Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips voksne

Paul Auster:

Moon Palace

Moon Palace

Ein av mine favorittforfattarar er amerikanaren Paul Auster. Den første romanen eg las av han, Moon Palace, står framleis for meg som ein av dei beste. Den kom ut i USA i 1989 og i norsk omsetjing i 1991.

Året er 1969, den sommaren det første mennesket sette sine bein på månen. Handlinga startar i New York. Den fattige og foreldrelause Marco Stanley Fogg har vokse opp hos sin snille onkel Victor, som da han døyr etterlet nevøen ein klarinett og 1492 bøker. Bøkene ligg i kasser som Marco brukar som møblar, og etter kvart som han les ut bøkene, sel han dei billig. Til slutt kan han ikkje lenger betale husleiga og ender på gata. Han bestemmer seg for å berre la seg forfalle, for å «kome i kontakt med verda» som han seier, men blir berga av den kinesiske venninna Kitty Wu som let han bu hos seg.

Frå den augneblinken får tilfeldigheitene fritt spelerom. Marco får jobb som sekretær for den rike og eksentriske Thomas Effing, som er gamal, blind og sit i rullestol. Han skal ha klar teksten til nekrologen si innan han døyr, og det er Marco som skal skrive ned livshistoria hans. Det blir ei fasinerande skildring som utviklar seg til reine røvarforteljinga, og som får Marco til å legge ut på ei reise gjennom Midtvesten på leiting etter sonen til Effing, Solomon Barber, for å overlevere memoarane.

Som i nesten alle Paul Auster sine romanar er eksistensielle spørsmål og identitetsproblematikk hovudtema. Vi blir tatt med både bakover og framover i tid, i eit spenn som dekkjer tre generasjonar – og kvar generasjon gjentek feila frå den førre generasjonen.

Paul Auster kan det å fortelje ei god historie, spekka med spenning og usannsynlege samantreff…

Del på facebook
Lars Mytting:

Hestekrefter

Hestekrefter

I 2011 gjorde gudbrandsdølen Lars Mytting braksuksess med noko så sært som ei sakprosabok om hogging, stabling og tørking av ved. Like stor suksess fekk han tre år seinare med romanen Svøm med dem som drukner. Men Mytting debuterte som forfattar allereie i 2006 med romanen Hestekrefter, ei underhaldande og velskrive bok som både i miljø og skrivestil er i slekt med romanane til Levi Henriksen.

Handlinga er lagt til den oppdikta tettstaden Annor i Gudbrandsdalen, mellom Ringebu og Vinstra ein stad. Hovudpersonen, 34 år gamle Erik Fyksen som har jobba på «Annor Bil og bensin» sidan han var 17 år gamal, har etter kvart overtatt drifta, og saman med kjærasten Elise Misvær har han restaurert bensinstasjonen tilbake til ein 1966-look.  Han driv den siste Mobilstasjonen i landet - sjølv om Mobil allereie i 1992 hadde selt alle sine norske bensinstasjonar til Norsk Hydro, og Pegasusen på mobilskilet for lengst skulle ha vore skifta ut med YX-logoen til Hydro Texaco. Med andre ord ein god, gamaldags bensinstasjon der bilkompetanse og smøregrava står i sentrum, ikkje pølsesalet.

For 60-talsromantikaren Elise var ikkje livet i Annor nok, ho har reist ut for å skaffe seg utdanning og nye opplevingar. Men odelsjenter kjem da vel tilbake?

Når planar om at riksvegen skal leggast utanom Annor sentrum dukkar opp og både hans gamle rival Harald Jøtul  og Statoil segler opp som farlege konkurrentar, blir Fyksen tvunge ut av apatien. På same tid finn hovudkontoret i Oslo ut at Annor-stasjonen ikkje driv etter Hydro Texaco sine retningsliner, og han blir for alvor kasta ut i kampen mot pølsestasjonane. Og så dukkar hans gamle flamme Tora Grundtvig opp…

Mykje humor, ein god dose nostalgi – og bilstoff i rikt monn. Med mange detaljar kring bil og «mekking» kan ein lett tenkje seg at det til tider blir litt i overkant mykje, men til tross for at eg ikkje har nokon som helst interesse for oljefilter, V8-motorar, fordelarlokk, NGK-tennpluggar, eller spørsmålet om 5-56-olje er betre enn WD40, opplevde eg det som heilt uproblematisk. Eg må innrømme at eg til og med måtte google «Facel-Vega» for å få sjå kva for ein fantastisk bil det dreier seg om…

For den som gjerne høyrer lydbok er Hestekrefter svært godt innlese av Torbjørn Harr.

Del på facebook
En bønn for Owen Meany

Sommaren 1953 speler to elleveåringar baseball i ein Little League-kamp i Gravesend, New Hampshire. Den eine av gutane, Owen Meany, slår ein ball som treff mora til bestevenen i tinningen – og drep ho. Owen Meany trur ikkje på uhell. Owen Meany trur på å vere ein reiskap for Gud.

Handlinga finn i hovudsak stad på 1950- og 60-talet, med Vietnamkrigen som eit viktig bakteppe. Det er den morlause guten John Wheelwright som fortel, og i starten av boka møter vi han som vaksen mann på 1980-talet der han ser tilbake på oppveksten.

Romanen har eit sært og underhaldande persongalleri med Owen Meany som den mest framståande figuren. Han er son til eigaren av eit granittbrot, og har hudfarge som ein gravstein. Han er liten. Ikkje berre liten for alderen, men bitte liten. Og han har ei uvanleg stemme. «For overhodet å bli hørt, måtte Owen skrike gjennom nesen» fortel John. For å understreke den skingrande pipestemmen, blir replikkane til Owen Meany skildra med blokkbokstavar i teksten. Etter kvart som ein les trer denne svært uvanlege guten klårt fram for lesaren med både kropp, stemme og personlegdom, og gjer eit uutsletteleg inntrykk på både innbyggjarane i Gravesend og lesaren. Owen Meany er ein litterær figur å bli glad i!

John Irving har ein eigen evne til å blande komikk og tragedie i romanane sine – så også her: Skildringa av amatørteateroppsettingar av juleevangeliet og Charles Dickens’ A Christmas Carol til dømes, er hylande morosam lesing opp mot det grunnleggande temaet i boka: tru, tvil og mirakel.

Språket og forteljarstilen i romanen er typisk «Irvingsk»: omfangsrike, lagvise forteljingar der det uvanlege vevast inn i det vanlege, bisarr humor, frodig fantasi - og mykje menneskeleg varme. En bønn for Owen Meany byr på ei skikkeleg god historie, full av anekdotar og tilsynelatande meiningslause og uvesentlege detaljar, men trådane samlast genialt i ein overraskande slutt.

For den som ikkje har lest noko av John Irving tidlegare, er En bønn for Owen Meany ein perfekt start!

Del på facebook
Alice Sebold:

Alle mine kjære

Alle mine kjære

Som oftast kan eg ikkje hugse kva det var som vart avgjerande dei gongene eg har vald å prøve meg på ein for meg ny og ukjent forfattar. Men den amerikanske forfattaren Alice Sebold har greidd å lokke meg til å lese to av hennar bøker, berre basert på den aller første setninga i boka. Den første gongen var da eg uventa fekk fleire timar med venting på fly heim frå Gardermoen, og hadde bestemt meg for at besøket i  bokhandelen skulle resultere i berre ei bok. Eg sto der med ein heil bunke, men valet blei lett da eg leste: «Namnet mitt var Salmon, som fisken. Fornamn: Susie. Eg var fjorten då eg blei myrda den 6. desember 1973».Eit slikt dristig forteljargrep pirra nysgjerrigheita hos meg.

Alle mine kjære blir lesaren vitne til eit mord og alt som skjer i kjølvatnet av dette mordet, og det heile er skildra frå den valdtekne og drepne Susie sin synsvinkel. Frå eit himmelsk univers følgjer Susie med på mordaren og politijakta på han, og ho observerer familien sin der dei strevar med å forstå og takle denne grufulle tragedien som har råka dei.

Alle mine kjære er ingen tradisjonell krimroman. Mordaren er avslørt allereie på dei første sidene, men det gjer faktisk ikkje boka mindre spanande. Det er jo berre lesaren og Susie sjølv som veit kven mordaren er. Politiet, familien og nabolaget veit det ikkje, og det er jakta på mordaren som i stor grad er drivrafta i forteljinga. Dei finn ikkje liket, og åra går. Og for dei som sit att går livet vidare.

Handlinga vekslar mellom tilveret i himmelen, minna til Susie, og korleis livet artar seg vidare her nede på jorda utan Susie. Vi følgjer foreldra i sorg og oppløysing, og syskena som veks opp i skuggen av ei død storesyster. Sysken og vener forelskar seg og gjer alle dei tinga ho sjølv aldri fekk gjort. Susie forblir 14 år i sin forunderlege eventyrhimmel, medan ho gjer alt ho kan for at mordaren hennar skal bli tatt. Underleg og annleis, men fengjande roman.

Boka blei ein bestseljar då den kom ut i USA i 2002, og filmatisert i 2008.

Og korleis startar den andre boka til Alice Sebold? Kom og lån Nesten evig på biblioteket, så får du sjå.

Del på facebook
Carson Mc Cullers:

Hjertet er en ensom jeger

Hjertet er en ensom jeger

Frå tid til anna kjem forlaga med nye omsetjingar av gamle romanar. Cappelen Damm oppnådde i 2014 stor suksess med John Williams sin roman Stoner frå 1965, etter at den var «gjenoppdaga» i USA. I 2016 følgde Aschehoug opp med Hjertet er en ensom jeger, debutromanen til amerikanske Carson Mc Cullers (1917–1967) som berre var 23 år gamal då boka vart utgitt i 1940. Og dette er verkeleg ein roman som fortener nytt lys over seg!

Åstad for romanen er ein liten namnlaus by ein eller annan plass i «hjartet av sørstatane». Både dei kvite og dei farga karakterane vi treff i romanen, er meir eller mindre lut fattige. Og alle ber dei på draumen om noko betre: Den einsame kaféeigaren Biff Brannon som let kaféen vere ei hamn for slitne sjeler langt utover natta. Ungjenta Mick Kelly som lever og andar for musikk, men som på alle måtar er på veg inn i det tøffe vaksenlivet. Doktor Copeland slåst for borgarrettigheiter for dei farga, men evnar ikkje å ta seg av sin eigen familie. Og marxisten, kranglefanten og drukkenbolten Jake Blount som slåst mot alt. Alle set dei sin lit til den døvstumme Mr. Singer, som lyttar til alle som treng det. Men den døvsumme ber sjølv på ei stor sorg.

Både i form og innhald er dette ein heilstøypt roman – det er heilt utruleg at det dreier seg om ein debut! Både språket og det ein kan lese «mellom linjene» viser ein forfattar med stor litterær mogenheit og god menneskekunnskap. Det er poetisk og vart, rått og realistisk – alt på ein gong.

Hjertet er en ensom jeger er rørande og sterk samtidsrealisme frå 30-talets USA, ein roman som heilt klart fortener nemninga «klassikar». Biblioteket har både lyd- og papirboka, eboka finn du i eBokBib. Og for den som skulle vere interessert i den første norske omsetjinga frå 1945, ligg den tilgjengeleg på bokhylla.no.

Del på facebook
Carl Frode Tiller:

Innsirkling

Innsirkling

Hausten 2017 kom trønderen Carl Frode Tiller med sin 6. roman sidan debuten med Skråninga i 2001. For dei som enno ikkje har lest noko av denne forfattaren vil eg trekkje fram den meisterlege Innsirkling-trilogien, som starta med Innsirkling i 2007. (Oppfølgjarane, Innsirkling 2 og 3, kom i 2010 og 2014).

David har mista minnet. For å finne tilbake til seg sjølv har han sett inn ei annonse med bilde av seg i avisa. Han ber folk som kjenner han att på bildet om å ta kontakt med han pr. brev. Han ønskjer å få hjelp til å finne tilbake til kven han er, og vite kva rolle han har spela i andre sine liv.

Handlinga skifter mellom breva frå brevskrivarane og deira tilvere i notida. Skildringane avdekkjer slik like mykje kvardagslivet på Otterøya og i Namsos på midten på 2000-talet, som David sin oppvekst på 1970- og -80-talet. Til saman dannar desse forteljingane eit svært realistisk tidsbilete dei fleste lesarar vil kjenne seg att i.svært realistisk tidsbilete realistisk tidsbilete realistisk tidsbilete

Det blir etter kvart eit stort persongalleri som får presentere sine versjonar av kven hovudpersonen er: stefaren, venner frå barndom og ungdomstid, ex-kjærestar - og ei eldre dame som var til stades da David vart fødd. Vi får til dels ulike versjonar av David sin barndom og ungdomstid. Lesaren blir etter kvart tvunge til vurdere utsegna som framsettast, og tolke romanpersonane sine underliggande motiv. Kva er sanninga? Er David sitt minneprosjekt berre eit kunststunt? Det er først i siste bandet at vi for alvor møter hovudpersonen gjennom hans eigne ord.

Tema ein møter i trilogien er identitet, kultur og klasse, arv og miljø, biologi og oppvekst - det å ikkje kjenne seg «heime» i den familien ein høyrer til i. Og frå sidelina dukkar det i 3. bindet opp nye, og sjokkerande detaljar…

Forfattaren fekk Brageprisen i 2007 for Innsirkling I. I grunngjevinga til juryen sto det det mellom anna at «Carl Frode Tiller har en utpreget evne til å få sine personer til å fremstå som overbevisende for leseren.Særlig i dialogene demonstrerer han stor innsikt i hvordan mellommenneskelig kommunikasjon fungerer.» Det er ubehageleg, det er thriller-spennande, og det er til og med morosamt.

Om du på slutten av det 3. bandet synest David er sirkla inn, står att for deg å avgjere.

Del på facebook
Jonathan Safran Foer:

Ekstremt høyt og utrolig nært

Oversatte romaner

Kvar var du 11. september 2001? Dei fleste av oss vart sitjande i sjokk og vantru framfor fjernsynet mesteparten av denne dagen, mens vi gong på gong såg fly krasje inn i tvillingtårna til World Trade Center. Det er denne redselsfulle hendinga Jonathan Safran Foer har brukt som bakteppe for romanen Ekstremt høyt og utrolig nært som kom på norsk i 2005. Og han plasserte 9-åringen Oskar Schell midt i tragedien. 

På grunn av det som har skjedd på nedre Manhattan blir elevane denne dagen sendt heim igjen idet dei kjem til skulen. Oskar er ikkje engsteleg, for han veit at begge foreldra arbeider i Midtown, og Bestemor jobbar ikkje i det hele tatt – så alle han er glad i er trygge. Men heime blenkjer telefonsvararen. Fem meldingar frå faren. Og før Oskar rekk å finne ut kva han skal gjere, tenkje eller føle, ringer telefonen på nytt. Det er faren… 

For tilfeldigheiter har ført til at far til Oskar, likevel opphaldt seg i World Trade Center nettopp denne morgonen. Han var i eit møte i topprestauranten ”Windows on the World” i det nordlege tårnet, og blei derfor eitt av dei 2973 ofra etter terrorhandlingane. 

Etter at faren dør har Oskar eit stort behov for å finne noko som kan fortelje han meir om faren, noko som kan gje han kjensla av å ha han nær seg litt lenger. Han rotar rundt i farens ting, og i ein blå vase i faren sitt skap finn han ein liten nøkkel saman med ein lapp der det står “Black”. Saman med den pensjonerte naboen som har vore krigskorrespondent legg han ut på ein innhaldsrik og sorgmunter odyssé i New Yorks gater på jakt etter ein lås som nøkkelen kan passe i. 

Boka er av det slaget som ikkje «les seg sjølv» heile vegen. Lesaren møter motstand i teksten her og der fordi Foer rett som det er bryt med romansjangeren. Boka er og krydra med illustrasjonar i form av fotografi og teikningar, blanke sider, brev med overstrykingar og uthevingar, bilete frå TV-skjermen, noko som eg i starten opplevde som rart og litt forstyrrande, men etter kvart kjende eg det som ei spanande utviding av teksten. 

Romanen vekslar mellom ulike typar tekstar der Oskar sjølv, farmora og den fråverande farfaren utgjer tre svært ulike forteljarstemmer i dei ulike kapitla. Midt oppe i notidstragedien får vi og tilbakeblikk på besteforeldra si store katastrofe: dei var opphaveleg tyske og opplevde bombinga av Dresden under 2. verdskrigen. 

Ekstremt høyt og utolig nært er ei rar, sår, varm, morosam, trist bok. Du vil sakne Oskar når du er ferdig med boka. 

Del på facebook
Fred Uhlman:

Forsoningen

Forsoningen

Eg veit ikkje om ei einaste setning i nokon roman som har gjort sterkare inntrykk på meg enn den siste setninga i Forsoningen av tysk-britiske Fred Uhlman. Eg skal sjølvsagt ikkje røpe den her. Eg skal i staden starte med den første setninga i boka: «Han kom inn i mitt liv i februar 1932 og forlot det aldri siden.»   

Året er 1932. Handlinga utspeler seg i Stuttgart – den gongen eit kultursentrum i Europa. 16 år gamle Hans Schwarz, son av ein jødisk lege, sit i klasserommet på Karl Alexander Gymnasium ein grå og mørk vinterettermiddag. Han halvsøv, teiknar krusedullar i notatblokka medan læraren doserer frå tavla.

”[…] da banket det på døren og før herr Zimmermann kunne rekke å si Herrein, inn kom professor Klett, rektor. Men det var ingen som så på den pertentlige lille mannen, for alles øyne var rettet mot den fremmede som kom sammen med ham.” 

Den framande er ny elev i klassen - grevesonen Konradin von Hohenfels. Han gjer stort inntrykk på Hans og allereie ved første møte med Konradin veit Hans at dette er den venen han har lengta etter.  

Venskapen mellom Hans og Konradin veks fram parallelt med framveksten av nazismen, og til tross for at dei to gutane i det lengste prøver å oversjå det, grip den politiske utviklinga inn i liva deira og. 

"Vi så ingen grunner til å bekymre oss. Politikk var noe som angikk de voksne - vi hadde våre egne problemer å tumle med. Og viktigst syntes vi det var å finne ut hvordan vi best skulle anvende våre liv - og selvfølgelig å oppdage livets hensikt, hvis det fantes noen hensikt, og hvilken plass mennesket hadde i det uendelige og fryktinngytende kosmos. Dette var evige og fundamentale spørsmål, langt viktigere enn slike forbigående og latterlige begreper som Hitler og Mussolini."

Men eitt år seinare er den intense venskapen over.    

Det er Hans som er forteljaren i boka, der han i 1960 ser tilbake på det som hende for tretti år sidan - ei historie om det å forsøke å tilgi sjølv om ein ikkje vil. Og ei historie om at tilgjeving kanskje ikkje alltid er mogleg, men at ein likevel kan forsone seg med ting for så å gå vidare.   

Boka vart utgitt på eige forlag i 1960, men vart kjent først seksten år seinare, da den vart utgitt på nytt med eit forord der forfattaren Arthur Koestler omtalte romanen som «eit meisterverk i miniatyr». Dette er den einaste romanen Fred Uhlman ga ut. Med sine 137 sider (Bokklubben si utgåve frå 1983) går det raskt å lese boka – men lesaropplevinga sit i lenge etterpå.

Del på facebook
Kjell Westø:

Der vi engang gikk

Der vi engang gikk

«På hvert sted et menneske har gått, lagres det et minne om det. Det er usynlig for de fleste, men for den som kjenner og elsker dette mennesket, viser det seg som et tydelig bilde hver gang man går forbi. Så lenge de elskende menneskene finnes, finnes også bildet, også om den som gikk der ikke lever lenger.» (s. 340) 

Finland igjen! Eg har aldri vore der. Den dramatiske historia til finnane kjenner eg til berre i brokkar og bitar. Eg har aldri vore opptatt av litteratur om og frå Finland, men dei få gongene eg har gått laus på slik litteratur har eg blitt både overraska og fascinert. Det har tidlegare her på bloggen vore tipsa om Tommi Kinnunen sin fantastiske roman Der fire veier møtes som finn stad ute på den finske landsbygda, med utgangspunkt i ein liten familie. I Der vi engang gikk får vi innblikk i eit heilt anna miljø. Denne romanen utspelar seg i Helsingfors, med eit stort persongalleri frå både arbeidarklassen, middelklassen og overklassen. I starten av boka sleit eg litt med at det etter kvart blei så mange namn å halde frå kvarandre, men det endra seg straks eg slutta å leite etter ein hovudperson. Det er meir dei kollektive hendingane framfor enkeltpersonar som er det sentrale i denne romanen. 

Handlinga spenner over tidsrommet frå 1907 til 1938, gjennom 1. verdskrigen, den russiske revolusjonen med påfølgande finsk lausriving og deretter borgarkrig mellom "dei raude" og "dei kvite", oppblomstringa av den fascistiske Lappo-bevegelsen, og vinterkrigen fram til andre verdskrigen startar. Vi møter klassekamp, umogleg kjærleik, framveksten av eit moderne storbysamfunn, jazzen sitt inntog i Finland, foto, moter, kunst, arkitektur – og ikkje minst sport, i form av tennis og fotball.     

Romanen skildrar på eit intenst vis korleis krig, splitting og uro forma liva til ei gruppe menneske som har det til felles at dei dei er fødd omkring hundreårsskiftet, og at dei er busett i Helsingfors. Nokre greier å gå vidare, gløyme eller fortrengje, medan dei meir sensitive går til grunne. Dette er ei bok som sit lenge i etter at siste sida er lese! 

Same året boka kom ut fekk Westö den prestisjetunge Finlandiaprisen for Der vi engang gikk.

Del på facebook
Cecilie Enger:

Himmelstormeren

Himmelstormeren

I Himmelstormeren frå 2007 tar journalisten Cecilie Enger for seg livet til ei av dei første fagforeiningskvinnene i landet, Ellisif Wessel (1866-1949). Ho blei fødd inn i ein velståande familie i Gudbrandsdalen der faren var lege. I staden for å finne seg ein ektemann frå overklassen ho var vaksen opp i, valde ho – trass sterk motstand frå den strengt pietistiske familien - å gifte seg med sin eigen fetter Andreas Bredal Wessel, og følgje han til Kirkenes der han hadde fått jobb som distriktslege. I Finnmark møtte dei mange menneske i stor naud, og tuberkulose var ein svært utbreidd sjukdom. Ellisif var med som medhjelpar når mannen var på sjukebesøk, og ho begynte å skrive om det ho såg omkring seg, både i form av dikt og artiklar til arbeidarrørsla sine aviser og tidsskrift. Funn av jernmalm i Sør-Varanger hadde ført til at Kirkenes utvikla seg til eit aktivt gruvesamfunn, der ho såg at arbeidarane både blei utnytta og stoppa i forsøka på å organisere seg. Dette førte til ei politisk oppvakning hos den unge Ellisif, som hausten 1906 var med på å starte «Nordens Klippe» – ei av Norges første fagforeiningar. I samband med eit besøk hos Lady Barbara Arbuthnott i Sunndal i ungdomstida, fekk Ellisif eit kamera i gåve, og i Finnmark starta ho å fotografere samane sine liv, kulturlandskapet og ikkje minst den sosiale nauda ho såg rundt seg. (Fleire av bilda er å finne på digitaltmuseum.no)Ho lærte seg både russisk og tysk for å kunne omsette bøker og brosjyrar, og heimen til ekteparet Wessel blei ein møtestad for politiske agitatorar og russarar som var på flukt etter den mislukka revolusjonen i 1905.

Det er eit dramatisk og hardt liv som dannar den ytre ramma i denne biografiske romanen. Cecilie Enger fletter inn både dikt og utdrag frå artiklar Ellisif Wessel har skrive, samt delar av avisdebatten som rasa rundt haldningane og handlingane hennar. Men det er likevel måten forfattaren greier å leve seg inn i tankane og kjenslene til denne forunderlege kvinna som rører meg sterkast. Ellisif opplevde mykje motgang og store tap i livet, og eg synest forfattaren på meisterleg vis greier å levandegjere korleis val ho tar og opplevingar ho råkar ut, for er med på å forme henne. Romanen balanserer godt mellom det fiktive og det autentiske, er lettlesen og medrivande. Det einaste eg har å utsetje på romanen er at eg skulle ønskje den var lenger!

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av