Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Hans Jørgen Sandnes:

Krypto : Ned i dypet

Krypto

Dette er den første boka i ein ny serie om Ophelia, ei ung jente med grønt hår. Ho flyttar inn i ein fosterfamilie i den vesle kystbyen Saltvik. Her blir ho kjend med naboen Bernard, som er fiskar. Både Ophelia og Bernard er interesserte i kryptozoologi, læra om mytologiske dyr ein ikkje har bevis for at har eksistert. Ophelia finn seg fort til rette på den nye heimstaden og trivst i den nye og klatreinteresserte familien sin.

Saltvik verkar idyllisk, men ikkje alt er som det skal vere. Ein gut har forsvunne i havet etter å ha bada saman med venene sine. Politiet står heilt utan ledetrådar. Samstundes ser Bernard og Ophelia spor etter eit mystisk vesen som bur i havet utanfor byen. Kan det undersjøiske vesenet ha noko med forsvinninga til guten å gjere?

Hans Jørgen Sandnes er ein røynd illustratør, som mellom anna står bak teikningane i den populære serien Detektivbyrå nr. 2, som er skriven av krimforfattar og eks-politimann Jørn Lier Horst.

Del på facebook
Carbone

Dette er første bok i krim-teikneserien om Lya. Lya blir påkøyrd av ein bil dagen før ho fyller 17 år. Føraren stikk av, og Lya ender opp i rullestol etter ulukka, lam frå livet og ned. Fire år seinare byrjar Lya og bestevenen Antoine å nøste opp i mysteriet. Kven køyrde bilen, og kvifor stakk dei av utan å hjelpe ho?

Lya går undercover i eit advokatfirma for å finne mappa om saka si i arkivet. Ho har nemleg snubla over eit brev heime hos foreldra, der det kjem fram at foreldra har fått ein stor sum pengar for å ikkje gå til sak mot gjerningspersonen, men halde identiteten til vedkomande hemmeleg.

Den utspekulerte planen til Lya byr sjølvsagt på utfordringar, og det kan verke som at Lya har tatt seg vatn over hovudet. Heldigvis får ho med seg Adele, som ho blir kjend med på advokatkontoret. Snart viser det seg at saka om Lya er langt større enn dei hadde sett føre seg.

Forfattar Carbone er kjend i Noreg frå dei to første bøkene i Spilledåsen-serien. Boka er illustrert av Justine Cunha og omsett frå fransk av Britt Schjøtt-Iversen.

Del på facebook
Tegnehanne:

Ikke tenk på meg

Tegnehanne

Dette er den fjerde boka til Hanne Sigbjørnsen, mest kjend som Tegnehanne. Tegnehanne starta som ein blogg i 2010, men du har kanskje sett teikneserien hennar i Aftenposten og VG. Serien kan vere både personleg og politisk, men tar alltid fenomen i tida på kornet og får deg til å flire høgt.

«Ikke tenk på meg» er skriven som dagbok gjennom eit halvt år. Her møter vi Hanne, som er i slutten av tjueåra, og lurer på kor vegen skal gå vidare. Vi er innom mange store spørsmål ein gjerne stiller seg i overgangen til vaksenlivet. Om å ønske endring, men ikkje heilt tørre å ta steget. Om å finne ut kven ein er og kven ein vil vere.

I tillegg til dette får vi små, trivielle glimt frå kvardagen som er gjenkjennelege og morosame. I boka møter du både skrivesperre, manglande sjølvdisiplin, fylleangst, heimlengt, inkassovarsel, overdriven pornobruk, forventningspress og skamma over å misunne «den vellukka» i venegjengen som tilsynelatande meistrar absolutt alt dei tar i. Det er når ho skriv om slike tabubelagte tema boka treff best, for ho går laus på trekk vi alle har og gjer det på ein måte som gjer at ein ikkje kjenner seg åleine.

Del på facebook
Arne Hjeltnes:

Stupetårnet

Arne Hjeltnes – Stupetårnet

Snart er det sommar, og til hausten er det val. Kva passar då betre enn å lese ei bok som inneheld både sommar og politikk?

Den pensjonerte gymlæraren Norman Koggen samlar inn pengar til å setje opp eit stupebrett i den vesle byen han bur i. Etter ei raus gåve er finansieringa på plass, men til Koggen si store overrasking er ikkje plansjefen i kommunen særleg interessert i å setje opp stupebrettet på bystranda.

Når ordføraren får høyre om dette, går han til lokalavisa og kuppar ideen. Ikkje berre skal dei setje opp stupebrett, det skal byggast ei stupeøy verda aldri har sett maken til! Kritiske røyster blir ikkje lytta til, og sjølvsagt ballar problema på seg etter kvart som stupeøya tar form.

Romanen er humoristisk, men gir samtidig eit innblikk i kommunal forvaltning. Særleg kjekt er det å lese om den slu konsulenten som loppar kommunen for pengar med sine gode råd om krisekommunikasjon. Det er lett å kjenne seg att i karakterane og korleis det er å bu på ein liten stad, og den velmeinte inkompetansen til alle involverte i stupeøy-prosjektet.

Romanen er basert på ei sann historie, nemleg historia om stupetårnet i Hamar, som gjekk frå å skulle koste 1,5 million til å ende opp med ein prislapp på over 20 millionar kroner.

Del på facebook
John S. Jamtli:

Sabotør

John S. Jamtli Sabotør

Du har kanskje høyrt om Oslo-gjengen og Kompani Linge, men har du høyrt om Osvald-gruppa? I denne teikneserieromanen blandar forfattar og illustratør John S. Jamtli historiske fakta med reinspikka actionmoro i ei forteljing frå Noreg under den tyske okkupasjonen på 1940-talet.

Osvald-gruppa var ei motstandsgruppe som utførte om lag 200 aksjonar under andre verdskrig, mellom anna sprenginga av Øst- og Vestbanestasjonen i Oslo. Det blir sagt at Osvald-gruppa gjennomførte fleire og meir verknadsfulle sabotasjeaksjonar enn noko anna motstandsgruppe. Men sidan Osvald-gruppa hadde band til Sovjetunionen og kommunismen, fekk dei lite heider og ære då krigen var over. Leiaren av gruppa, Asbjørn Sunde, hamna i fengsel for landssvik og spionasje, og dette påverka ettermælet til gruppa sterkt. I nyare tid har historia deira blitt trekt fram i lyset att, og det har blitt sett opp minnesmerke og delt ut medaljar til nokre av medlemmane som framleis er i live.

I teikneserien møter vi kjende personar som ministerpresident Vidkun Quisling og etterretningsagent Henry Rinnan, og vi får besøke viktige stader som Bandeklosteret i Trondheim og Victoria terrasse i Oslo. Vi er ein kjapp tur innom slaget i Narvik før vi møter hovudpersonen Johan i Falstad fangeleir. Han greier å rømme frå leiren med hjelp av ein streng fyr som heiter Knut og ein hissig trønder som heiter Olav. Johan og Olav blir rekrutterte til motstandsgruppa Knut er med i, og vi får følgje dei gjennom opplæringa og ei rekkje små og store oppdrag. Samtidig er Rinnan på jakt etter den løyndomsfulle leiaren av Osvald-gruppa for å stoppe arbeidet deira ein gong for alle.

Det er mange flotte detaljar i både språk og strek. Sjølve teikningane kan minne om stilen i Asterix og Sprint eller den norske Krüger og Krogh, der folk har store nasar, trillrunde auge og overdriven mimikk. Karakterane vi møter snakkar dialekt, og dette er med på å gjere historia både nær og morosam. Sjølv om historia er prega av action og kampen mot overmakta, slit Johan med samvitet fordi han må vere med på ting han ikkje forstår eller som han meiner er feil. Vi er vitne til både skotvekslingar og tortur, og vi merkar alvoret i situasjonane Johan og kameratane er involverte i. Boka ender med at krigen sluttar, men det er ikkje nødvendigvis ein lykkeleg slutt.

Det er verd å understreke at ein ikkje må ta denne teikneserien på alvor som ei historisk korrekt kjelde. Det står på omslaget at det er ei røverhistorie frå krigsåra, og bør bli lesen som nettopp det: ei god historie sett i ein historisk kontekst. Boka passar for folk som er interessert i historie, action og humor, i alderen frå tretten år og oppover.

Del på facebook
Ruth Lillegraven:

Skogen den grøne

Ruth Lillegraven Skogen den grøne

Den nyaste barnediktsamlinga til Ruth Lillegraven, Skogen den grøne, handlar om eit barn som går inn i skogen åleine, og vi får sjå verda gjennom barnets blikk. Slik kan også vi vaksne få eit nytt forhold til naturen som omgir oss.

Dikta kan lesast kvar for seg, men det passar kanskje betre å lese dei som ein heilskap. Det første diktet tar oss med inn i skogen for første gong, medan diktet som avsluttar samlinga tar oss med ut av skogen og heim. Gjennom boka kan ein både møte gleda og undringa som eit barn har i møte med det ukjende, og ein kan kjenne uro over å vere einsam og utsett i ei verd som på mange måtar er ukjend og gåtefull.

Fleire av dikta handlar om oppvekst og det å finne seg sjølv: «kva veg skal eg følgje / kva sti skal eg gå» («Spor»), «kvar vil du flyge / og kven vil du vere» («Sommarfugl»). Nokre dikt har alvorlege tema, som «Døden» og «Søkkemyr», og kan derfor vere fine inngangar til å snakke med barn om dei store spørsmåla i livet. Andre dikt, som «Gevir» og «Edderkopp», har ein lun og humoristisk undertone.

Den førre diktsamlinga Lillegraven skreiv for barn, Eg er eg er eg er, blei nominert til Brageprisen og Kritikarprisen det året den kom ut. Den blei òg kåra til ei av årets vakraste bøker, og illustratør Mari Kanstad Johnsen er med på laget også i Skogen den grøne.

Dikta passar for barn mellom seks og tolv år.

Del på facebook
Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Erna Osland har skrive ei bok som heiter : Bestem deg Tony T, bestem deg!  Boka handlar sjølvsagt om Tony, men og om søskenbarnet Silja. Desse to er på besøk hos bestefar, fordi han treng hjelp etter ein augeoperasjon.

Silja er litt vill og driv med dykking. Tony får beskjed om å passe på henne, noko som ikkje er så enkelt. Så skjer det noko dramatisk og det viser seg at dei alle tre har halde ting hemmeleg. Tony kjem i eit stort dilemma: Skal han fortelje det til mora som er politi? Tony må bestemme seg for kva som er rett å gjere.

Ei spennande bok som passar  for dei som er 9 til 13 år!

Del på facebook
Torun Lian:

Alice svømmer ikke

Alice svømmer ikke

Alice synest det er herleg å ha sommarferie, men alt første dagen held ferien på å bli øydelagd fordi faren seier at no skal Alice lære seg å svømme.

Alice er ei stille jente som er redd for veldig mykje, og dette med svømming trur ho at kjem til å døy av. Det er mykje vanskeleg Alice må gjennom før ho kanskje blir klar. Spenninga held seg gjennom heile boka, og først heilt på slutten får vi vite om Alice verkeleg lærer å svømme i ferien.

God bok med fine illustrasjonar av Øyvind Torseter

Har du lyst til å lese meir om Alice, så har Torun Lian skrive 2 bøker til om henne : ”Alice Andersen” og ”Reserveprinsesse Andersen”.

Del på facebook
Helene Uri:

Hålke

Hålke

Handlinga i denne romanen er lagt til ei leiligheit i Oslo, der «dramaet» foregår over nokre korte vinterdagar. Ekteparet Ebba og Karl, med over 40 års samliv i bagasjen, er innestengt  på grunn av islagde fortau og vegar. Den eneste sonen bur i Australia, og dattera er på ferie i Portugal.

Ebba og Karl kjenner kvarandre sin styrke og svakheit heilt inn til margen. Dette kunne lett vorte kjedeleg, men Helene Uri klarar å gjere denne historia til spanande, litt trist, men også svært morosam underhaldning.

Kvinna Ebba fører ordet, den ein gong svært vellukka karrierekvinna, høgskulelektoren med ambisjonar, som no er pensjonert og prisgitt dagleg omgang med sin Karl. Han som ein gong var den populære og ettertrakta som alle venta seg noko stort av, men som har vore fornøgd med å undervise ungdomsskuleelevar gjennom eit langt liv. No er desse to innestengt, overlatne til seg sjølve, to gamle mennesker som ikkje tør å våge seg ut på glattisen, som satsar på at matforrådet i skapa held til veret endrar seg eller kommunen strør på dei islagde vegane.

Helene Uri skriv direkte og presist, og hentar fram fine små nyansar som viser to mennesker, som fortsatt etter eit langt samliv kan «tende» kvarande, irritere kvarandre grenselaust, smålyge for kvarande, vise ømheit, raseri og følelsar som grensar til hat. I Ebba sin versjon er Karl ein mann å frykte. Han har eit voldsomt temperament, men kan også tilgi, og er ein mann med sans for store blomsterbukettar. Venninnene har gjennom åra oppmoda henne til å forlate Karl, han har ein gong slått og kan gjere det igjen. Ho skuldar han også for å ha vore for lite ambisiøs, for bedageleg. Ho vedgår å ha hatt sine svin på skogen, ein elskar, til overmål ti år yngre enn henne.

Mykje klok observasjonsevne hjå forfattaren gjer portrettet av Karl og Ebba til ei smertefull påminning om den mindre glamorøse sida ved å verte eldre,  men den fortel også om seigliva kjærleik og om krenking som aldri vert gløymd.

Det er forbausande mykje underhaldning og humoristisk snert i Helene Uri si beskriving av dagleglivet sine rituale hjå eit aldrande ektepar som av rein staheit nektar å be naboen om hjelp eller rett og slett ta ein telefon til næraste matvarebutikk. Det finst alltid ein pose med nypete når kaffien tek slutt, eller ein karamellpudding utgått på dato for tre veker sidan. Ebba frydar seg over å servere ektemannen sin nettopp den.

Helene Uri vart med Hålke nominert til Bokhandlerprisen 2016.

Del på facebook
Ida Larmo:

Putekrigen

Putekrigen

Illustratøren Ida Larmo debuterer her med ei bok der ho står bak både tekst og bilete, og det kjem ho veldig bra ifrå.

Svært uttrykksfulle illustrasjonar og fin tekst. Den handlar om ein spesiell putekrig som går nokså vilt føre seg. Historia foregår om natta, og inneheld både mistanke om tjuveri og ei sint nabobikkje. 

Ei spennande bok for alle små, men truleg aller mest for dei som sjølve har, eller har hatt sutteklut eller kosepute.

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av