Johannes Jensen tar nattoget

Det er berre eit drygt år sidan Johannes Jensen tar nattoget kom ut, men eit lag av nostalgi kvilar allereie over utgjevinga. Dei statsbane-kulørte togsetta utstrålar ei stemning frå ei svunnen tid.
Boka høver nok aller best for oss engstelege. Å ta nattoget gjennom Drammen og like til Bergen for å fare på likningsfunksjonær-konferanse kan vere ei tøff påkjenning, jamvel for ei humanoid krokodille som Johannes Jensen. (Eg har sjølv vore på konferanse i Bergen, og det var ingen spøk.)
Heldigvis får helten vår dele sovekupé med doktor Fjeld. Doktor Fjeld er ein stø elefant som kombinerer fagleg tyngde med personleg integritet. – "Det hjelper å øve", seier doktoren. – “Og i tunger stunder hjelper det å tenke på sjokoladekake.”
Boka blir kanskje litt gamalmodig eller veslevaksen for 5- til 7-åringane som boka er meint for? (Doktor Fjeld les “Mørkets hjerte” i overkøya på togturen). Men for oss som er litt over gjennomsnittet gamal- og reddvorne, er det ei svært fin bok.
(PS: Trikset med å tenke på sjokoladekake fungerer ikkje "in real life". Men det er gjerne ei av oppgåvene til barnelitteraturen; å gje von om at sjølv fagkonferansar i Bergen er kan handterast med enkle grep?)
Etter sola

Det som slår meg i møtet med det litterære universet i Etter sola, er at alt opplevast som heilt nytt, samstundes som forteljingane minner om mange av dei gamle kortprosa-favorittane mine.
Medan innhaldet står fram som drøymeliknande og vanskeleg å gripe, er det litterære formatet særs lesarvenleg.
Forteljingane krinsar om det å høyre til. Alle personane opererer i tospann eller grupperingar i randsona av – eller utanfor – storsamfunnet.
Samlinga opnar nesten blendande. Etter lesinga av opningssforteljinga, “Alvin”, sit eg att med den herlege kjensla av ikkje heilt å vite kva som råka meg. Kanskje er det implementeringskonsulent ein burde ha blitt? Derivathandel i kyllingproduksjon på hotellsenga, leskedrikken POCARI SWEAT og sjampoen "aroma therapy: stress relief"; alt verkar underleg forlokkande.
Andre lesarar framhevar “Bad Mexican Dog” som høgdepunktet i samlinga; ei uforgløymeleg soge om seks ekte beach boys som hastar mellom 480 liggestolar for å oppvarte badegjestane med drinkar og smurning. "Svenskens fleskepølser glipper mellom fingrene mine."
Om det er stor litteratur, er vanskeleg å seie. Samlinga fyller meg uansett med tru på at kortprosa-formatet framleis har ei framtid.
Boka tek nesten uforskamma stutt tid å lese, og burde vere vel verdt eit par timars intens sidevending (eller BookBites-beiting) for lesarar som har utvikla smak for det lett bisarre.