Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Tung tids tale

Olaug Nilssen:

Tung tids tale

Tung tids tale

Det er Olaug Nilssens eigen sønn det handlar om her. Han var i utgangspunktet akkurat som alle aldre. Språkutviklinga var normal, han var endå til tidleg ute med å lære seg songar og stadig nye ord.

Men så stoppar utviklinga opp på alle plan. Den går til og med tilbake. Orda forsvinn, og den vesle guten endrar karakter. Guten deira har fått stempelet "annaleis" og diagnosen er autisme. Rådville og fortvilte foreldre startar ein desperat kamp mot ulike instansar der dei hadde håpt at dei ville få støtte. Men i staden for å oppleve å bli tatt på alvor, vert det stilt spørsmål ved om deira sak er alvorleg nok til  å oppfylle diverse krav. Hovudfokus blir kvar guten si diagnose kan plasserast i systemet for å utløyse midlar. Det at Nilssen velger romanforma for å fortelje ei sann historie er nok i hovudsak for å skåne sønnen, som ikkje har muligheit til å fortelje sin versjon. Romansjangeren opnar også opp for å skildre kjensler på ein annan måte enn ei faktabok eller ein biografi. Og kjenslene spelar ei viktig rolle i denne beretninga, forståeleg nok. Dei ligg utanpå sidene i tjukke lag når vi les, og understrekar kor åleine familien kjenner seg, i tillegg til mellom anna fortvilinga over å bli fysisk mishandla av sitt eige barn. For slag, spark og bitt frå sitt eige barn blir ein del av det mora må tole som del av sin nye kvardag. Korleis kan ein takle slikt? Når kan ein slutte å kjempe? Gir ein opp, eller aksepterer ein situasjonen? Kvar går grensa der? Tittelen er som kjent henta frå Haldis Moren Vesaas' dikt, kor det står. "Det heiter ikkje: eg - no lenger. Heretter heiter det vi." Ein kan lese boka som ei hjelp for foreldre i liknande situasjonar, og som ein skarp kommentar til hjelpeapparatet. Boka vart nominert til Brageprisen 2017.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av