Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Anders Totland:

Så lenge ingen ser oss.

Så lenge ingen ser oss.

Sterk og lettlesen bok for ungdom.

Ole, den nye stefaren til Jon er kul. Han lagar pannekaker, legg fram treningskle og passar på at det er nok mat til alle i huset. Han startar også fotballag for gutar i bygda.

Ole er ein super stefar, heilt annleis enn dei andre som Jon har hatt, og han har hatt mange.

Ein dag spør han om Jon vil vere med på telttur, berre dei to.

Jon vert kjempeglad, han har aldri vore på telttur før. Dei pakkar ned fiskestong, telt, mat, soveposar og reiser avstad.  

Ole er ikkje heilt den same på telttur som elles, det skjer ting i det teltet som ikkje burde skje.

Det er ingen som ser oss her, seier Ole.

Jon er ikkje den same etter den teltturen.

Jon flyttar for å gå på ein annen skule, ein dag får han vite at Lukas, veslebroren skal på telttur ilag med Ole….

Kva skal Jon gjer? Kven vil tru Jon om han fortel noko?

 

Boka har eit godt språk er lett å lese og du får mykje å tenke på.

Del på facebook
Johannes Jensen tar nattoget

Det er berre eit drygt år sidan Johannes Jensen tar nattoget kom ut, men eit lag av nostalgi kvilar allereie over utgjevinga. Dei statsbane-kulørte togsetta utstrålar ei stemning frå ei svunnen tid.

Boka høver nok aller best for oss engstelege. Å ta nattoget gjennom Drammen og like til Bergen for å fare på likningsfunksjonær-konferanse kan vere ei tøff påkjenning, jamvel for ei humanoid krokodille som Johannes Jensen. (Eg har sjølv vore på konferanse i Bergen, og det var ingen spøk.)

Heldigvis får helten vår dele sovekupé med doktor Fjeld. Doktor Fjeld er ein stø elefant som kombinerer fagleg tyngde med personleg integritet. – "Det hjelper å øve", seier doktoren. – “Og i tunger stunder hjelper det å tenke på sjokoladekake.”

Boka blir kanskje litt gamalmodig eller veslevaksen for 5- til 7-åringane som boka er meint for? (Doktor Fjeld les “Mørkets hjerte” i overkøya på togturen). Men for oss som er litt over gjennomsnittet gamal- og reddvorne, er det ei svært fin bok. 

(PS: Trikset med å tenke på sjokoladekake fungerer ikkje "in real life". Men det er gjerne ei av oppgåvene til barnelitteraturen; å gje von om at sjølv fagkonferansar i Bergen er kan handterast med enkle grep?)

Del på facebook
Jonas Eika:

Etter sola

Etter sola

Det som slår meg i møtet med det litterære universet i Etter sola, er at alt opplevast som heilt nytt, samstundes som forteljingane minner om mange av dei gamle kortprosa-favorittane mine. 

Medan innhaldet står fram som drøymeliknande og vanskeleg å gripe, er det litterære formatet særs lesarvenleg. 

Forteljingane krinsar om det å høyre til. Alle personane opererer i tospann eller grupperingar i randsona av – eller utanfor – storsamfunnet.

Samlinga opnar nesten blendande. Etter lesinga av opningssforteljinga, “Alvin”, sit eg att med den herlege kjensla av ikkje heilt å vite kva som råka meg. Kanskje er det implementeringskonsulent ein burde ha blitt? Derivathandel i kyllingproduksjon på hotellsenga, leskedrikken POCARI SWEAT og sjampoen "aroma therapy: stress relief"; alt verkar underleg forlokkande.

Andre lesarar framhevar “Bad Mexican Dog” som høgdepunktet i samlinga; ei uforgløymeleg soge om seks ekte beach boys som hastar mellom 480 liggestolar for å oppvarte badegjestane med drinkar og smurning. "Svenskens fleskepølser glipper mellom fingrene mine."

Om det er stor litteratur, er vanskeleg å seie. Samlinga fyller meg uansett med tru på at kortprosa-formatet framleis har ei framtid.

Boka tek nesten uforskamma stutt tid å lese, og burde vere vel verdt eit par timars intens sidevending (eller BookBites-beiting) for lesarar som har utvikla smak for det lett bisarre.

Del på facebook
Colm Toìbìn:

Marias testamente

Marias testamente

I 2012 var «Marias testamente» nominert til Man Booker- prisen, det var den femte boka til irske Colm Toìbìn. Han er fødd i 1955, og er ein av dei framste forfattarane frå Irland. 

 

I Marias testamente går vi 2000 år tilbake i tid. Kva skjedde i dagane før Jesus blei korsfesta?

Vi kjenner historia godt frå før. Vi har fått den fortald gjennom evangelia Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Men i denne boka er historia meir rystande, no er det Maria som fortel om sine opplevingar. 

Maria er blitt gamal, ho prøver å leve vidare med den store sorgen og det uforståelege ved å ha mista ein son. Ho blir passa på eller får hjelp, alt etter korleis ein les det, av to venner av sonen. Dei skriv historia til evangelia og vil ha minna hennar. Maria trur ikkje Jesu eigentleg var Guds son og har ingen sans for alt snakket om mirakla han skal ha utført.  Ho hugsar den siste tida hans som ei tid der ho ikkje kjende han att, der sjarlatanar og draumarar var menneske han var nær. Maria sine minner stemmer ikkje med vennene si historie om kva som skjedde. Det reiser spørsmålet om kven som eig historia til eit menneske? 

Da snudde jeg meg mot dem, og hva det nå var i ansiktsuttrykket mitt, raseriet mot dem, sorgen, frykten, så stirret de begge forskrekket på meg, og den ene begynte å gå mot meg for å hindre meg i å si det jeg skulle si. Jeg trakk meg bort fra dem og stilte meg i et hjørne. Jeg hvisket det først, og så sa jeg det høyere, og da han trakk seg unna og nesten krøp sammen i kroken, hvisket jeg det igjen, langsomt, tydelig, med alt jeg hadde av pust, av liv, det vesle som ennå er igjen. "Jeg var der", sa jeg. "Jeg flyktet før det var over, men vil dere ha vitner, så er jeg et vitne, og jeg kan si dere nå, at når dere sier han frelste verden, så vil jeg si at det ikke var verdt det. Det var ikke verdt det.

MARIA / MARIAS TESTAMENTE, S. 105.

 

Det er ikkje tjukke boka, knappe 100 sider. Likevel gjer den rom for store kjensler og djupe refleksjonar.

Så godt kan det altså gjerast. Så stille. Så sart. Og så stort.

Leseropplevinga sit i, lenge etter du har bladd om siste side.

Del på facebook
Atle Hansen:

Svartedalen

Svartedalen

Hovudpersonen er ein gut i ungdomsskulealder .Når alle andre vennane reiser på båttur, hyttetur eller til syden på ferie , reiser han til huset som faren har arva på bygda der han kjem ifrå.

Det er eit stort gammalt hus som vert kalla Kapteinhuset, han som bygde det var kaptein på seglskuter. Det gamle huset er litt nifst, det knirkar i veggane og ular rundt hushjørna. Det tassar og kviskrar på loftet. Det er som heile huset lever.

Hovudpersonen møter på ei jente som sit på brygga. Håret hennar er svart som bek, kleda likeeins. Ansiktet hennar er bleikt og ho har store ringar i øyrene, svart leppestift og nokre knallgrøne auge.

Ein dag gjekk hovudpersonen ut i skogen og havnar i Svartedalen. Dit burde han ikkje gå. Historia fortel at Kapteinen vart teken av dage i Svartedalen. Merkelege ting skjer ,han høyer mystiske stemmer frå kjellaren i ei forlaten løe, djupt inne i Svartedalen.

Dette skal verte den beste og verste sommaren han nokon gong har hatt.

Lettlesen grøssar på nynorsk for ungdom.

Spennande frå første stund.

Del på facebook
Andy Mulligan:

Trash

Trash

 

14 år gamle Raphael Fernández bur på ei søppelfylling. Han og kameratane Gardo og Rat brukar tida si på å leite på fyllinga etter ting som dei kan selje slik dei kan tene seg pengar til mat.

Dei sorterer plastikk,men finn stort sett berre «stupp». Stupp er rett og slett bæsj som dei som bur på fyllinga pakkar i papir og kastar.

Ein dag finn Rafael ei lommebok med pengar, eit kart og eit bilde av ein mann og ei lita jente. Då starta alle problema, politiet kjem og utlovar dusør til dei som finn lommeboka.

Gutane vel å behalde lommeboka, og vil prøve å finne ut kva som skjedde med eigaren.

Snart må Raphael og vennane Gardo og Rat springe for livet. Dei brukar all sin fantasi på å halde seg unna forfølgarane sine og på å prøve å løyse mysteriet. Trash er ei sterk historie om fattigdom, vennskap, håp og eit mot til å endre eige liv.

Boka er utruleg spennande. Dei tre gutane vekslar mellom å fortelje si del av historia. Det gjer at historia verkar truverdig. Kan dette ha skjedd? Vi får også ei innblikk i korleis det er å vere ein fattig søppelgut som bur på ei søppelfylling.

Boka passar godt for 8 klasse og opp til vidaregåande skule.

Del på facebook
Aasne Linnestå:

Mamma er et annet sted

Mamma er et annet sted

"Jeg vil vekk. Bort. Jeg har over fire tusen kroner på kontoen. Jeg har en mamma som ikke er her. Jeg har en pappa som har for mye å tenke på. Jeg har en lillebror som snakker for mye bæsj. Jeg har en søster som bare vil dø, det er i alle fall det hun sier. Og jeg har for mange tanker i hodet og det er ikke plass til dem lenger og da må jeg gjøre noe. Gjøre det jeg vil. Det er det jeg må.»

Boka handlar om Tale som fortel korleis ho har det inni seg etter at mora Sylvia vart funnen død. Tale bur ilag med Pappa og søskena Ane og Jo. Jo er berre fire år.

Mora til Tale har ikkje vore som vanlege mødrer. Tales mor tok sjølvmord.

No prøva Tale å forstå korleis dette kan ha skjedd og må prøve å leve vidare. Ho har heldigvis Lotte som er ei god venninne.

Midt opp i alt får Tale gode kjensler for Espen, ein gut i parallellklassa. Kan ein gå på kino når ein har ei mor som nettopp er død?

"Mamma er et annet sted" tek for seg eit alvorleg tema om sorg og forsoning. Boka er Aasne Linnestås første ungdomsroman. Ho skildra godt kaoset som Tale kjenner på etter mora sin død.

Boka er ei forteljing for ungdomstrinnet. Passar nok best for 10 klasse og oppover. Vaksne kan også godt lese boka.

Del på facebook
Stein Morten Lier:

Skuddet

Skuddet

Dette er den tredje spenningsboka om Tinius og her vert det verkeleg fart og spenning.

Tinius, Sander og Inez ser på Sherlock Holmes serien på Tv då Tinius får ideen om å låne tjenestepistolen til mora. Han vil ut i skogen får å prøveskyte. Inez går heim, men Sander vert motvillig med. Sander filmar med mobilen mens Tinius skyt på treet som dei har valgt som mål.

Han bommar, men kvar traff skuddet? Sander fekk «kalde føter» og ville ikkje skyte, derfor går dei heimover. Då høyrer dei sirenene som nærmar seg. Sjukebil eller politi? Tinius vert livredd…

Seinare får Tinius vita at ein mann er funnen død i skogen i nærleiken av der dei var… skoten!

Mor til Tinius er politi og derfor er det ikkje alltid like enkelt når Tinius rotar seg inn i vanskelege saker. Og i denne boka opplever verkeleg Tinius sitt verste mareritt. Er det han som er skuldig eller finns det ein mordar laus i nabolaget?

Stein Morten Lier skriv spenningsbøker både for vaksne og for ungdom og du vert medreven frå fyrste side. Gled deg til denne boka.

Del på facebook
Renate Nedregård:

Det er min tur nå

Det er min tur nå

Kvar påske må Melissa, som no går i tiende, bli med mora på jobb på eit høgfjellshotell. Her har ho leika rundt på hotellet og vorte bestevenn med Alexander, som kvar påske bor saman med foreldra sine i øverste etasje. I suiten har ho gått inn og ut som eit medlem av familien. Dette året endrar alt seg. Ho må jobbe og han er gjest, men ho forelskar seg i vakre, perfekte, rike Alexander…

Vel heime igjen, vert ho kjærast med Zoran og bestevennina kjærast med kompisen hans. Festing og moro opptek tida deira meir enn skulen. Ein dag støyter ho på Alexander idet han kjem ut av Limosinen og skal på juleball. Gjengen til Melissa har planar om å stjele verdisaker i garderoben på dette juleballet og Melissa vert sterkt uroa.

Ho har ikkje gløymt følelsane sine for Alexander, så kva skal ho gjere…..

Denne boka handlar om klasseskille, forelskelse og val i livet. Kva er det viktigaste og er det håp for kjærleik mellom to som kjem ifrå ulike samfunnslag og miljø?

Dette er ei bok om vanskelege valg og forelskelse, og anbefalast for ungdom frå 8. steg og oppover.

Del på facebook
Jan Tore Noreng:

Skyggefødt

Skyggefødt

Ungdommane Jon, Kalle, Pia og Andreas, i alderen 14-17 år, stikk av frå "Vassmo motherfuckings behandlingshjem" som Kalle seier.

Hovudpersonen Jon, pene Pia, utilreknelege Kalle og snilde Andreas, har alle si historie. Kalle har stole ein bil og han køyrer. Dei har ingen plan. Dei vil berre vekk frå eit samfunn som dei har lært å hate og som tilsynelatande ikkje har plass til slike "trøbblete jævlar" som dei. Når dei andre byrjar å mase om kvar dei skal, svingar Kalle inn på ein humpete veg som tek dei til ein gamal nedlagt gard langt frå folk.

Dette må vel vere den perfekte plassen for å slappe av og feste?

Spenninga mellom ungdommane vert større etter kvart som dei forstår at dei ikkje er åleine på garden. Andreas er den som merkar det først, dei andre tek han ikkje på alvor før det er forseint....

Det bur verkeleg nokre farlege skapningar under jorda på den gamle garden. Slike ein skal repektere.

No har ungdommane forstyrra dei og dei er slettes ikkje glade. Dessutan møter Jon ei mystisk, nydeleg jente i skogen.

Det er mykje action og dramatikk i boka, ganske brutal til tider, med ei røff handling og eit tøft språk. Det er ikkje sikkert at alle kjem seg trygt heim!

Boka passar best for alderen 13 år og oppover til utolmodige lesarar på vidaregåande.

Den vil verte likt av gutar og jenter som likar grøss og action. Les den sjølv, men ikkje åleine på hytta for denne boka er skummel.

Jan Tore si heimeside finn du her http://noreng.wordpress.com/

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av