juryen grunna kåringa mellom anna slik: »Med boken Verdensteater har journalisten og skribenten Thomas Reinertsen Berg skapt en tour de force i kartenes historie i verden. Boken er usedvanlig flott illustrert, med kart som viser ulike måter å se verden på, fra greske spekulasjoner til middelaldersk tro, fra renessansens forsøksvise vitenskapelige kartlegging til vår digitale samtid med lynkjapp informasjonshenting. En utsøkt og særegen sakprosabok».

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av