Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Tony T er på besøk hos bestefar. Det er sommarferie, og det er deilig å vere på landet. Silja, søskenbarnet til Tony T er også der. Det Tony ikkje veit, er at bestefar også skjuler ei jente som er ulovleg flyktning. Kan ein gjere slikt? Han synest det er vanskeleg å vite kva som er rett. Skal han seie frå til politiet? Dette er trass alt eit lovbrot? Eller skal han hjelpe denne jenta? Kva veit han eigentleg om henne? 

Boka er lettlest og har teikneserieinnslag, i tillegg til at også resten av sidene er rikt illustrerte. Det fins mange historier om å kome til eit framandt land, men det å ta imot flyktningar er mindre beskrive. Simon Strangers tre bøker Barsakh, Verdensredderne og De som ikke finnes omtalar rett nok same tematikk. Tony er ein reflektert og klok gut, og ser både positive og negative sider med det som bestefaren gjer. Lesaren får også gjort seg opp si eiga meining, og det er jo nettopp noko av det flotte med litteratur: Vi får gjere oss konsekvenslause erfaringar, altså erfaringar som personane i boka må ta konsekvensane av, medan vi får site att med lærdomen. Boka er innlemma i Bok til alle-konseptet, som er ei ordning der norske bibliotek får tilsendt bøker tilpassa lesargrupper som av ulike årsaker ikkje så lett kan tileigne seg tekst. Men denne boka passar for alle lesarar mellom 9 og 12 år.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av