Ti små vennebøker

Denne serien på 10 bøker handlar om vennskap. Kvar bok har eit emne: Seie unnskyld, Dele, Vente på tur, Seie stopp, Roe seg ned, Bli einige, Snakke om det, Samarbeide, Spreie glede og Vise kjensler.
Hovudpersonar som er dei same i alle bøkene, er Kanin og Piggsvin. Dei går i barnehagen og er gode venar, men av og til oppstår det «problemsituasjonar» som ein må løyse. Då er det ofte dei vaksne som finn sine metoder for å forklare korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre. I desse bøkene er det Grevling og Ekorn som gir ein lærdom via dialog eller aktivitet. Små vers som Grevling og Ekorn lærer til dyra i barnehagen, er veldig fine og kan brukast i kvardagen. Til dømes, vers om å dele:
«Den som deler,
Den som deler
Gjer ein annan glad.
Eg vil dele med deg.
Vil du dele med meg?
Den som deler,
den som deler,
gjer ein annan glad.»
I To små vennebøker kan lesaren kjenne igjen kvardagssituasjonar både i barnehage, heime og andre plassar. Bøkene kan leses i lag med dei minste. Dei kan brukast som emne når du vil snakke om kjensler og dette med å vere hyggeleg mot kvarandre. Stor skrift, korte setningar og fargerike bilde gjer at også småskoletrinneborn kan lese desse bøkene. Og ikkje minst viktig at alle bøkene er på nynorsk.