Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Thomas Reinertsen Berg:

Verdensteater

Verensteater

Kva er eit kart, og korleis blei verda teikna og oppfatta gjennom historia? Karta som fortidas menneske laga er konkrete uttrykk for kva dei den gang visste om verda og korleis ho så ut. Før kart blei allemannseige og i dag integrert i mobiltelefonen, var dei ofte vakre, forseggjorte og handfarga, og i ei periode hang dei stort sett berre på veggar i velståande heimar. Denne boka er den første norske boka om karta si historie, frå mystiske symbol i steinalderen til flyfoto og satelittbilder og Google Earth. Boka er svært detaljrik og ein fryd for auget. Kvaliteten på boka er av ypparste klasse, både når det gjeld utsjånad og innhald. Undervegs treff vi geografar og oppdagingsreisande saman med heller ukjende heltar i karthistoria. Den offisielle kartlegginga av Norge starta i 1779 da to offiserar sette opp måleapparata sine utanfor festninga i Kongsvinger, og historia om Norge og nordområda går som ein ein raud tråd gjennom heile boka. Her får vi verkeleg lære den ukjende historia om korleis Norge langsamt kom på kartet.

Dette er ei usedvanleg vakker bok, full av vakre kart, og som på ein flott måte oppsummera meir enn tre tusen års arbeid for å kartlegge verda.

Boka blei i år kåra til vinnar av Brageprisen – sakprosa. Juryen grunna kåringa mellom anna slik: »Med boken Verdensteater har journalisten og skribenten Thomas Reinertsen Berg skapt en tour de force i kartenes historie i verden. Boken er usedvanlig flott illustrert, med kart som viser ulike måter å se verden på, fra greske spekulasjoner til middelaldersk tro, fra renessansens forsøksvise vitenskapelige kartlegging til vår digitale samtid med lynkjapp informasjonshenting. En utsøkt og særegen sakprosabok».

Del på facebook
Franklin W. Dixon:

Hardy-guttene

Hardy-guttene

Denne gang skal vi unne oss et gjensyn med gamle barneklassikere som svært mange av oss voksne leste da vi var unge, nemlig Frøken Detektiv og Hardy-guttene. Begge seriene er fremdeles svært populære, og de handler om ungdommer som leker detektiver og som løser ulike mysterier. Hardy-guttene ble opprinnelig skrevet i tidsrommet mellom 1927 og 1979, og de fleste av oss tror fremdeles at forfatteren heter Franklin W. Dixon. Så viser det seg at vi er blitt lurt i alle år, navnet er et psevdonym, og bøkene er skrevet av mange ulike forfattere. Så feil kan man altså ta!

Det finnes til sammen 110 bøker om guttene og vennene deres. I 2008 kom den første boka i serien Nye Hardy-guttene ut. Da tok de i bruk ny teknologi, blant annet Internett og mobil, og bøkene ble gjort mer moderne for å tilpasse seg dagens unger. Det fine med disse bøkene er at de også blir utgitt i en lett-lest-serie, her er guttene 8 og 9 år og går på barneskole.

Nå kan jeg avsløre enda en løgn, nemlig hvem som skrev Frøken Detektiv – Nancy Drew-serien. Jeg har alltid trodd at det var Carolyn Keene, men så viser det seg at heller ikke hun finnes i virkeligheten. Bøkene kom ut i Norge for første gang i 1941, skrevet av flere forfattere. Frøken Detektiv ble modernisert, hun har selvfølgelig fått seg mobil og bøkene er fremdeles populære.

Både Frøken Detektiv og Hardy-guttene er tilgjengelige som lydbøker.

Og forresten – trodde du at Bobsey-barna var skrevet av Laura Lee Hope, og at forfatteren av Gulltopp heter Helen Louise Thorndyke?? Bare en løgn det også.

Del på facebook
Gutta i trehuset med 65 etasjer

... som viser seg å ikke være godkjent av bygningsetaten (og som derfor må rives)!

Andy og Terry bor i eit trehus som er særs uvanleg: Det er no påbygd til 65 etasjar og inneheld mellom anna bowlingbane, svømmebasseng, marshmallowsmaskin, baby-dinosaurpark og ein sjokoladefoss. Livet kunne ha vore heilt perfekt for gutane, men dessverre må dei også trene ninja-sneglar, sjonglere med motorsager og lage pizza med spiker – og flaggermussmak. Dei har det travelt, og så syner det seg at dei aldri har søkt om løyve til å bygge trehuset! Det kjem ein bygnings-inspektør som krev at heile treet må rivast. No er tida knapp, gutane får ein genial idé, men rekk dei å gjere noko med det?

Dette er den femte boka i serien om Andy og Terry, gutane som stadig vekk finn på meir og meir galskap i huset dei har bygd. Bøkene er lettleste og fulle av ville påfunn og absurde handlingar, alt følgt av gode og morosame teikningar. Nokre av sidene er forma som reine teikneseriar, framifrå teikna av Terry Denton.  Forfattaren Andy Griffith, er ein av Australias mest populære barnebokforfattarar. Her i Norge har bøkene tatt lesarane med storm, og ligg på bestseljarlista kvar månad. Dersom du les bøker som En Pingles dagbok og Dustedagbøkene, vil du garantert like denne serien!

Del på facebook
Magali Le Huche:

Paco og orkesteret

Paco og orkesteret

No er Paco lukkeleg, for endeleg skal det bli konsert, og han skal vere dirigent. På sin tur gjennom skogen som han bur i, finn han alle medlemmane i orkesteret sitt, og vi får vere med på ei musikalsk og morosam reise. Ein etter ein introduseres dyra saman med instrumenta dei speler: klarinett, piano, fiolin, kontrabass, xylofon, pikkolofløyte, celesta, cello, tverrfløyte og fagott. På kvar side i boka er der ein knapp som barna skal finne og trykke på, for å høyre lyden av dei ulike instrumenta. Fortellinga er bygd opp rundt Camille Saint-Saëns kammermusikkverk Dyrenes karneval. Dette er ei engasjerande, morosam og ikkje minst lærerik bok med mange flotte illustrasjonar i skarpe fargar. På dei siste sidene finn vi gode teikningar av alle instrumenta og ei oppsummering av alle lydane. Boka har god og leselig skrift, og lyden av instrumenta er behageleg å høyre på. Passar for alle barn.

Del på facebook
Jon Kalman Stefansson:

Menneskets hjerte

Menneskets hjerte

Jón Kalman Stefánsson: Menneskets hjerte (2014)

Dette er den siste boka i ein trilogi om menneske som levde på Island for godt og vel hundre år sidan, eit Island som til forveksling likna Norge på den tida. Trilogien er eit av dei mest ambisiøse nordiske romanverk som er skrive på mange år, og det går lenge mellom kvar gong eg les noko som fasinera meg så mykje.

Gjennomgangsfiguren i bøkene blir berre kalla Gutten, og vi følgjer hans kamp for å overleve i ein barsk natur. Det startar med eit fiskarlag som drar ut på havet, og på denne turen skjer det ei ulykke som vil prege guten sterkt resten av livet. I bok nummer to legg guten ut på ei vandring i ein særs ugjestmild fjellheim, det er kaldt og mykje snø i fjella. Om djevelen har skapt noe i verden – bortsett fra pengene – må det være snøstormen i fjellene, tenker guten der han går og kjemper seg fram i snø, snø, mykje snø. Boka sluttar idet han er nær ved å dø av kulde, og tredje og siste bok opnar med at han blir funne og redda. Han slår seg no til ro blant menneske han kjenner, familie har han ikkje.

Tittelen på den tredje boka viser til ei gammal arabisk legebok, der det heiter at hjartet vårt er delt i to kammer, eit for lykke og eit for fortviling. Det er i desse ytterpunkta menneska i trilogien oppheld seg, og forfattaren skildrar dette på ein særs vellykka måte.

Den første boka heiter Himmelrik og helvete, og bok nummer to Englenes sorg. Saman med Menneskets hjerte utgjør bøkene ganske enkelt eit storverk av dei sjeldne.

Stefanssón er født i 1963 i Reykjavik, og har også gitt ut diktsamlingar. Språket er stilsikkert og lyrisk, og han seier sjølv at Knut Hamsun er eit av hans store forbilde.

Del på facebook
Profetene i Evighetsfjorden

Dette er ein stor historisk roman om korleis Danmark behandla Grønland og grønlendere på slutten av 1700-talet, i etterkant av Hans Egedes forsøk på å etablere ei kristen tro på øya. Vi følgjer hovedpersonen, nordmannen Morten Falck på hans reise frå heimbygda Lier, via teologistudier i København til pastorvirke og langsom fordervelse på Grønland. På den lille boplassen Evighetsfjorden har ei lita gruppe grønlendere samla seg, dei kallar seg profeter av Guds nåde, og søker å løsrive seg frå Danmark. Her blir pastor Falck og kateketen hans sendt for å ta eit endeleg oppgjør med dei, og dette møtet belyser eit mørkt kapittel i dansk historie. Danskane ser på grønlenderane som de elendige ville, men ironisk nok er det danskane som oppfører seg som barbarar. Sjølv pastoren syndar støtt og stadig.

Det er ei barsk og usminka historie som brutalt skildrar ei tid og eit samfunn prega av nød, vald og epidemiar, der mørke og kulde regjerer saman med gapestokken og bibelen. Det er nærast som stanken frå kloakken dampar ut av boka, der folk vassar i skit og lort, og som lesar fryktar du at også lusa hopper ut av bokblada. Her er levande beskriving av magesjau, årelating med brennevin som einaste bedøvelse og ei brutal skildring av valdtekt og ein påfølgande abort. Lite vellystig lektyre altså, likevel blir du dradd vidare, for boka er verkeleg godt skrive, historia er god, og mellom all elendighet finn du og litt humor. Boka gir ei usedvanlig god leseoppleving.

Forfattaren Kim Leine er født i Norge, men flytta til Danmark som 17-åring. Han er utdanna sjukepleiar og har bodd på Grønland i 15 år. 

(Cappelen Damm 2012). Årets vinnar av Nordisk råds litteraturpris.

Del på facebook

Åpningstider

Mandag - torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av