Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert > Boktips barn > Isfjellfamilien

Audbjørg Gjerde Lippert:

Isfjellfamilien

Isfjellfamilien

Langt mot nord, i det ville, vakre, men også skjøre Arktis, bur Isfjellfamilien. Tre generasjonar er dei, og isfjellbarna Isbjørg, Isfinn og Islaug elskar den kalde, fine fjorden som er heimen deira.

Her leikar selane, og av og til kjem kvalane på besøk med nytt utanfrå. I det siste har dei fortalt om ting som gjer dei vaksne litt urolege. Dei store, mektige isfjella uroar seg også for at dei stadig oftare blir så varme, at det til og med kan dette bitar av dei. Men enn så lenge går livet sin vante gang. Heilt til det ein dag kjem eit skip seglande. Noko slikt har ingen i Isfjellfamilien sett før. Kan det vere dette som er menneske? Det har kvalane fortalt om. Kva gjer dei her? Denne nye, skremmande oppdaginga set i gang mange tankar hos familien. Bør dei auke vakthaldet inn til fjorden sin? Eller er det berre forståeleg at fleire vil sjå kor vakkert det er der dei bur? Audbjørg Gjerde Lippert har henta inspirasjon frå reiser til både Arktis og Antarktis, og bakar også kunnskap om isfjell og annan arktisk natur inn i denne forteljinga. Det er eit spennande grep at isfjella er personifiserte, og det fungerer faktisk heilt utmerka. Medlemmene i Isfjellfamilien har både personlegdom og sjel. Dette er ikkje minst takka vere dei flotte illustrasjonane som Tarjei Rypdal Eide står for. Miljøaspektet er til stades, utan at det vert retta nokon peikefinger. I staden setjast tankane i gang hos lesaren. Det er ei vakker bok Lippert har skrive, og ho kan varmt anbefalast til barn i alderen 5-10 år, eller for vaksne som vil nyte vakre illustrasjonar. 

Del på facebook

Åpningstider  sommeren 2018

Mandag 10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av