Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips ungdom

når er jeg gammel nok

Dette er ei veldig sår bok, men ei bok som likevel er så viktig å lese. 

"Når er jeg gammel nok til å skyte faren min?" er ei diktbok for ungdom, men du les den som ei samanhengande historie, med korte setningar på kvar side og tilhøyrande illustrasjonar. Den handlar om ein gut i ungdomsskulealder. Han bur saman med mor si og far sin og ein eldre bror. Faren er valdeleg både fysisk og psykisk. Mora trekk seg unna og har ikkje styrke til å gjere noko og også broren har gitt opp. Berre denne namnlause hovudpersonen tek opp kampen og ser fram til den dagen han veks seg høgare enn faren.   

Gjennom guten sine tankar og ordvekslingar med foreldra og lærarar kjem den fæle kvardagen hans fram. På skulen er guten "drittsekken" som oppfører seg som han vil både mot lærarar og medelevar og ingen likar han. Faren er hyggeleg på møter. Heilt til ein dag..

Å lese denne boka gjer vondt. 

Boka er nominert til Nordisk Råds barne - og ungdomslitteraturpris, samt U-prisen for 2020.                                                                                                                                                                                                                                                                   

Del på facebook
Lars Mæhle:

Landet under isen

Landet under isen

Vil du lese ein verkeleg spanande fantasyroman med handling i frå Noreg, så er dette boka! Historia er lagt til ei lita bygd i Noreg, ved foten av Jostedalsbreen, og også under sjølve breen. Dette nære i forteljinga gjer den ekstra uhyggeleg. Ein vert dratt inn i historia frå fyrste side og ein klarer ikkje å vente med å lese meir. Fire ungdomar er sakna frå bygda, no er beinrestar funnen og politiførstebetjent Jerstad kjem til staden for å etterforske forsvinningane.

Dei siste åra har det kome svart røyk frå ein stad under isbreen og for nokre år sidan forsvann ei gruppe forskarar under ein ekspedisjon på breen. To av forskarane som forsvann var foreldra til Leo Rubin, ein av dei forsvunne ungdomane.

 

Boka beveger seg i tid og handling mellom etterforskinga som Jerstad og teamet hans no utfører og den andre hovudpersonen Leo Rubin, som vi fylgjer frå tida før han forsvann. Desse to tidene møtast til slutt i boka. Ein stor del av handlinga er ei detektivhistorie, men her er fullt opp av fantasy med munkekattar, hemmelege sekter, den utvalde, sju protokollar, Den svarte munken og kampen mellom det gode og det onde.   

Boka passar godt for lesarar frå 6. klasse og oppover og egnar seg også bra til høgtlesing, då det er ei tjukk bok. Men, dette er også absolutt spanande lesing for eldre ungdom.

”Landet under isen” kom ut i 2009 og vart tildelt Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok det året. Den har også vunne Uprisen, Fabelprisen og vart også nominert til Brageprisen. Boka er skrive på nynorsk.  Har du ikkje lese den enno, er det berre å forte deg til biblioteket!

 

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av