Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Jeg er forbudt

Anouk Markovits:

Jeg er forbudt

Jeg er forbudt

Boka startar i Transylvania i 1939. Under jødeforfølgingane klarer ei kristen hushjelp å redde den 5 år gamle jødiske guten Josef. Nokre år seinare klarer Josef sjølv å redde den vesle jødiske jenta Mila som må sjå foreldra sine bli drepne under flukt. Mila får ein ny heim hos den ortodokse rabbinarfamilien Stern, der ho veks opp i lag med den jamgamle Atara og alle småsyskena hennar. Etter som åra går og jentene vert eldre, utviklar dei seg på ulikt vis.  Mila fordjupar seg meir og meir i jødedommen, giftar seg og held fast på dei strenge tradisjonane i det ortodokse miljøet. Atara derimot fjernar seg frå jødedommen og søkjer mot kunnskap og utdanning.

Det er spennande å fylgje historia om Mila og Atara og familien deira frå Transylvania under krigen, til etterkrigstida i Paris og fram til Brooklyn i dag.  Dette er ei varm, levande og lettlest bok som engasjerer lesaren. Det er ei slektshistorie om samhald og redning, men også om fordømming og om å bli kasta ut når du ikkje rettar deg etter reglane i miljøet. Det lærerikt å få kjennskap til eit slikt spesielt og framand miljø – den ortodokse jødedommen, deira tru, tradisjonar og levesett. Skildringa av dette miljøet har også overføringsverdi til vårt samfunn i dag, til andre strenge religiøse miljø der jenter må innordne seg.

Forfattaren vaks sjølv opp i ei ultra-ortodoks jødisk familie i Frankrike. Ho braut med familien for å unngå eit arrangert ekteskap og flytta til USA. Ho har såleis inngåande kjennskap til det spesielle miljøet ho skildrar i boka si.

Del på facebook

Sommeråpningstider 2019:

Mandag  10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av