Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Gaute Heivoll:

Himmelarkivet

Himmelarkivet

Gaute Heivoll har skrive mange sterke bøker , m.a. «Over det kinesiske hav» som kom i 2013. Bøkene hans har gjort inntrykk på meg og eg har likt dei svært godt. I sommar las eg dokumentarromanen «Himmelarkivet» som blei utgitt  i 2008 – ei bok som er like aktuell i dag og vil vere det i mange år framover.

Vi har høyrt og lese så mange historier om krigen, men dette var ei litt annleis og gripande forteljing som eg seint vil gløyme. Louis Hogganvik vart i januar 1945 arrestert av Gestapo og ført til hovudkvarteret deira «Arkivet» i Kristiansand. Årsaka  til arrestasjonen var truleg rykte om at Hogganvik forderva ungdommen med sine uttalte kommunistsympatiar. Ni dagar seinare tek han sitt eige liv ved å svelgje bitar av madrassen han søv på. Familien som sit igjen heime får ikkje vite noko. Dei trur at Louis er sendt vidare til Grini og går heile tida heime og ventar i spenning. Då freden kjem i mai trur kona og borna hans  at han vil kome heim frå fangenskap kva dag som helst. Først utpå sommaren får dei dødsbodskapen.

Forfattaren kom tilfeldigvis over historia om Louis Hogganvik og byrja å grave i kva som skjedde i løpet av dei ni dagane på «Arkivet». Då Louis blei arrestert var han ein frisk og sunn mann på 58 år. Få dagar seinare var han eit menneskeleg vrak. Kva er det som får eit menneske til å kvele seg sjølv – og så på den måten? Og kvifor ville tyskarane skjule det som hadde hendt? Korleis var det med dei heime, kona Teodora og dei to vaksne døtre, Birgit og Anna. Dei sit igjen med så mange spørsmål utan svar og får heller ikkje ei grav å gå til.

«Himmelarkivet» handlar også om korleis boka vert til og problemet forfattaren har med å fortelje historier som tilhøyrer andre.  Møtet med Birgit, dottera til Louis Hogganvik, får forfattaren til å reflektere over eiga familiehistorie. Tilhøvet til far og besteforeldre, som alle er borte. Og til kjærasten og sonen som kjem til verda medan forfattaren slit med å fortelje Hogganvik si historie.

«Himmelarkivet» er ein stillfaren, tankefull og fint fortalt roman som eg varmt kan anbefale.

Del på facebook
Trude Lorentzen:

Mysteriet mamma

Mysteriet mamma

Mia er ei aktiv, glad og vel fungerande  mor som heilt uventa vert psykisk sjuk og tek livet sitt. Dottera Trude er 15 år då dette hender. I dag er Trude vaksen, journalist i Dagbladet og er sjølv blitt mor. Tankane byrjar å melde seg – vil det same skje med henne som med mora, er ho spesielt utsett, og kva skjedde eigentleg den gongen for 25 år sidan? Trude reiser på besøk til far som ho flytta til etter sjølvmordet. Kassene frå mor og Trude sin heim blei pakka  i hui og hast og sett på loftet der. Sidan den gongen har dei ikkje vore opna.  Brødkorga, tigerdressen til mor – alt ho pakkar opp får fram minna. Vi får høyre historia om den vesle familien på tre, mor, far og Trude. Velutdanna foreldre som vert skild  då Trude er 3 år, men som likevel har kontakt og deler foreldreansvaret på ein god måte. Glimt  frå barne- og ungdomsår vekslar med Trude sine undersøkingar i dag. Ho snakkar med slekt og vener av mor og med fagfolk og prøver å forstå meir. Og vi som lesar forstår meir – både om psykisk sjukdom – og ikkje minst kor tøft det er for ein ung pårørande. Dette er ei varm, engasjert, trist og samstundes spanande bok som eg kan anbefale til mange. Ho er velskriven, lettlest og ikkje minst vanskeleg å legge frå seg.

Del på facebook
Mona Høvring:

Camillas lange netter

Camillas lange netter

Camilla i tittelen og jeg-fortelleren i boka er Camilla Collett. Forfatteren Mona Høvring har lest "I de lange netter" av Camilla Collett og ble inspirert til å skrive sin versjon av boka.

I denne lille romanen får vi høre biter av den eldre Camilla Collets fortellinger fra eget liv. Camilla var søvnløs og skrev om natten. Skrev dagbok stilet til andre søvnløse. Hun forteller om en lykkelig og fri barndom i Kristiansand og på Eidsvoll i lag med 4 søsken, hvor eldstebroren er Henrik Wergeland. Barndommen tar slutt, når brødrene drar på skole i Christiania og Camilla forstår, at jenters framtid er å bli gifta bort. Camillas ungdom blir en ventetid i ensomhet på Eidsvoll og tid for å gruble over egen og andre kvinnens skjebne. 4 menn preger livet hennes: faren med de mange evner og ønsket om å bli biskop. Broren Henrik, uregjerlig, oppfinnsom og kjærlig. Johan Sebastian Welhaven som hun er betatt av i 7 år - og Jonas Collett som hun gifter seg med. Alle er engasjerte i tidens samfunnsdebatt. Faren og Henrik står på den ene siden, Welhaven og Collett på den andre. Det smertelige resultatet av dette er, at Camilla slutter å ha kontakt med broren.

Mona Høvring ble inspirert av å lese: "I de lange netter" og skrev: "Camillas lange netter" - Jeg som leser ble inspirert til å gå tilbake til Camilla Collett selv og har nå lest: "l de lange netter" og biografien av Siri Senje: Biografien om Camilla Collett, stemmen fra " de stummes leir". Gyldendal, 2009.

I 2013 markerte vi 200 året for Camillla Collett sin fødsel og samtidig 100 året for innføring av stemmerett for kvinner. Hun klarte å bli forfatter i en tid da kvinner ikke skulle synes. Og hun skrev om kvinneliv slik hun opplevde det. Slik blev hun en inspirator for kvinnesaken, som vokste fram på slutten av livet hennes. La oss bli inspirert av Camilla Collett før vi kaster oss inn i enda en historisk markering av et jubileum her i 200 året for 1814 og den første norske grunnloven - uten kvinners stemmerett.

Del på facebook
Linda Eide:

Oppdrag Mottro

Oppdrag Mottro av Linda Eide

I 2002 nærma Linda Eide, kjend journalist og programleiar i NRK (Norsk attraksjon), seg deadline på spalta si i Bergens Tidende. I rein desperasjon ringde ho mor si og spurde korleis forhold hun hadde til Elvis. Mange telefonsamtalar og mange år seinare vart intervjua til bok. Boka er krydra med bilete frå familiealbumet, samstundes som Linda sjølv har skrive ei lita innleiing til kvart kapittel. Fornøyeleg lesing som gjev oss innsikt i livet til mora og til "gamle dagar".

Del på facebook
Herman Lindqvist:

Madame Pompadour

Omslagsbilde til boka "Madame Pompadour" av Herman Lindqvist

Svenske Herman Lindqvist, egentlig journalist med utenriksstoff som spesialfelt, er nå produktiv forfatter på heltid. Han skriver helst biografier og andre historiske verk.

Biografien om madame de Pompadour føyer seg fint inn i rekken av interessante og ikke minst underholdende bøker av Herman Lindqvist. Madamen, som ble født i Paris i 1721, het egentlig Jeanne Poisson og var av borgerlig herkomst. Moren var kjent som en av de vakreste damene i Paris og med et temperament som ”fire djevler”… Det virker ikke som Jeanne arvet det heftige temperamentet,  men utseendet hennes skal ha vært slående vakkert. Hun ble plassert i klosterskole som 5-åring og fikk en mangfoldig og bred utdannelse, helt etter datidens krav til unge damer av det høyere borgerskap. Ved hjelp av et gunstig giftermål kom hun i kontakt med adelen, og da kong Ludvig XV fikk øye på henne, var hennes skjebne avgjort.

Ettertiden kjenner henne som kongens elskerinne gjennom nesten 20 år.  Takket være skjønnhet, intelligens, sjarm og ambisjoner fikk hun så stor innflytelse over kongen at det i flere år faktisk var hun som styrte Frankrike.

Herman Lindqvist er en ypperlig forteller og gir et fascinerende innblikk i livet ved  hoffet i Versailles og i fransk historie på 1700-tallet.

Del på facebook

Sommeråpningstider 2019:

Mandag  10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av