Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > En trettimeters reise

Richard C. Morais:

En trettimeters reise

Bokomslag, En trettimeters reise

Denne boka kan absolutt karakteriserast som ein feelgood-roman, for smilet sit laust mellom sidene. Vi følgjer eit ungt, kulinarisk geni, Hassan Haji, på ei reise gjennom eit mangefarga, kulinarisk landskap.

Restaurantfamilien Haji vel å forlate Mumbai i India når mora dør i ei tragisk ulykke. Første stopp blir England, for ei kulinarisk “akklimatisering”, før dei et sin veg gjennom Europa og endar i den lille franske byen Lumiere. Der opnar dei restauranten Maison Mumbai. Men på andre sida av gata, tretti meter unna, ligg den berømte og elegante restauranten til Madam Mallory. Det seier seg sjølv at her er det duka for konfliktar!
Madame oppdagar til sin fortvilelse at Hassan Haji er eit geni og eit naturtalent på kjøkenet. Han har ein “smakspalett” det knapt finnes makan til i heile verda og ho prøver å kapre han over til sin eigen restaurant. Vil ho lukkast? Eller vil Hassan ta med seg sine høge kulinariske ambisjonar og søke lukka andre stadar? Det kan du berre finne ut ved å lese denne herlege boka.

Og du må ikkje vere korkje gourmet eller gourmand for å glede av ho. Det held at du likar ei god bok!

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av