Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Robinson Crusoe

Daniel Defoe:

Robinson Crusoe

Robinson Crusoe

Det er ikkje kvar dag vi anbefaler bøker frå 1700-talet! Boka om Robinson Crusoe er vel verdt å hente fram i lyset. Tenk at ei av verdas viktigaste ungdomsbøker vart skriven allereie i 1719!

Har du sett filmen Cast away med Tom Hanks i hovudrolla? Det er ikkje umulig at filmen er påverka av Defoes roman. Kanskje gjeld det også reality-TV-serien Øya, der det handlar om å overleve på kun det ein finn i naturen. Bøker som Gullivers reiser av Jonathan Swift og Fluenes herre av William Golding er klart basert på hendingane i Robinson Crusoe, og sjølvsagt animasjonsfilmen med same namn, som kom ut i 2016. Her er handlinga kjapt oppsummert: 

Robinson har eit stort ønske om å segle åleine til sjøs. Faren nektar han, men han legg likevel ut på reisa. Han forliser og kjem seg i land på ei øde øy, der han må overleve på det han klarer å skaffe av mat. Men så viser det seg at øya likevel ikkje er så øde. Kannibalar har offerseremoniar der, og Robinson hjelper eit av offera, Fredag, å rømme. Som takk blir Fredag hans tru tenar. 28 år går det før Robinson kjem heim att.

Opp igjennom tidene har utallige unge, spesielt gutar, sett opp til Crusoe, og han har nok vore inspirasjonskjelde for fleire enn filmskaparar og forfattarar. 

Del på facebook

Åpningstider  sommeren 2018

Mandag 10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av