Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Hallvar Witzø:

Tuba Atlantic

Cover Tuba atlantic

Tuba atlantic

Vi må først ile til og seie at dette er ein kortfilm, 25 minutt lang. Og regissør Hallvar Witzø har så langt berre laga to kortfilmar – og det gjer prestasjonane enno sterkare: For den eine, denne filmen, vann Oscar for studentar og vart nominert som beste kortfilm til den «skikkelege» Oscar. Og den andre filmen, «Ja vi elsker», vart tatt ut til å delta i den mest prestisjetunge filmfestivalen i verda, nemleg Cannes.

Witzø skal kome med ein ny kortfilm i år, og har elles fått salt til maten ved å regissere reklamefilmar og enkeltepisodar for fjernsyn (t.d. «Helt perfekt» med Thomas Giertsen). Dessutan har han ei viss tilknyting til fylket gjennom å ha vore assistentlærar eitt år, og seinare gjestelærar, ved Nordmøre folkehøgskule i Surnadal.

Nok personalia; no over til filmen: «Tuba Atlantic» handlar om Oskar (som altså nesten vann Oscar …), ein 70 år innful trønder som får beskjed frå doktoren sin om at han har fått kreft og har seks dagar att å leve. Surpompen har difor kort tid på å rette opp alle «feila fra i går», og den største er at han og broren i Amerika har mista kontakten for lenge sia etter ein uforståeleg krangel. Ikkje veit han korleis han skal få tak i broren og begrave stridsøksa før det er for seint, heilt til …

Dette er, som sagt, ein kortfilm med sikkert eit svært så stakkarsleg budsjett. Witzø har kompensert for dette ved også å bruke amatørar i nokre av rollene, m.a. Edvard Hegstad som spelar surpompen. Dessutan har han og produsent Gudrun Austli brukt eit miljø dei kjenner godt til, trøndelagkysten, og sikkert mobilisert det som er av dugnadskraft og godvilje for å få til eit så vellukka resultat.

Ja, det blir «bonsk», det tenderer mot «buskis-humor» og det verkar litt impulsivt og «tatt på hælen». Og det er denne sjarmerande blandinga som gjer at filmen verkar både eksotisk, frodig og truverdig, og da spesielt utafor gamlelandet.

Del på facebook
Ken Loach:

Jeg, Daniel Blake

Cover til Jeg, Daniel Blake

Jeg, Daniel Blake

Kvifor pratar ingen om «framandgjering» lenger? Kvifor ikkje i dag, når det er god grunn til det? Vi har utvikla eit samfunn der «effektivisering» blir synonymt med «digitalisering», og der «digitalisering» gjerne har ei «best før»-aldersgrense.
Jau, det er mange eldre som taklar det meste på data. Men det er også mange som kom ut i arbeidslivet før rettetasten vart introdusert på elektriske skrivemaskiner, og som aldri har hatt behov for å trykke eller taste på noko som helst – før dei i godt vaksen alder må ha kontakt med statlege instansar som krev at du berre kan nå dei på telefon (og da med eit tilfeldig kontor ein anna plass i landet) og utføre det du treng å gjera på nett. Har du ingen nær deg som kan hjelpe, er du ille ute. Da er det lett å gi opp og t.d. legge bort opparbeidde krav på refundering av pasientreiser, miste oversikt over kva du får utbetalt i pensjon og kva det no skal vere. Du føler deg temmeleg utafor samfunnet. Du har ikkje kontroll i ditt eige liv lenger. Du er framandgjort.

Ken Loach har alltid stått opp for dei som fell ut av samfunnet. Slike som Daniel Blake, enkemann som vart sjukemeldt og stangar inn i kafkaske veggar for å få den hjelpa han har krav på. Og han er ikkje åleine og får nær kontakt med ei åleinemor som verken har råd til mat eller straum og må til slutt ty til det einaste ho har att å selje. 

81-årige Loach har laga liknande filmar i heile si karriere, der det regnar steinar («Raining Stones», 1993) på hovudpersonane som du finn mellom dei nedste i arbeidarklassen – «Riff Raff»-et (1991).

Stilen er difor dokumentarisk, filminga verkar ekte og ikkje tilgjort med perfekt lyssetting eller lyd. Skuespelarane er ikkje av dei mest kjente, noko som også støttar opp om det dokumentariske – da vi ikkje koplar dei til andre filmar. Dessutan tok han opptaka i «Jeg, Daniel Blake» i kronologisk rekkefølge og lot skuespelarane vere delvis uvitande om kva som skjer framover. Skuespelarane stiller difor likt med rollefigurane dei skal portrettere, noko som også gir ei meir «ærleg» tolking.

Om ein, etter mi meining, skal dra fram ein liten minus med filmen, er det eit innslag på slutten – som fortonar seg som ei lita preike. «Don’t tell it, show it!», heiter det. Men han viste det likevel så godt denne gongen at han vann «Gullpalmen» i Cannes i 2016 for «Jeg, Daniel Blake».

Del på facebook
Tim Miller:

Deadpool

Deadpool

Det var Fantomet, Lynvingen og slike som var superheltane i teikneseriar da eg vaks opp. Sett bort frå Supermann, var det ingen som flaug veggimellom eller hadde uforklarlege superkrefter.

Eg var aldri nokon fan av Supermann.

Fantomet var derimot berre ein mann av ære, som glei litt ut i det hormonelle etter møtet med Sala Palmer. Og Lynvingen, som no er mest kjent som Batman, var ein slags muskuløs Leonardo daVinci, og gjorde sitt til at amerikanarane skulle få interesse for realfaga for å kome over «sputniksjokket».

Men sia den tid har mutantane dominert teikeserieverda, og da mest kjent gjennom Marvel-universet. Det har kome ein serie med filmar om forskjellige X-men (som altså har utvikla eit x-gen som gjer at dei får overnaturlege superkrefter). Ingen har fenga meg noko særleg. Inntil i fjor (2016).

DEADPOOL er ein rå film om ein superhelt som verken har lyst til å være særleg helt eller super. Han er sjuk, men går med på ei meir enn spekulativ behandling for å bli frisk. DEADPOOL overlever den, får superkrefter, men føler han ser altfor ille ut til å gå tilbake til kjæresten. Derfor på med trikoten og ute etter hemn over han som mis(be)handla han.

DEADPOOL er sikkert for dryg kost for dei fleste og blir ei valdsorgie ihopblanda med stand-up og sjølvironi. Humoren er altså svært grovkorna, men slår garantert an for dei som er inne i sjangeren. Det kryr med referansar til andre filmar, meir eller (helst) mindre kjende skuespelarar og teikneseriehelter.

Regissør Tim Miller har levert den beste filmen, etter mi meining, med figurar kjent frå Marvel-universet. Den har aldersgrense 15 år, høgst forståeleg, og har fått ein poengscore på 8,1 på den kjende nettstaden imdb.com. I rollene: Ryan Reynolds, Morena Baccarin, Ed Skrein m.fl.

Del på facebook
Alejandro Iñárritu:

The Revenant

Leonardo Di Caprio

Leonardo Di Caprio

 

Du trur du har sett det meste med all den datateknologien og andre effektar som filmindustrien har teke i bruk. Men du har aldri sett nokon bli jult opp av ein bjørn slik som Leonardo DiCaprio blir i «The Revenant».

 

Det tek nærast livet av Hugh Glass, som rollefiguren heiter. Likevel kjempar han vidare, drive fram av ønsket om hemn mot han som stakk frå han (spela av Tom Hardy; for tida ein av dei største skurkane i filmverda).

 

«The Revenant» er kanskje like kjent som filmen Kristoffer Joner var med i – så vidt! Etter å ha kjeda seg gjennom ein lang og trøsteslaus opptaksperiode, er han knapt å sjå: berre eit kort kamerasveip fer forbi han først på filmen, medan han seier den eine setninga som overlevde klippinga av filmen.

 

Leonardo DiCaprio derimot er med omtrent heile tida; ein kraftprestasjon av dei sjeldne der han overlever mot alle odds sjølv om han til tider har nok med å dra kroppen etter seg gjennom ei kald og ugjestmild villmark.

 

DiCaprio vann sin første Oscar med denne filmen. Sjølv om det mest er det fysiske han briljerer med i denne filmen, har DiCaprio gjentekne  gonger vist at han er «Oscar-materiale».

 

Alejandro Iñárritu har nok ikkje det same glamorøse omdømmet som DiCaprio, men fekk sin fjerde Oscar for regijobben på «The Revenant».For han vann også i 2015, m.a. som regissør av «Birdman» og har levert glimrande filmar, som «Babel», før.

 

Og ei lita oppmoding til slutt, om enn i seinaste laget i dette tilfellet: storslegne filmar som «The Revenant» er laga for det store lerretet. Film er absolutt best på kino!

 

Men fekk du ikkje med deg «The Revenant» der, kan du trøste deg med å låne filmen på biblioteket. 

Del på facebook
László Nemes:

Sauls sønn

Sauls sønn

Få har vekt slik merksemd med sin debutfilm som ungararen László Nemes, sjølv om handlinga er frå eit velkjent kapittel i vår bestialske nære historie; Holocaust.

Historia er altså kjent: Jøden Saul er i ein såkalla sonderkommando i Auschwitz. Han er av dei fangane som er tatt ut til å hjelpe nazistane med skitarbeidet i konsentrasjonsleiren. Som motyting får han litt betre «soningsvilkår» og, ikkje minst, får leve vidare – i alle fall for nokre månader.

Sonderkommandoen leier dei som kjem til leiren inn til «garderobeanlegget», sørger for at dei tek av seg kleda, stenger døra etter at dei har gått inn i «dusjen», tek verdisakene dei har lagt att, lempar ut dei daude kroppane (eller «kollia», som lika blir forretningsmessig omtalt som) og skrubbar rein gasskammeret klar til å ta imot neste parti med fangar. Andre brenn opp lika og transporterer vekk oska. Kort sagt: eit helvete på jord.

Saul går rundt som ein levande dauing og gjer rutinemessig jobben sin. Heilt til ein gut viser seg å overleve gassdosen, i alle fall for ei lita stund. Hostande blir guten lagt fram for «doktorane» for vidare undersøking.

Saul påstår at guten er sonen hans og prøver først å redde liket frå å bli brent, for så å leite etter ein rabbi, slik at guten blir gravlagt på rett måte etter jødiske tradisjon. Det verkar å vere Sauls siste desperate forsøk på å vinne att ein ørliten rest av menneskeleg verdigheit før det blir for seint.

Historia i seg sjølv er så ekstrem at den knapt kan visast. Og det er akkurat det som skjer også: vi får aldri eit overblikk over alt det groteske. Det meste skjer i bakgrunnen, uskarpt og med namnlause. Eller heilt utafor bildet, formidla gjennom lyd.

Kamera er omtrent heile tida opp i ansiktet, eller i nakken, på mimikklause Saul, og slik sett blir alt tona ned. Filmen har eit format som er omtrent som på dei gamle fjernsyna – og det gjer at ein skrellar vekk det meste på sidene og «berre» gir rom for nærbilda. Det «innestengte» perspektivet blir forsterka ved at kameramannen har valt eit svakt vidvinkelobjektiv; noko som syg oss enno nærare til Saul. Tagningene er lange og fargene dystre. Som handlinga.

Dette er debutfilmen til Nemes, og hovudrolla blir også spelt av ein debutant, Géza Röhrig. Röhrig har forresten skrive to diktsamlingar om Shoah (Holocaust). Filmen vann både Oscar og Golden Globe som beste framandspråklege film, og «Sauls sønn» stakk av med den nest gjevaste prisen i Cannes, Grand Prix.

Kritikarane trilla stort sett seksarar da «Sauls sønn» gjekk på kino her til lands sist vinter.

  

Del på facebook
Fargo

Brørne Joel og Ethan Coen presenterte oss for eit eksotisk Amerika da dei laga den snodige krimfilmen «Fargo» for tjue år sia. Og det eksotiske var kanskje enno meir framand for den jamne amerikanar, enn for oss her i «gamlelandet». For dei fleste rollene var henta ut frå det skandinaviske miljøa i den nordlege delen av USA. Her var det mykje «ja, ja», «uff da», strikkekofter og enkle sjeler. Ja, mange av etterkomarane frå Skandinavia blir framstilt som ein gjeng godfjottar.

I 2014 kom fjernsynsserien «Fargo», og mange av stereotypiane fekk også spelerom i serien. Dei fleste vil framleis alle berre vel, men nokre har dessverre vore uheldige og viklar seg meir og meir inn i trøbbel. Og det er noko av det meisterlege med fjernsynsserien; korleis noko som går gale, blir verre og verre og verre …

Sesong 2 av «Fargo» kom i 2015 og her møter vi også nokre velmeinande sjeler som er like uheldige og viklar seg inni floke på floke. Denne gongen er det dumsnille preget til lokalbefolkninga tona noko ned, medan ein gjeng nådelause tyskerar blir introdusert som nytt eksotisk innslag.

Sett ut frå kva som er skrive så langt, verkar dette meir til å vere lettbeint underhaldning. Det er for så vidt rett, men måten det er gjort på er rett og slett imponerande. Kløktig utforma manus med fiffige vendingar i handlinga blir gjennomført av gode skuespelarar i eit stilsikkert og tidsriktig miljø. Fargo-serien overgår rett og slett den klassiske filmen som den arva namnet frå. Og det aller meste som blir vist elles. Handlinga er rimeleg grovkorna; men mykje av det blodige og valdelege blir «ufarleggjort» gjennom den absurde settinga.

Sesong 2 er ein såkalla prequel. Det vil seie at handlinga er lagt (ti-år) før det som skjer i sesong 1. Men sjølve motoren i forteljinga, ugjerningane, har ikkje noko med kvarandre å gjera. Difor er det ikkje farleg om du ser sesong 2 først, sjøl om filmskaparane kanskje vil meine noko anna. For dei har lagt inn fleire lause trådar i sesong 1 som får si forklaring i forhistoria.  

Har du sansen for det litt aparte, er «Fargo» noko for deg. Og for langt fleire enn deg, for serien har fått heile 9 av 10 poeng av dei 162.000 som til no har vurdert filmen på imdb.com.

Del på facebook
Andrew Haigh:

"45 år"

45 år

«They asked me how i knew / My true love was true» nynnar den pensjonerte læraren Kate Mercer nokre dagar før ho skal feire 45 års bryllaupsdag med sin mann Geoff. Etter som feiringa nærmar seg, er ho ikkje lenger så sikker på at det er slik.

«45 år» er skuespelarane sin film, og Charlotte Rampling (Kate) og Tom Courtenay (Geoff) fekk prisen for beste hovudroller under den prestisjetunge filmfestivalen i Berlin i fjor. Vel fortent; for dette er ein film meir om det som ikkje blir sagt, enn det som blir sagt.

Charlotte Rampling er kanskje mest kjent for å spele kjølige kvinneroller, og mange av oss hugsar ho kanskje først frå eit drama ein kunne få frysningar av: «Nattportieren» frå 1974.

Den ni år eldre Tom Courtenay (f. 1937) spelte også i ein film på omtrent same tid der minusgradane, bokstaveleg talt, var mange: «En dag i Ivan Denisovitsj liv»; ein film basert på romanen til Aleksandr Solzjenitsyn (tidl. skrive som Solsjenitsyn) som var spelt inn her til lands.

Dette er likevel ein digresjon til paret vi møter i «45 år», der både Kate og Geoff ser ut til å vere svært glade i kvarandre.

Filmen startar med lyden av eit lysbildeapparat som dreg fram bilde for bilde, før vi møter Kate nynnande på Platters-versjonen av «Smoke gets into your eyes». «Den må vi ha på selskapet vårt», tenkjer Kate, og slik blir det. Men innhaldet i teksta vil få ei heilt anna meining for Kate, etter kvart som hendingar styrer handlinga i retningar ho aldri såg for seg.

For heime har Geoff fått eit brev om at Katya er funne. «Du må da hugse at eg har nemnt ho, Kate», nærast spør Geoff. Vel, han har nok ikkje snakka så mykje om ungdomskjærasten som forsvann under ein fjelltur i Sveits for femti år sia. No har ho vorte funne innfrose i ei bresprekk.

Og frå da av og ut filmen, blir dette nærast eit trekantdrama der Kate spør seg om kor «true love» det er mellom ho og Geoff, medan Geoff virrar rundt, desorientert om kva han eigentleg skal føle og kva signal han sender ut til Kate.

Som skrive over; «45 år» handlar like mykje om det som ikkje blir sagt, enn kva som skjer. Difor måtte ein ha skuespelarar som er vaksne nok for oppgåva, og Rampling og Courtenay har både åra og kvaliteten inne til å takle dette. Spesielt Rampling imponerer, og for dei som sett pris på både slike prestasjonar, ei god historie og ein film som tek seg den tida som trengs for å formidle dette, er «45 år» eit godt val.

Del på facebook
Quentin Tarantino:

Pulp fiction

Filmplakat Pulp fiction

Uma Thurman i Pulp fiction

Tarantino!

Quentin Tarantino kom for nokre veker sia med sitt siste epos; «The Hateful Eight». Det går ikkje lange stunda før filmen kjem på DVD/Blu-ray og slik sett vil den sikkert bli å finne på nokre bibliotek snart. Men er den noko å sjå? For om ein skal vere stygg, er filmen berre eit par timar med tomprat som blir avrunda med eit ti-femten minutt langt blodbad.

Quentin Tarantino (f. 1963) er kanskje den mest typiske autoren av dei kjente regissørane i dag. Det vil seie at det er lett å kjenne att ein Tarantino-film; for han sett sitt fingeravtrykk på alt han gjer. Av særtrekka er dialogane. Medan filmar flest har ein dialog som er retta inn mot å støtte opp under handlinga, kan rollefigurane i ein Tarantino-film diskutere kvardagslege ting  – og gjerne med referansar til populærkulturen, som t.d. kva Madonna syng om («De hensynsløse»). Ja, Tarantino er ein postmodernist – han elskar «lågkulturen», anten det er snakk om film, teikneseriar eller popmusikk. Filmane hans er difor også ei hylling av filmsjangrane som han vaks opp med på 1970-talet, som t.d. blaxplotation (actionfilmar med mørkhuda som gjerne har tatt litt mykje Møllers tran), spagettiwestern og Hong Kong-actionfilmar.

Denne hyllinga har gjerne kome litt i bakgrunnen for andre kjennemerke ved filmane hans; og da særleg den splatteraktige valden i fleire av filmane. Denne teikneserieaktige framstillinga der blod og alt anna innvortes skvett veggimellom gjer at valden får ein eigen estetikk – overdreven og, etter mange si meining, sjuk. Andre vil heller seie dette heller har humoristiske undertonar. Tarantino kan difor trygt seiast å vere ein kultregissør; og denne kulten elskar han.

Det er ingen grunn til å tvile på at Tarantino også elskar film – ein kjærleik som er tydeleg merkbar i alt han har laga. Men om du ikkje har sett Tarantino før, kan det vere lurast å gå litt attover i katalogen og heller sjå nokre av dei første filmane. «Pulp Fiction» (nok ein referanse til «lågkultur») vann til dømes gullpalmen i Cannes og kan vere ein passande film å starte med, for dei siste krev nærast at ein allereie er med i kulten for å få utbytte av dei.

Pulp fiction, 1994, med Uma Thurman, John Travolta, Samuel L. Jackson, Bruce Willis, Quentin Tarantino, 2 t 58 min., Gullpalmen i Cannes 1994, Oscar for beste manus i 1995

Del på facebook
Frank Darabont:

The walking dead

Cover The walking dead

The Walking Dead (2010–d.d.)

Splatter! Det er lett å sjå på fjernsynsserien “The Walking Dead” som splatter; for her skvett det blod og tarmar heile tida. Men i motsetnad til splatterfilm, manglar TWD elementet av (tilsvarande sjuk) humor som pregar den sjangeren. For dette er alvor. Ja, faktisk blodig alvor!

TWD skildrar USA i ei postakopalyptisk tid der alle menneske har eit iboande virus i seg som gjer dei til zombiar om dei dør. Desse zombiane er hungrige skapningar som vraltar rundt for å gnage på alle levande som er att. Og blir nokon av desse bitne, endar dei relativt snart som zombiar sjølv – om dei da ikkje blir heilt dau ved å få eit stikk i hjernen. Zombiane går som kjent rundt og rallar «brain, brain, brain» heile tida.

Alle som ikkje likar slikt, vil sjølvsagt aldri finne på å sjå denne serien. Det er forståeleg, men dei får da ikkje med seg at det er ikkje zombiar dette handlar om – det er oss sjølve, og korleis vi framstår når fernissen frå sivilisasjonen brutalt blir rive vekk. Slik sett er ikkje TWD noko annleis enn andre filmar der folk blir sett i ekstreme situasjonar, om det er katastrofar, gisselsituasjonar eller krigsfilmar. Slik sett blir zombiane mest staffasje etter kvart, sjøl om dei sjølsagt er der som ei tikkande bombe gjennom heile serien.

Det mest interessante er likevel korleis personane utviklar i ulike retningar når dei er sett under press, og korleis personkjemien endrar seg i gruppa. Og korleis ulike grupper taklar situasjonen dei har kome opp i.Nokre episodar er via enkeltpersonar, for å forklare korleis dei vart som dei vart. Og andre episodar er først og fremst spennande, til dels ulideleg spennande.TV-serien er no inne i sin sjette sesong, og Fox TV, som viser TWD, har no eit prateprogram etter episoden, «Talking Dead», som tek opp det som hendte i episoden.TWD er basert på ein teikneserie som også har kome i norsk omsetjing nyleg.

Dei aller fleste av de som les dette, vil aldri komme til å like denne serien. Det er til å leve med, for alternativet er verre …

Del på facebook
Torbjørn Færøvik:

Maos rike : en lidelseshistorie

Bokomslag Maos rike

Torbjørn Færøvik har med «Maos rike – En lidelseshistorie» gjeve oss historia som det offisielle Kina ikkje vil høyre.

Vi i Vesten har eit klart bilde av kva Hitler var skuldig i. Og vi veit noko om dei ufyselege brotsverka til Stalin. Mao sitt skrekkvelde har derimot vore meir tilslørt for oss. Men han fortener absolutt ein plass på denne «Skammens Pall», og så får dei tre gjera opp seg imellom kven som var aller verst.

Likevel: På Den himmelske freds plass i Beijing, i området der kinesiske studentar og arbeidarar vart massakrert etter demonstrasjonane for 25 år sia, heng det framleis eit digert portrett av formann Mao – «landsfaderen» for det kommunistiske Kina.

Vi veit ikkje kor mange som vart slakta ned for tjuefem år sia og styresmaktene gjer det dei kan for at folk skal gløyme at dette nokon gong hendte. Vi veit heller ikkje kor mange formann Mao var indirekte ansvarleg for at døydde. Og det offisielle Kina gjer, som nemnt, også sitt til at dette ikkje skal bli kjent.

Torbjørn Færøvik gjer tvert imot sitt til at det skal bli kjent. I «Maos rike – En lidelseshistorie» brukar han eit vidt kjeldemateriale for å få fram kva som verkeleg skjedde i dei rundt 30 åra Mao (van)styrte.

Færøvik fortel kva som skjedde da kommunistane tok makta i Kina og korleis Mao utøvde den i dei neste ti-åra. Mao var forfengeleg og maktsjuk og hadde idear som var rein dumskap. Dessverre fekk det dystre konsekvensar for kineserane: Ein reknar med at over femti millionar døydde som følgje av den brutale politikken i den tida Mao var ved makta.

Mange vart avretta i den tidlege fasen med maoiststyre og nokre vart lynsja da Mao sendte ut dei unge raudegardistane sine. Men langt fleire svalt i hel.

Og nokre overlevde ved å ty til kannibalisme.

Dette er likevel berre spekulative stikkord i ei bok som rommar langt meire; forteljinga om dei første tiåra til vår nye supermakt Kina. Og det er enno ein grunn til å lese Færøviks meisterlege skildring; Kina har store ambisjonar globalt og da er det greitt å vite meir om dette enorme riket. Og spesielt sia leiarane i Kina i dag leflar meir med Mao enn kva sunt er.

Og utanfor Kina, også her i Noreg, verkar det som fleire er villig til å oversjå det meste for å kome i (for)handlingsposisjon med Kina. Dei tilber nok ikkje Mao, men kanskje heller Mammon?

Del på facebook

Åpningstider 

Mandag -Torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av