Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

James Dawson:

Å være gutt

Å være gutt

Å være gutt

Dette er boka som gjev svar på alt det du lurer på og ting du ikkje visste du trengte å vite.

Boka er gjennomsyra av humor, frå James Dawson sine kommentarar til dei artige illustrasjonane av Spike Gerrell, men gir samstundes ei god innføring i både dei fysiske og sosiale utfordringane gutar kan støyte på i puberteten.

Boka vender seg først og fremst til ungdommen, men har og eit kapittel som forklarar vaksne korleis det kan vere å vere ung gut i dagens teknologiske samfunn og kvifor forfattaren har valt å vere dønn ærleg om det meste.

Dette er ei fagbok som tek for seg alt frå kva som skjer med kroppen i puberteten til korleis ein «dumpar» nokon på ein fin måte.

Forfattaren skriv med humor om emnet og er på bølgelengde med lesaren utan moralsk peikefinger.

Del på facebook
Kristine Tofte:

Udyr

Cover udyr

For tusen år sidan var det andre gudar som herja i Noreg, så kom Kvitekrist, og Odin, Tor, Frøy og Loke forsvann. Men kva om dei ikkje blei borte? Kva om dei rett og slett berre tok seg ein ferie?

Amund får det ikkje særleg bra til på skulen, alt er så grenselaust kjedeleg, å sitte stille passar rett og slett ikkje for han. Som eit eksperiment foreslår læraren at han kanskje kunne prøve ein praksisplass ein dag i veka? På garden til Agnar Bru? Amund trur ikkje sine eigne øyre... skal han være gardbrukar? Han som ikkje eingong klarer å passe på ein hamster eller en fisk? Latterleg, og kjedeleg! Han vil jo bare ut og bade og henge med venene sine!

Neste morgon kjem han fram til Bru gard, og etter ein kjapp omvising på det falleferdige bruket fortel bonden at han skal vekk, og ønskjer Amund lykke til som avløysar, er han gal? Amund skal berre huske å mate dyra med raude eple, ikkje dei gule, dei er for spesielle anledningar...

Sovande i graset blir Amund vekt av at Ida, den finaste jenta i klassa, står ved sida hans. Ho har høyrt at han skulle være her, og vil hjelpe til. Og hjelp kan han saktens trenge, når Ida ved ein feil gir det gamle øket Sleipner eit gult eple, og den gamle hesten plutseleg blir ung, vital, enorm og åttebeint!

Herleg, humoristisk fantasy tufta på norrøn mytologi. Forfattaren har tidlegare skrevet fantasy for vaksne, men denne boka er nok tiltenkt eit noko yngre publikum, likevel er dette ein sann lesefest også for oss som er ferdige med den første ungdommen!

Del på facebook
Elin Viktoria Unstad:

Brådypt

Cover Brådyåt

Vilja vaknar ein morgon av at det er nokon inne på rommet hennar. Ho rekk ikkje å oppfatte kven eller kva, før han har pressa ei hand over munnen hennar og ho plutseleg kjenner eit stikk i skuldra, så blir alt svart. Når ho kjem til seg sjølv att, er ho på ei øy, ein framand stad, med ein framand mann. Kidnappa!

Etter ei stund blir ho igjen dopa ned, og vaknar ved eit lite vatn ikkje langt frå heimen, ho spring heim for å roe ned familien som sikkert er frå seg av angst, men då ho kjem heim er det ingen der. Ein kjapp telefon avslører at dei ikkje er ute og leitar heller, dei har rett og slett ikkje merka at ho har vore vekk i det heile.

Ein psykologisk thrillar om ei 16 år gamal jente som er traumatisert etter ei nestendrukningsulykke og slit med depresjonar og hallusinasjonar. Etter den dramatiske kidnappinga trur alle at ho er i gang med fantasiane sine igjen og tek ho ikkje alvorleg, men så forsvinn storesystera...

Del på facebook
Jacob Grey:

Kråkene

Bok-cover: Kråkene

Kra bur i eit reir, i eit tre, i ein park, i byen Blackstone. Han bur saman med tre kråker, men sjølv er han ein gut på om lag 12 år. Han har budd i treet nesten så lenge han kan hugse men synest ikkje det er spesielt rart, det er berre slik det er. Han kan prate med kråkene og, og slik har det alltid og vore.
 
Ein dag Kra og kråkevenene hans driv rundt i byen på jakt etter mat møter dei på ein eldre gut, som kan prate med duer. Det er merkeleg, for duer kan da ikkje snakke? Det viser seg snart at det er meir merkeleg i Blackstone enn Kra nokonsinne har hatt mistanke om, det er fleire som kan snakke med dyr, mange fleire, dei kallas dyremanarar og det er slett ikkje alle som har gode hensikter.
 
Kra lærer at det for åtte år siden var ei bølge av kriminalitet og råskap i Blackstone, ei maktkamp mellom dyremanarar, den mørke sommaren. Den sommaren drap Spinnemannen foreldra til Kra før han sjølv blei overvunnen. Nå tydar ting på at han er tilbake for å fullføre sine vonde gjerningar.
 
"Kråkene" er fyste boka i ein trilogi om dyremanaren Kra. Den er godt skreven og intens spanande. Fantasy for ungdom frå ca 10 år og oppover.
 
 

Del på facebook
Kim Leine:

Skogpiken Skjerv

Skogpiken Skjerv

Aldersangivelsen er 9-13 år men børnebog og børnebog fru Blog?

Kim Leine har skrevet tykke bøger for voksne. Nu kommer der en god gammeldags børnebog med fine illustrationer gennem hele bogen om en pige, som lever med sin familie i et typisk eventyrunivers. Vi hører om pest, slaveri og andre fæle ting, men pigen klarer sig igennem på ægte eventyrvis med hjælp fra en elg, en ravn, en lille soldat og en blind gammel kone. Alt sammen beskrevet i et fint og rytmisk sprog, som man bare må læse.

Men lidt efter lidt kommer der «fejl», som jeg ikke opdager ved første gennemlæsning og da jeg kom slutningen, opdagede jeg at det var en kinesiske æske med en fortælling inden i en fortælling inden i en fortælling. Om et ganske alvorligt emne. Sult og død er selvfølge alvorligt men det hører jo ligesom med til et eventyr. I virkeligheden er det en historie om en dreng – eller måske en pige, som læser om en dreng – eller er det en pige?

Det er derfor, at jeg ikke mener at det er en decideret børnebog. Til gengæld er det en bog, som forældre eller bedsteforældre kan bruge mange gode timer på. Og så begynder den med en meget fin beskrivelse af forfatterens og læserens rolle.

Del på facebook
Lise Knudsen:

Svartbergets hemmelighet

Svartbergets hemmelighet

«Hun snur ryggen til skolen, ryggen til den røde genseren og de eldre jentene. Vet at hun aldri, aldri kommer til å bli venner med noen av dem»

Frida har flyttet, begynt på ny skole, møtt nye mennesker, men en ting er ved det gamle. Hemmeligheten hun har, som hun må holde skjult.

Svartberget har sine egne hemmeligheter, Frida møter Lisbeth og Eivind og utforsker berget med dem. Hvorfor må noe være hemmelig og hvordan holder vi på disse? De nærmer seg hverandre og finner ut at alle har skjulte lag som det krever mot å vise frem.

Lise Knudsen har igjen skrevet en bok med et presist språk, den er lett å lese men slett ingen lettlest- bok, og vil være et godt tips for ungdommer som ikke ønsker en murstein. 

Del på facebook
Tom Egeland:

Mumiens mysterium

Forsidebilde Mumiens mysterium

Vi blir med unggutten Robert til Egypt, hvor moren hans jobber med et større utgravingsprosjekt. Arkeologene skal utforske et hittil ukjent gravkammer fra faraos tid i Kongenes dal, men Robert mener at det hviler en forbannelse over graven.

Før de dro hadde han lest om landets arkeologiske historie og kommet over mye informasjon om Tutankhamons grav og forbannelsen som avisene hadde skrevet om. Robert kommer over mange spor som han forsøker å overbevise moren med, men hun står fast på at hendelsene må ha en naturlig forklaring. Robert bestemmer seg for å gjøre alt han kan for å bevise at det er hold i myten. Han møter også Jasmin, ei ung jente som også er veldig interessert i å beskytte gravkammeret. Men hvem er hun egentlig, og hvorfor er hun så opptatt av Prinsesse Berenices 3600 år gamle kjærlighetshistorie? Fortellingen inneholder mange spenningselementer, men takket være god oppbygning og mange kapitteloverskrifter er det mulig å henge med i denne actionfylte fortellingen. Mumiens mysterium er tredje boka i Tom Egelands spenningsserie for ungdom, og slik som de foregående bøkene har også denne boka mange faktaruter med interessante opplysninger.

Del på facebook
Rick Riordan:

Percy Jackson Lyntyven

Percy Jackson Lyntyven

Percy er ein gut på tolv år som har ADHD og dysleksi. Det er sommerferie og Percy og mora, Sally Jackson, skal til ei hytte ved Montauk. Men ting gikk ikkje heilt som planlagt når Grover, vennen til Percy frå skulen, dukka opp. Og han fortel at det er eit monster som jagar dei og vil drepe Percy. Dei spring så fort dei kan ut til bilen og kjører. Dei stoppa ikkje før dei kom til ein skog og der angreip monsteret dei. Grover og Percy kjem seg unna, men Sally blei tatt av monsteret og med eit blendande glimt blei ho borte.

Percy vaknar på ein underleg plass og det første han ser er Grover. Han fortel at alt som hadde skjedd til no med monsteret og mora hans var verkeleg. Då dei gjekk ut var dei i Halvblodsleiren, ein leir for halvgudar, ein halvgud er eit barn av ein gud og eit menneske. Og første dagen i sommerferien spelar dei alltid Kapre flagget. Men under Kapre flagget sto Percy ute i vatnet og det kom  eit grønt hologram over hovudet hans, Poseidons teikn. Percy er son av Havguden.                                                                                                                                     Nokon dagar etterpå må Percy snakke med Chiron. Han spør om han aksepterer oppdraget sitt, og Percy blir sendt opp for å snakke med Orakelet frå Delfi og ho gir han ein spådom. Percy skal på sitt første oppdrag og han vel  å ta med seg Grover og Annabeth, Annabeth er dotter av Athene, Gudinna for strategi, krig og visdom. Oppdraget går ut på å finne lynmalen til Zevs og gi den til han før sommersolverv 21.juni. Viss ikkje vil dette starte ein krig mellom Poseidon og Zevs. Men Percy har også ein annan ting å redde, mora hans. Oppdraget er vanskeleg men og morosamt og byr på mange utfordringar for Percy, Annabeth og Grover.

Del på facebook
Gutta i trehuset med 65 etasjer

... som viser seg å ikke være godkjent av bygningsetaten (og som derfor må rives)!

Andy og Terry bor i eit trehus som er særs uvanleg: Det er no påbygd til 65 etasjar og inneheld mellom anna bowlingbane, svømmebasseng, marshmallowsmaskin, baby-dinosaurpark og ein sjokoladefoss. Livet kunne ha vore heilt perfekt for gutane, men dessverre må dei også trene ninja-sneglar, sjonglere med motorsager og lage pizza med spiker – og flaggermussmak. Dei har det travelt, og så syner det seg at dei aldri har søkt om løyve til å bygge trehuset! Det kjem ein bygnings-inspektør som krev at heile treet må rivast. No er tida knapp, gutane får ein genial idé, men rekk dei å gjere noko med det?

Dette er den femte boka i serien om Andy og Terry, gutane som stadig vekk finn på meir og meir galskap i huset dei har bygd. Bøkene er lettleste og fulle av ville påfunn og absurde handlingar, alt følgt av gode og morosame teikningar. Nokre av sidene er forma som reine teikneseriar, framifrå teikna av Terry Denton.  Forfattaren Andy Griffith, er ein av Australias mest populære barnebokforfattarar. Her i Norge har bøkene tatt lesarane med storm, og ligg på bestseljarlista kvar månad. Dersom du les bøker som En Pingles dagbok og Dustedagbøkene, vil du garantert like denne serien!

Del på facebook
Jorun Thørring:

Onkelmysteriet

Onkelmysteriet

 Lotte er ny elev på skulen, og det er vanskeleg å få seg venner. Ho er litt annleis enn dei andre borna, men når ho blir kjent med Wille, alt forandrar seg. Wille har ingen venner han heller, men no skal desse to oppleve mykje spennande saman.

Når Lotte blir med heim til Wille, oppdagar dei at det foregår noko merkeleg og mistenkeleg der på garden. Onkelen til guten og vennane hans oppfører seg veldig rart. Dei driv med merkelege handlingar om nettene, har hemmelege møter i huset og dei er veldig ivrige med å passe på å ha ein stor lås på døra til låven ved sidan av huset. Kameratane Lotte og Wille begynner å lure på om dette kan settast i samanheng med tyveri som foregår i byen i det siste. Sjølv om onkelen til Wille er ein ganske sint, farleg og skummel mann, tek Lotte og Wille utfordringa med å finne ut kva som eigentleg foregår på gården hos onkelen. Lotte er modig, men Wille er meir forsiktig, men med stadig nye, spennande og utfordrande situasjonar blir dei betre kjent med kvarandre. Og skal tru, korleis går det til slutt med dette onkelmysteriet?

Forfattaren Jorun Thørring har laga ei morosom og spennande bok som på same tid også tek opp emner. Mobbing på skolen, vennskap og dette å tore å bli modigare enn du tror kan vere aktuelt for ganske mange i våre dagar.

Spenning for mellomtrinnet.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av