Bli med ut!

I år er det Friluftslivets år, og denne boka som har fått tittelen "Bli med ut!" vil kunne inspirere barn til aktivitetar i naturen. Tanken er nok at ein del av aktivitetane skal gjerast med hjelp av vaksne. Boka er full av ting ein kan gjere, lage eller sjå kvar ein enn er: i skogen, på fjellet, ved elva, innsjøen eller havet - ja til og med i hagen din eller i parken. Her kan du lære å bygge gapahuk og seljefløyte, få oppskrift på korleis ein kan lage fuglebrett og drake, få tips til aktivitetar på stranda og i skogen, finne dyrespor og lære namnet på dei ulike skyene på himmelen.
Boka er fin fordi ho viser korleis ein kan ta i bruk naturen og finne på kjekke ting saman.