Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Anne-Catrine Riebnitszky:

Orkansesongen og stillheten

Orkansesongen og stillheten

I denne romanen møter vi presten Monika og forsvarsadvokaten Beate. Presten skal på reise til Guatemala og advokaten er i sorg etter at mannen døde i ei traffikkulukke.

Dette er ei lettlest og underhaldande bok. Frå omslaget heiter det: "labyrintisk og levende, lett og lekende. En feelgoodroman med mening" (Berlingske Tidende).

Den danske forfattaren Riebnitzsky er utdanna frå den danske forfattarskulen og som språkoffiser i russisk. Orkansesongen og stillheten er den tredje boka hennar.

God bok!

Del på facebook
Åshild Ulstrup:

Galskap og eventyr

Galskap og eventyr

Likar du å lese biografiar? Då har vi eit tips:

Åshild Ulstrup er fødd i 1934 og har arbeidd som journalist og radiomedarbeidar. Ho er særleg kjend for dei personlege intervja  i  radioprogramma «Sånn er livet», «På livet laust» og «Middagsstunden».

I denne biografien fortel ho om livet sitt og med fokus på barndommen sin. Ulstrup vaks opp i Valen i Sunnhordaland. I denne bygda fanst det eit asyl. Halvparten av innbyggarane i Valen var pasientar på asylet.

Frå baksideteksten på boka: «Ulstrup går tilbake til ein uvanleg barndom i ei bygd med mangfald av liv og lagnader, landskap og opne dører, ein barndom med både galskap og eventyr.»  Boka gir innsikt i livet hennar og familien hennar.

Journalist Ulstrup skriv veldig godt. Ho skriv om arbeid og slit, fest og kvardag, liv og død. Ho skriv «på livet laust» ; på ein ærleg, direkte, klok og uredd måte : «sånn er livet».

God bok!!

Del på facebook
Judith Hermann:

All kjærlighets begynnelse

All kjærlighets begynnelse

Kunne du tenke deg å lese ei bok om «ein stalker»? Den som «stalkar» er sjukleg og tvangsmessig oppteken av ein annan person. I denne romanen møter vi den 37 år gamle sjukepleiaren Stella som blir stalka av Mister Pfister. Stella er gift med Jason og har dotra Ava. Mister Pfister bur i nabolaget og prøver å få kontakt med Stella med ulike metodar. Han ringer på døra og puttar lappar i postkassa til Stella.

Den tyske forfattaren JudithHermann er fødd i Berlin i 1970. Ho har eit reinskore og presist språk i denne romanen. Ho er dyktig til å bygge opp spenning . Ho er også dyktig til å bygge opp persongalleriet. «Judith Hermann har skrevet en roman om kjærlighetens krav og grunnvilkår» heiter det på baksida av boka.

For meg var møte med forfattar Judith svært positivt! Ei velskriven bok på 174 sider som eg gjerne kan anbefale!!

Del på facebook
Ian McEwan:

Barneloven

Barneloven

Ian McEwan  har eit stort og spennande forfattarskap . Han blir mykje lest.

Den nye boka hans frå 2015 med tittelen «Barneloven» Originaltittel: «The childrens act» kan gjerne anbefalast! I romanen møter vi høgsterettsdommar Fiona Maye som arbeider for familieretten i London. Ho er ein dyktig og engasjert jurist som arbeider med krevjande saker.

I jobben blir Fiona konfrontert med ein kreftsjuk  17åring. Møte med Adam er viktig i boka. Privat har ho vore lukkeleg gift med same mann. Men som kjent blir det ikkje romanar av lukke som varer..Mannen flyttar ut. Det handlar her om utruskap. Korleis skal det gå på jobben og korleis skal det gå med ekteskapet for  Fiona?

McEWan har skrive bøker som har vore meir velskrivne f.eks «Lørdag» og «Om forlatelse», likevel - «Barnelovene» er ei engasjerande og god bok synes eg!!

Del på facebook
Philippe Claudel:

Grå sjeler

Grå sjeler av Philippe Claudel

I denne boka skal vi til Frankrike og til tida omkring første verdskrig. Denne krigen var ein brutal, langvarig skyttergravskrig. Det er ei dyster stemning som pregar boka. Vi møter ein eg-person som fortell ei historie. Forteljaren ser seg tilbake og skildrar den dramatiske hendinga i den franske byen V. då ei ung jente vart drepen. Han kretsar heile tida rundt affæren som mordet blir omtalt som. Samstundes er forteljaren sterkt prega av si eiga personlege historie. Kona hans døydde under fødselen medan barnet overlevde. Å skrive er for han eit slags sorgarbeid.

Personane i boka av Philippe Claudel er beskrivne i ein slags gammaldags stil. Ein av hovudpersonane i boka, ein av dei grå sjelene, er Destinat, statsadvokat i V. i over 30 år. Han sender kvar dag menneske til skafottet. Han bestemmer over liv og død. Men også han skjuler noko: han har ei mjuk sjel med ein tvetydig kjærleik til tre kvinner: kona som døydde like etter bryllaupet, kroverten si dotter som vart drept og den vakre lærarinna Lysia.

Ei sentral problemstilling i boka er maktmisbruk og korrupsjon. Spørsmål om skuld og ansvar er det også søkelys på . ”Men ingenting er enkelt. Det er bare engler og helgner som aldri tar feil” heiter det på s. 97.

Del på facebook
Anya Ulinic:

Petropolis

Petropolis av Anya Ulinic

I denne boka skildrar forfattaren korleis den halvt jødiske, men totalt areligiøse, halvt svarte, men kulturelt heilt russiske Sasja veks opp i den triste byen Asbest 2 og seinare reiser som postordrebrud til Amerika der ho m.a. finn att far sin. Sasja er hovudpersonen i boka, og i starten av boka er ho 14 år og året er 1992.

Ho lever saman med mor si som er sjefsbibliotekar i Asbest. Faren forlet familien då Sasja var 9-10 år. Mora har gitt opp at  dotra skal danse ballett eller drive med musikk. På kunstskolen finn Sasja eit miljø ho kan trivast i. Som 15 åring blir Sasja mor til Nadja. Mormor Ljubov tek seg av Nadja og sender Sasja avgarde for studere kunst. Sasja blir fråteken morsrolla, og seinare har ho skuldkjensle fordi ho ikkje har morskjensle. Dette blir beskrive på ein gripande måte utan at boka blir sentimental. Studiane går ikkje så bra og Sasja reiser til Amerika for å prøve lykka og å  leite etter far sin.

Historia om Sasja, som hadde ein tøff start på livet, men som klarer seg godt, er skriven på ein enkel og direkte måte. Boka har ei blanding av satire, farse og hjarteskjerande realisme.

Merete Røsvik Granlund omtalar boka i Dag og Tid: "Ein amerikansk suksessroman om tøffe, russiske realitetar har blitt ein etnisk tilpassa versjon av den amerikanske draumen."

Dette er debutboka til russiske Anya Ulinic som er fødd i 1973 og som utvandra til Amerika saman med familien sin som 17-åring.

Eg håpar Ulinic kjem med fleire bøker!

Del på facebook
Richard Yates:

Påskeparaden

Påskeparaden av Richard Yates

Har du lyst å lese ein moderne tragedie frå forrige århundre?

”Ingen av Grimes-søstrene skulle få et lykkelig liv, og i ettertid virket det som om problemene begynte da foreldrene ble skilt” heiter det i den fyrste setninga i boka.

I denne boka møter vi systrene Sarah og Emily som er fødde i New York på 1920-talet. Vi fylgjer dei frå dei er barn til dei er middelaldrande. Sarah, den eldste, gifter seg tidleg og blir mor og husmor. Emily tek utdanning og jobbar i tidsskrift- og reklamebransjen.

Forfattaren fortel historia om to systre som lever sine strevsame liv. Vi kan sjå Emily som ein representant for ei moderne og sjølvstendig kvinne: ho har utdanning og karriere, ho har mange forhold og mange menn og ho vel abort framfor barn. Eg opplever som lesar at Emily manglar fotfeste i tilværet. Livet til storesyster Sarah vart heller ikkje så lukkeleg som ho hadde håpa på. Ektemannen Tony er valdeleg; han slår kona si. 

Litteraturanmeldaren Leif Ekle seier det slik: ”Yates har en særegen evne til å betrakte sine karakterer med en kjølig, nesten kald distanse – samtidig som han åpenbart formidler empati og medfølelse med dem.”

Med denne boka set Richard Yates søkelys på verdiane i samtida si; trua på framgang og lykke. Yates veit at det er mykje som gøymer seg under fasaden, mykje som ikkje er så perfekt. Yates er elles kjend for boka Revolutionary road, ei bok som også er filmatisert.

Boka Påskeparaden opptok meg fordi eg synes forfattaren skriv så godt. Han skildrar ærleg og nakent. Han driv ikkje med ordgyteri. God bok !

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av