Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Klaus Hagerup og Lisa Aisato:

Jenta som ville redde bøkene

Jenta som ville redde bøkene

Veit du kva som skjer med dei bøkene som ingen låner på biblioteket?

Det veit ikkje Anna heller, men når ho får vite det, er det ingen veg tilbake.

Ho må sette i gang ein redningsaksjon. 

Jenta som ville redde bøkene handlar om  10 år gamle Anna som elskar å lese, og ho les omtrent heile tida.

Ho har fått mange nye vennar gjennom bøkene,men ho har ikkje så mange vennar på sin eigen alder.

Hennar beste venn er Fru Monsen som er bibliotekar og snart 50 år.

Ein dag Anna kjem til biblioteket er Fru Monsen veldig lei seg og Anna spør naturleg nok kvifor.

Då får ho vite at det finst mange bøker som aldri blir lånt ut, og fordi det ikkje er plass til alle bøkene, så blir desse bøkene øydelagt.

Anna som elskar bøker vil sjølvsagt hjelpe til , og dermed låner ho med seg eit heilt lass av dei bøkene som ingen andre låner - og begynner å lese.

Etter nokre veker får ho låne ei bok som heiter "Den forheksede skogen" - men så oppdagar ho  at siste sida i boka manglar.

Dermed får ho ikkje vite kva bestemora til guten som boka handlar om skulle fortelle til barnebarnet sitt.

Fru Monsen og Anna startar å leite etter andre eksemplar av denne boka for å få vite slutten, men det viser seg å bli veldig vanskeleg, men ikkje heilt umogeleg... 

Dette er ei magisk fortelling om å elske bøkene og dei som bur i dei, for bokelskarar i alle aldrar.

Lisa Aisato sine illustrasjonar er fantastisk fine, og dette er ei bok som passar for alle som er glade i bøker og bibliotek.

Del på facebook
Bjørn F. Rørvik:

Vaffelfisken

Vaffelfisken

I fjor var det 20 år sidan Bjørn F. Rørvik ga ut den første boka om Reven og Grisungen, og sidan den gongen har han gleda små og store med sine fantastiske og festlege forteljingar. Han er kanskje mest kjent for sine bøker om Bukke bruse på Badeland og Bukkene Bruse vender tilbake. For dei litt større barna har han skrive bøker om Mesterdetektiven Purriot.

Vaffelfisken er årets nye forteljing om radarparet Reven og Grisungen - og det er berre å glede seg:

Reven og Grisungen har lånt ei fiskebok på biblioteket med bilete av alle slags fiskar og sjødyr. Fleire av fiskane ser heilt merksnodige ut, sånn som Gurglefisken.

Andre igjen ser ut som om dei er fæle å ete. Potetflabben er ein slik fisk, den er U.V.P.P. - Usedvanleg Vond På Pizza...

Men så er det heldigvis også nokre som ser skikkeleg gode ut! Aller mest fristande er Vaffelfisken. Ein sånn vaffelfisk kunne Grisungen godt tenke seg til middag.

I boka som Reven har lånt på biblioteket står det at vaffelfiskar kan bli heilt opp til tre kilo tunge. Tenk på det, då, TRE KILO VAFFEL?

Dei to venene reiser på fisketur, men kanskje er det meir enn vaffelfisk som lurer der ned i djupet...

 

Bøkene om Reven og Grisungen er humoristiske, og dei er ekstra fine til høgtlesing.

Både små og store vil garantert like dei, og denne om Vaffelfisken er ikkje noko unntak.

Del på facebook
Det er ein elefant i barnehagen

Kva er den rare lyden i barnehagen? Det er ikkje ein vanleg barnehagelyd. Kan det vere ein...elefant? Dei vaksne seier at det ikkje finst elefantar i barnehagen, men kva kan lyden elles vere?

Maren er sikker i si sak - det MÅ vere ein elefant i barnehagen. Og den elefanten skal ho finne.

Og med det er elefantjakta i gong. Dei leitar etter elefanten i heile barnehagen, men utan å finne noko. Til slutt set dei opp ei elefantfelle.

Kven som blir "fanga" i den felle skal vi ikkje røpe her...

Forfattaren arbeider som barnehagepedagog, og det er tydeleg at han kjenner miljøet han skriv om. Han skriv om barnehagekvardagen på eit

vis som gjev stor attkjenningseffekt i lesargruppa. Det at borna kan finna den gøymde elefanten i illustrasjonane – ein elefant personane i boka

aldri finn – er dessutan eit spanande val som opnar for fine samtalar og aktivitetar i lesestunda. Er det til dømes eit elefantauge som kikar ut frå

ventilasjonssystemet?

Dette er ei morosam bok om kvardagslivet i ein barnehage, og boka er fin til høgtlesing.

Del på facebook
Agnes-Margrethe Bjorvand og Lisa Aisato:

Astrid Lindgren

Astrid Lindgren

Dei aller fleste har eit kjært forhold til Astrid Lindgren. Ho er mor til mellom anna Pippi og Emil. Dagens barn kjenner også godt til desse herlege karakterane.

Men kva veit vi eigentleg om dama Astrid og hennar liv?

I denne biografien som er skriven for barn og unge, får vi ikkje berre vite kven Astrid Lindgren var, vi får også vite av kven og kvar ho har funne inspirasjon til alle forteljingane sine.

Av alle figurane Astrid skreiv om var ho mest glad i Emil. For han var så glad i dyr, akkurat som ho sjølv.

Vi får også høyre om kor tøft det var for Astrid å vere ung åleinemor til sonen Lasse, og kor sterkt ho sakna han.

I boka er det også sett fokus på den "leikne" Astrid Lindgren, t.d. då ho ville ta lappen som 47-åring:

"Da de var ferdige med å kjøre, ristet sensoren på hodet. - Nei, fru Lindgren. Det blir nok ikke noe førerkort på deg! - Men sånn kan du ikke gjøre rett før jul! sa Astrid. - Jeg trenger bare førerkortet til å kjøre barn og barnebarn i sikkerhet dersom det skulle bli krig. - Kjære fru Lindgren. Din bilkjøring er en større fare for barna enn selve krigen, sa sensoren."

Mykje luft på sidene og stor skrift gjer boka tilgjengeleg og lettlest. På slutten får vi ei kortfatta oversikt over Astrid sitt liv med utgangspunkt i viktige årstal.

Og gjennom heile boka kryr det av sitat som er henta enten frå Astrid sjølv eller frå bøkene hennar.

Og her er det mykje visdom - mellom anna dette sitatet:

"Hvordan skal en god barnebok være? Hvis du spør meg, så kan jeg etter mye grubling bare svare: Den skal være god."

Og dette:

"-Hvis jeg har klart å forgylle en eneste dyster barndom, så er jeg fornøyd."

Forfattar Agnes-Margrethe Bjorvand har med dette skrive ein leiken og informativ biografi for barn og unge.

Men det som gjer boka verkeleg magisk er dei fortryllande illustrasjonane til Lisa Aisato.

Bileta er nydelege akvarellar som viser ein varme og ein kjærleik til Astrid Lindgren som vil røre den som opnar boka.

Eg vart i alle fall heilt bergteken, og vil anbefale boka til både barn og vaksne.

 

 

 

 

 

 

Del på facebook
Kaja og Stine og gutten som forsvant

Det er ein fin sommardag, og Kaja og Stine er på badestranda. Dei svømmer og leikar seg i vatnet. Plutseleg får dei høyre at vesle Magnus på 4 år har forsvunne. Kan han ha drukna? Kaja og Stine forstår fort at dette er ei sak for detektivane "Dei små blå". Medan dei leitar etter den vesle guten, treff dei på Lars som gøymer seg i skogen.Han vil ikkje fortelje dei kvifor han gjer det. Kan han ha noko med forsvinninga til den vesle guten å gjere?

Dette er ei ny sak for detektivane "Dei små blå." Det er den sjuande boka om Kaja og Stine. Boka er gitt ut i serien Den hvite lesehesten, som passar godt for barn i 1. og 2. klasse, dei som nettopp har lært å lese. Boka har stor skrift, korte setningar og er lett å lese. Boka har også fargerike bilete.

Del på facebook
Mick Manning og Brita Granström:

Bli med ut!

Bli med ut

I år er det Friluftslivets år, og denne boka som har fått tittelen "Bli med ut!" vil kunne inspirere barn til aktivitetar i naturen. Tanken er nok at ein del av aktivitetane skal gjerast med hjelp av vaksne. Boka er full av ting ein kan gjere, lage eller sjå kvar ein enn er: i skogen, på fjellet, ved elva, innsjøen eller havet - ja til og med i hagen din eller i parken. Her kan du lære å bygge gapahuk og seljefløyte, få oppskrift på korleis ein kan lage fuglebrett og drake, få tips til aktivitetar på stranda og i skogen, finne dyrespor og lære namnet på dei ulike skyene på himmelen.

Boka er fin fordi ho viser korleis ein kan ta i bruk naturen og finne på kjekke ting saman.

Del på facebook
Salah Nassar:

Zainab må flykte

Zainab må flykte

Zainab er 9 år. Ho bur i eit land langt borte saman med mor, far og bestemor. Zainab synest det er spanande å sove på taket. Då ligg ho våken og ser på månen og stjernene før ho sovnar. Det er så stille og fredeleg. Men det er ikkje alltid slik. Det er krig i landet, og dei kan høyre lyden av bomber og rakettar kvar dag. Ein dag kjem ikkje faren hennar heim igjen. Familien får eit brev frå han der det står at dei må flykte. Saman med resten av familien, og bestevennen Ali og familien hans, legg Zainab ut på flukt gjennom ørkenen, der dei etterkvart søker tilflukt i ein flyktningeleir ute i ørkenen.

Trass i det alvorlege temaet denne boka tek opp, så er det ei varm og vakker biletbok. I boka kjem det fram at menneske har evne til å tilpasse seg og glede seg over det gode sjølv om ein er i ein vanskeleg situasjon. Forfattaren har sjølv illustrert boka med akvarellar. Han er kurdar og historia er basert på hans eigne erfaringar.

I dag er det krig i mange land i verda, og mange menneske er på flukt slik som Zainab og familien hennar. Denne boka er difor eit viktig tilskot til barnelitteraturen.

Del på facebook
Benjamin Lacombe:

Snøkvit

Snøkvit

"Det var midt på vinteren, og snøfnugga fall som lette fjør ned  frå himmelen. Ei dronning sat ved vindauget, som hadde ei ramme av svart ibenholt, og sydde. Og medan ho sat og sydde og såg drøymande ut på snøen, stakk ho seg i fingeren med nåla. Tre dråpar blod fall ned på snøen, og det raude mot den kvite snøen var så vakkert at ho tenkte: Tenk om eg kunne få eit barn så kvitt som snø, så rødt som blod og så svart som ibenholt. Ikkje lenge etter fekk ho ei dotter som var så kvit som snø, så raud som blod og så svarthåra som ibenholt. Ho vart kalla Snøkvit. "

Slik startar denne biletboka om Snøkvit. Resten av eventyret skal vi ikkje røpe her…

Snøkvit sett gjennom Benjamin Lacombes sine auge gir lesarane både ei dyster og ei vakker kjensle. Denne teksten er eit eksempel for barn på kva sjalusien sin vondskap kan få vaksne til å gjere. Dei fantastiske illustrasjonane forsterkar kjenslene og kan gi varige minner. Bileta er som små kunstverk i seg sjølve.  Eventyret har til alle tider vorte brukt til å forklare vondskapens djupaste grunn, og kva den gjer med oss. Ei viktig påminning for vaksne, og ei viktig fortelling for barn.

Boka kom ut på Fortellerforlaget i 2013, og ho er på nynorsk.

Del på facebook

Åpningstider 

Mandag -Torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av