Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Peter S. Strassegger:

Aleksander den store

Aleksander den store

Tankevekkande og sterkt om valdeleg ungdom.

Hovudpersonen Aleksander flyttar til Noreg etter å ha vore involvert i ei alvorleg valdshending. Sjølv hugsar han lite av det. Foreldra har håp om at å flytte vil gje dei ein ny start, men som kjent så flyttar ofte nissen med på lasset.

Aleksander held fram med å lage bråk også på den nye staden. Han får lettare uvener enn vener, og han mistrivast på skulen.

Det eksisterer mange slike ungdomsromanar frå før, med der hovudpersonen har "problem", og der plottet lett vert actionprega på grunn av handlingane til den utagerande hovudpersonen. I denne boka er det lagt meir vekt på personen, og kvifor han gjer som han gjer, sjøv om han anar konsekvensane av det. Dette får forfattaren til ved at  vi kjem på innsida av hovudet til Aleksander, godt hjelpte av dei indre monologane og tankane hans. Det er godt gjort å klare dette. Strassegger må inneha ei god psykologisk innsikt i ungdommar med "issues".

Boka teiknar eit godt bilete av ein ungdom med veksande aggresjon mot andre, grunna ein uuthaldeleg skulekvardag  gjennom mange år. Kvifor vert ein som ein vert?

Det finnast også mange lysglimt i boka, som fornuftige foreldre, byrjande venskap og kva uttalt venlegheit har å seie for kvar enkelt levande sjel, og det å stå opp for seg sjølv. 

Boka er lettlesen og har eit språk som passar til målgruppa. Den er rett og slett ei svært god bok. Eg trur at dette også vil verte ei populær bok blant all slags ungdom. Og; ikkje minst bør lærarar og andre som har med ungdom å gjere lese denne truverdige og velskrivne boka. 

Del på facebook
Nicolai Houm/Rune Markhus:

Når alle sover

Når alle sover

Kva skjer eigentleg om natta når alle søv? 

Boka Når alle sover handlar om kva som skjer i ein heilt vanleg landsby om natta. Då kjem Boba, som riv og øydelegg alt mogleg, slik at Lille Fetir Lutemann kan komme og reparere og setje saman alt Boba har øydelagt. Slik går nettene. Dei som bur i landsbyen veit ingenting om det som skjer, borsett frå Murielle og faren, som driv eit bakeri, men dei klarer utruleg nok å halde dette for seg sjølve. Det er deira sin løyndom! Brått ein dag vert Lille Fetir Lutemann skada, og kan klarer ikkje setje saman dei øydelagde tinga att. Og kva skjer då?

Det som er så kjekt med denne boka er at den spelar på det som ingen veit om, men som allikevel skjer. Den minnar meg litt om den der Larsons gale verden-stripa, der kyrne går rundt som menneske når ingen ser dei. Berre tanken på alt det som eigentleg kan foregå, men som ingen menneske får med seg, er jo veldig komisk og spennande. Det er ei god dose humor i denne boka også, sjølv om ho handlar om eit bulldoseraktig monster. 

Boka kom ut i 2011, men den held seg godt fordi den blant anna tek opp universelle spørsmål. Ho tek opp viktige ting som det å halde på løyndommar, og at også dei som er bråkete og øydelegg ting har sin funksjon og verdi i eit samfunn, og at ein godt kan vere vennar med dei også. Bileta i boka er prega av kontrastar mellom mørke og duse "nattfargar" og lys frå ulike lyskjelder om natta, som månen og stjernene, gatelys, billys og lys frå vindauge der folk enno er vakne. Dette speglar også det vi tradisjonelt har sett på som godt(lyst) og vondt(mørkre), og hovudpersonane Boba og Fetir representerer jo dette; øydelegging og gjenoppretting. Man kanskje er ikkje alt så svart-kvitt likevel alltid?

At boka snakkar direkte til barnet er også eit godt grep som gjer at lesaren og tilhøyraren vert dregen enno meir inn handlinga. At denne boka ofte vert lesen på sengekanten til barnet før ho skal sove, er nok også nøye tenkt ut. Når du sovnar; kva skjer då? Eg vil tru mange born har lege vakne og spekulert på dette når lyset har blitt sløkt etter lesinga. 

Eg lyt også drage fram at samspelet mellom forfattar og illustratør er særs vellukka. Både dei små og dei vaksne vil ha utbytte av å lese denne boka, som bør inn som ein klassikar i norsk barnelitteratur. 

Del på facebook
Torbjørn Færøvik:

Orientekspressen - en vårreise

Orientekspressen - en vårreise

Boka Orientekspressen - en vårreise kom ut i 2016

Ei vårreise, tenkte eg, då eg såg boka. Ja, det hadde vore noko! Det er haust og koronarestriksjonar, men heldigvis så er det ingen som kan hindre meg i å legge ut på ei imaginær reise, kyndig guida av Torbjørn Færøvik. 

Torbjørn Færøvik er ein av Noreg sine fremste reiseskildrarar, og er den einaste som har vunne Brageprisen tre gongar. I denne boka reiser han langs verdas mest berømte togspor; Orientekspressen. Som mange sikkert veit gjekk denne togruta mellom Paris og Istanbul, men vi som les boka får heldigvis ei utvida reise som startar i London og som held fram heilt til Samarkand, som vert rekna som den vakraste perla langs Silkevegen.

Langs vegen ausar Færøvik av kunnskapen sin om historie, kultur, tradisjonar og menneskeskjebnar, og det er ikkje eit sekund dødtid i denne boka. Vi som lesarar vert rivne med av det forteljande og entusiastiske språket. Ein kan formeleg høyre tonane frå operaen i Wien og lukte krydderet frå den enorme basaren i Istanbul.  Og så er det den mennesklege sida av det heile: Det er tydeleg at Færøvik har ein evne til ikkje berre å observere menneske, men også å snakke med dei og få dei i prat. Han serverer oss historie på historie som er så interessante at ein gløymer at ein sit heime i si eiga stove; tekoppen vert gløymd og klesvasken må vente. Forfattaren er er så open og nyfiken, at han gjer oss som les opne og nyfikne sjølve. Om alle dei tolv landa og tjueto byane han skildra, tenkte eg: Dit MÅ eg! 

Særleg godt likte eg skildringa av det for meg litt ukjende Romania, og at han lot Istanbul ta litt større plass i boka er berre heilt naturleg. For nokre skildringar!

 Eg les ofte litteratur for å verte bittelitt klokare. Etter denne boka er eg redd for å framstå som ufordrageleg besservissar - det er nemleg heilt utruleg korleis Færøvik får formidla inntrykka sine og kunnskapen sin slik at det vert sitjande fast i minnet!

Det var ei stor oppleving å lese denne boka i ei tid som er spesiell for oss alle. Den fortalde meg at verda er der ute enno, og at ein dag - EIN DAG..!

Del på facebook

Åpningstider:

Mandag -  torsdag 10 - 19

Fredag 10 - 16

Lørdag 10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av