Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne > Dei sju dørene

Agnes Ravatn:

Dei sju dørene

Dei sju dørene

Den som har lest Ravatns forrige roman, Fugletribunalet, har nok skyhøge forventningar idet ei ny bok av denne interessante forfattaren er utkomen. Fugletribunalet har heilt klart mykje av den psykologiske thrilleren i seg. I Dei sju dørene går Ravatn lange steg i retning av krimsjangeren. 

Men her er ingen mannleg politietterforskar med journalistkone, noko ein får inntrykk av er viktige ingrediensar i mange krimromanar. Vi møter Nina, som nærmar seg slutten av si yrkeskarriere som litteraturvitar ved Universitetet i Bergen. Ein uttale ho kjem med skaper overskrifter i avisene. «Politiarbeid er for viktig til å overlatast til politiet.» Ho meiner litteraturvitarar har betre evne til å analysere og sette seg inn i ulike menneskes tankar  og gjerningar. I samband med utbygging av Bergensbanen er det fatta vedtak om at Ninas barndomsheim, der ho har budd saman med ektemannen Mats i over 30 år, må rivast. Dei kunne flytta inn i huset Mats arva etter ei tante, men dottera Ingeborg treng også nytt hus til seg og familien, då dei har fått skjeggkre. Problemet er at Mats leiger ut huset til ei ung åleinemor. Etter at Ingeborg gjer det klart for åleinemora at ho ikkje lenger er ønska i huset, pakkar ho kjapt saman og flyttar midlertidig inn hos foreldra sine. Men så blir ho meldt sakna berre eit par dagar seinare.Nina får umiddelbart skuldkjensle, og engasjerer seg i saka. Det kan vere at ho i ettertid skulle ønske at ho aldri hadde opna dørene inn i det ukjende.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag - torsdag  10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av