Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom > Det gamle slottet

Olla Rypdal:

Det gamle slottet

Det gamle slottet

I den første boka møtte vi Anna og hunden Kaspar på båtferie på Nordvestlandet. Der løyste dei mysteriet med ein gammal amulett, og Anna vart nesten litt berømt på heimstaden sin då dette vart kjend. 
I Det gamle slottet, som altså er bok nummer to i serien, har familien til Anna nok ein gong reist på ferietur, denne gongen til ein liten landsby i Frankrike. Anna blir kjend med Namira, ei jente på hennar eigen alder. 

Som tittelen tilseier, er det eit gammalt slott i landsbyen. Slottet er ope for turistar og Anna og familien dreg på utflukt dit ein dag. Medan Anna og Kaspar utforskar det som ein gong var heimen til den velståande Grimaldi-familien, går med eitt tjuverialarmen. Kunsttjuveriet på slottet er det første av fleire mysterier Anna og den nye venninna hennar kjem borti, og, uredde som dei er, etterforskar dei gjerne litt på eigahand. Parallelt med dette får vi glimt frå historia til dei som budde i og rundt slottet under den franske revolusjonen. Og på underfundig vis vert dei to historiene fletta saman: Skjebnen til Béatrice Grimaldi og den mystiske papirlappen som skjuler seg i murveggen hos Namira.Dette er nok ein gong drivande god krim frå Olla Rypdal. Målgruppa er ungdom, som i tillegg til ei spennande historie, også får eit viktig innblikk i fransk historie. Slottet Grimaldi finns faktisk, menfamiliemedlemmene i boka er fri fantasi. 

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av