Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Den tolvte mann

Tore Haug og Astrid Karlsen Scott:

Den tolvte mann

Den tolvte mann

Troms, 1943. Tolv menn legg ut frå Shetland med kurs for Troms fylke. Oppdraget er å sabotere tyskarane si spaning av skipsleia mot nord, der det vert frakta våpen til Sovjet. Sovjet er under angrep, og Vesten er avhengig av at ikkje det mektige landet vert nedkjempa. Men kutteren med dei tolv ombord når aldri fram til destinasjonen. Tystarar gir okkupasjonsmakta høve til å senke båten. Dei av mannskapet som overlever vert fengsla, alle med unnatak av ein mann. Jan Baalsrud klarer å rømme, og med marginalt forsprang klarer han å unnsleppe. 

Du har kanskje sett filmen Den tolvte mann, som hadde kinopremiere første juledag? Då er du i så fall godt informert om skjebnen til desse handplukka mennene, og spesielt om den heltemodige flukta til Baalsrud. Kanskje har du også lese boka Ni liv som David Howart skreiv i 1955, og som vart filmatisert to år seinare. Då har du nok eit litt mangelfullt bilete av dei som Baalsrud sjølv utpeikte som dei ekte heltane, nemleg dei som hjalp han under flukta, vel vitande om at om dei vart oppdaga, venta den visse død. Utan deira innsats, hadde han ikkje hatt ein sjanse. Samtidig visste dei at om Baalsrud klarte seg, ville det gi håp i ein håplaus situasjon. Men om du les Tore Haug si beskriving av denne hendinga, får du ikkje berre eit mykje meir heilskapleg bilete av operasjonen og bakgrunnen for denne, men også ei usminka og meir inngåande skildring av menneska som var involverte. Grusomheitene dei fengsla mennene måtte gjennomgå før dei vart henretta er også tatt med. Som Haug sjølv seier i forordet: "Vår hensikt har vært å hedre deres minne ved å gi et lite innblikk i hva de måtte gjennomleve før livet ble tatt fra dem." Dramatisk overdriving og oppdikting har ikkje forfattaren hatt behov for å tenke på. Historia er dramatisk nok i seg sjølv. Det skal godt gjerast å ikkje la seg imponere og fascinere av Baalsrud og hans hjelparar. Imponerande er også research-arbeidet som har vore gjort for å få fram dei faktiske hendingane. Det er ikkje få intervju og rekonstruksjonar som har vore gjort for å kunne gi eit så korrekt bilete som mulig, og ikkje minst for å yte rettferd til dei mange som risikerte livet for å hjelpe ein landsmann. 

Del på facebook

Åpningstider 

Mandag -Torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av