Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Erna Osland har skrive ei bok som heiter : Bestem deg Tony T, bestem deg!  Boka handlar sjølvsagt om Tony, men og om søskenbarnet Silja. Desse to er på besøk hos bestefar, fordi han treng hjelp etter ein augeoperasjon.

Silja er litt vill og driv med dykking. Tony får beskjed om å passe på henne, noko som ikkje er så enkelt. Så skjer det noko dramatisk og det viser seg at dei alle tre har halde ting hemmeleg. Tony kjem i eit stort dilemma: Skal han fortelje det til mora som er politi? Tony må bestemme seg for kva som er rett å gjere.

Ei spennande bok som passar  for dei som er 9 til 13 år!

Del på facebook
Torun Lian:

Alice svømmer ikke

Alice svømmer ikke

Alice synest det er herleg å ha sommarferie, men alt første dagen held ferien på å bli øydelagd fordi faren seier at no skal Alice lære seg å svømme.

Alice er ei stille jente som er redd for veldig mykje, og dette med svømming trur ho at kjem til å døy av. Det er mykje vanskeleg Alice må gjennom før ho kanskje blir klar. Spenninga held seg gjennom heile boka, og først heilt på slutten får vi vite om Alice verkeleg lærer å svømme i ferien.

God bok med fine illustrasjonar av Øyvind Torseter

Har du lyst til å lese meir om Alice, så har Torun Lian skrive 2 bøker til om henne : ”Alice Andersen” og ”Reserveprinsesse Andersen”.

Del på facebook
Ida Larmo:

Putekrigen

Putekrigen

Illustratøren Ida Larmo debuterer her med ei bok der ho står bak både tekst og bilete, og det kjem ho veldig bra ifrå.

Svært uttrykksfulle illustrasjonar og fin tekst. Den handlar om ein spesiell putekrig som går nokså vilt føre seg. Historia foregår om natta, og inneheld både mistanke om tjuveri og ei sint nabobikkje. 

Ei spennande bok for alle små, men truleg aller mest for dei som sjølve har, eller har hatt sutteklut eller kosepute.

Del på facebook
Solveig Blindheim Bendixen :

Teo tøffar seg

Teo tøffar seg

Har du ikkje lese bøkene om Teo enno, så har du noko å gle deg til. Dei handlar om Teo som går i første klasse, og alt det rare, morosame og spennande som han opplever, både på skulen og i fritida.

Les gjerne sjølv eller få nokon til å lese for deg, bøkene er like spennande for store som små.

Eg trur mange vil kjenne seg att i boka ”Teo tøffar seg” no når vi nærmar oss 17.mai.

Dei andre bøkene heiter: ”Teo i trøbbel”, ”Teo tar sjansen” og ”Tenk at det var Teo”.

Det er Solveig Blindheim Bendixen som har skrive dei, og så er dei på nynorsk

Del på facebook
Irene Marienborg:

Jeg må tisse

Jeg må tisse! sier Nora

Til småbarnsforeldre

 

Har de sett bøkene til Irene Marienborg?

 

Ho har laga 4 herlege bøker om Nora i ulike kvardagssituasjonar - Det regner!sier Nora, Jeg må tisse!sier Nora, Fine prikker!sier Nora og Jeg vil bake!sier Nora

Dei handlar om å kose seg i regnver, slutte med bleier, fine prikkar, og gledene ved å bake.

Historiene er lett gjenkjennelege, og har fargerike og svært uttrykksfulle illustrasjonar. Vi gler oss til fleire bøker av Irene Marienborg.

 

Dette er bøker å bli glad i!

Del på facebook
Monsterboka

Eg vil anbefale ei bok full av grøss til ferien. I «Monsterboka» har 20 forfattarar skrive kvar si historie. Du kan lese om hårmonstera Knus og Knas eller tjuvefangarmonstera Tang og Tare. Du kan lese i vortemonsterets dagbok eller historia om Monster Klo. Dei 20 forteljingane handlar om ulike monster: store og små, slemme og snille. Dei fins under senger og i vatn, på bakken og i lufta, i holer og i tre. Boka er både morosam og litt skummel, og passar godt til høgtlesing for heile familien. Gunvor Rasmussen har laga kjempefine teikningar til alle forteljingane. Grøssande god sommar!

Del på facebook
John Roald Pettersen:

Finn spor fra fortida

Finn spor fra fortida

I denne boka kan du lære å bli ein ekte historie-detektiv. Den viser korleis du kan gå på jakt etter kulturminner.

Her kan du få inspirasjon til å sjå på omgjevnadane dine med heilt nye auge. Huset heime t.d. kan innehalde spor frå fortida som du tidlegare ikkje har tenkt over. Der kan det finnast gjenstandar som ved nærmare gransking kan fortelje spennande historier.

Korleis ser husa ut i bygda/byen der du bur? Kan du finne ut kva tid dei er bygde?

Går det an å finne ut kven som var foreldra til bestemor og bestefar? Her får du råd om korleis du kan forske på slekta di.

Bruk augene godt når du er på tur i skogen eller på fjellet. Kan hende oppdagar du «mystiske» murar t.d. og vil prøve å finne ut kvifor dei er der og kva dei vart brukte til.

Denne boka handlar om korleis vi kan finne spor frå fortida, kvar vi kan leite, og kva det vi finn kan fortelje oss.

Faktabok for mellomtrinnet.

Del på facebook

Åpningstider  sommeren 2018

Mandag 10 - 18
Tirsdag - fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av