Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Hjem

> Felles > Bli inspirert

Yorgos Lanthimos:

The Lobster

The lobster

Premisset for historia som blir fortalt i denne filmen er ganske absurd: i ei dystopisk framtid er alle menneske nøydde til å finne seg ein partner ein har likheitstrekk med innan 45 dager, elles blir ein forvandla til eit valgfritt dyr for resten av levetida.

Den greske regissøren Yorgos Lanthimo sin film liknar ikkje på noko anna, kanskje bortsett frå dei filmane han tidligare har laga sjølv.

Handlinga i "The Lobster" er lagt til ei nær framtid, der single menneske blir sende til hotelliknande institusjonar der dei har 45 dagar på seg til å forelske seg og finne ein ny partner. Lukkast dei ikkje, blir dei omskapt til eit sjølvvald dyr. David (Colin Farrell) som er nyskild og deprimert, kjem til hotellet med ein hund (det viser seg å vera broren Bob, som altså ikkje klarte å finne ny partner), og vil sjølv bli til ein hummar om han skulle mislukkast i partnarjakta.
Følgande samtale utspelar seg mellom David og hotelldirektøren:
Hotel manager: Now have you thought of what animal you'd like to be if you end up alone?
David: Yes. A lobster.
Hotel manager: Why a lobster?
David: Because lobsters live for over one hundred years, are blue-blooded like aristocrats, and stay fertile all their lives. I also like the sea very much.

Hotelldirektøren (Olivia Colman) synest hummar er eit heilt utmerka valg.
 Menneska i dette universet følgjer alle reglar ukritisk, uansett kor bisarre, undertrykkande og meiningslause dei måtte vere. I skogen utanfor hotellet bur dei single, som har måtta flykta frå byen der politiet er etter alle som ikkje er saman med nokon. Hotellgjestene jaktar på dei single i skogen med gevær lada med bedøvingspiler.
 Har du sansen for mørk og surrealistisk humor, kjem du til å le av dette. Men når den bistre komikken i neste augneblink vert avløyst av nærgåande vald, får det latteren til å setja seg litt fast i halsen. Og det er kanskje meininga.
 Det er eit absurd og underleg univers regissøren viser oss i "The Lobster", men eg synest han har skapt ein fascinerande film med rom for mange tolkingar.

Del på facebook
Todd A. Kessler, Glenn Kessler og Daniel Zelman:

Bloodline

Bloodline

Handlinga i tv-serien Bloodline er lagt til sørkysten av USA, nærmare bestemt til Florida Keys. Der driv familien Rayburn eit fasjonabelt strandhotell. Rayburn-familien er kjent som hardtarbeidande og engasjerte samfunnsborgarar i lokalmiljøet. Når det svarte fåret i familien, eldstesonen Danny, kjem heim til den årlige familiefesten, truar han med å avsløre mørke løyndommar frå fortida.

Denne heimvendte sonen har mykje uoppgjort med både foreldre og søsken. Ønsket hans om å slå seg ned for godt og hjelpe til med hotelldrifta, sår mykje tvil og uro i Rayburn-familien.
 Serien tek seg god tid til å bygge opp karakterane, den byr på ei rekke uventa vendingar og vi får gradvis små drypp frå fortida for å kaste lys over familien sine godt bevarte løyndommar. I starten prøver eg å finne ut kven det er som er den manipulerande drittsekken i denne familien. Etter nokre episodar strevar eg med å finne nokon som ikkje er manipulerande og etisk uberegnelige.

For meg er Danny-karakteren det mest geniale med serien. Ein veit aldri kva han kan finne på, det virkar som han har ein eigen agenda med alt han gjer. På samme tid er han både sjarmerande, flåsete, ondskapsfull og farlig. Han er glimrande spelt av Ben Mendelsohn, og eg vil også trekke fram Sissy Spacek i rolla som mora.

Bloodline byr altså på utmerka skodespel, fortreffelig spenningsoppbygging og truverdige karakterar. Serien har eit finurlig plott med ein konstant underliggande urolig og uhyggelig tone i kontrast til det solfylte og vakre landskapet i Florida.

Serien på 3 sesonger er skapt av straumetenesta Netflix, og biblioteket har første sesong på DVD til utlån.

Del på facebook
Matt Ross:

Captain Fantastic

Captain Fantastic

Captain Fantastic høyrest ut som endå ein superhelt-film, men i staden er det ein ganske annaleis film enn det ein vanlegvis får servert frå amerikansk hald.

Filmen handlar om familiefaren Ben som av idealistiske årsaker har valgt å leve eit alternativt, sjølvberga tilvære i naturen med sine seks born. Her underviser han dei på eiga hand i det han meiner dei burde lære og gir dei fysisk hardtrening for å overleve i villmarka.
Men då mora døyr etter eit lengre opphald på psykiatrisk sjukehus, bestemmer Ben seg for å forlate sitt heimelaga «paradis» og ta barna med til gravferda.  Turen gjennom det moderne samfunnet blir ei reise som kjem til å forandre alle involverte partar.
Konfrontasjonen mellom det trygge livet i skogen og sivilisasjonen viser kor framandgjorte familien har blitt etter åra i isolasjon. Det oppstår ei rekkje episodar med relativt brutale kulturkrasj, dette er skildra både med stor humor og sårheit.
Filmen har mange fine nyansar. Den kan lesast som sarkastisk kritikk av diverse sekter, frå paranoide dommedagsprofetar via strenge kyrkjesamfunn til revolusjonære kommunistar. Men samtidig, ved å legge synsvinkelen til Ben og familien hans, let filmen oss sjå vår moderne sivilisasjon utanfrå slik at også fleire sider av denne livsstilen står fram som lettare absurde.

Dansk-amerikanske Viggo Mortensen har fått ein velfortent Oscar-nominasjon for rolla som familiefaren Ben. På den eine sida er han grenselaust sta i livsstilen han har valgt, noko som grensar til det fanatiske og øydeleggjande. På den andre sida er han ein varm familiefar som elskar barna sine, og som gjer det han gjer i beste meining.

Del på facebook
Sebastian Schipper:

En natt i Berlin

En natt i Berlin

Den spanske ungjenta Victoria møter fire unge Berlinarar i filmen «En natt i Berlin», og ingenting blir det same etter det. Denne tyske filmen har fantastisk foto av Sturla Brandth Grøvlen frå Trondheim.

I denne filmen møter vi spanske Victoria, som ikkje kan tysk og jobbar på kaffibar i Berlin. Ho møter fire unge menn på veg heim frå nattklubb. Dette er Sonne og hans gjeng, ekte Berlinarar, som lover å vise henne byen. Så drikk dei til det nærmar seg soloppgang, men likevel blir det mørkare. Den eine kompisen, ein fengselsfugl, skuldar ein berlin-mafioso pengar, dei må rane ein bank, dei treng ein sjåfør og så blir det Victoria som køyrer. Ho er dratt inn i eit opplegg ho aldri kunne drøymt om i sine verste mareritt.

Det er fleire grunnar til at Sebastian Schipper sin film «En natt i Berlin» har blitt ein snakkis på årets filmfestivalar og fått fleire prisar. Fotoet til Sturla Brandth Grøvlen frå Trondheim gav han internasjonalt gjennombrot og Sølvbjørn i Berlin, nylig fekk han også pris for beste foto i tysk film siste år.

Det mest spesielle med fotoet er at kamera følgjer handlinga i eitt sveip, utan klipp. Filmen varer i snaue 2 ½ time, altså utan eit einaste klipp eller kutt. Det er så variert og raffinert gjort at «En natt i Berlin» ikkje ser ut som ein dogmefilm. Dette er verken filma teater eller kunstnerisk saktefilm, tvert imot, «En natt i Berlin» er eit pulserande, urbant drama om vegen frå ei øl til dirrande, uberegnelig natt i Berlin. Ein kan berre førestille seg det utrulige arbeidet, øvinga og prestasjonane som ligg bak fotoet til Brandth. Fotoet spelar også godt opp mot musikk, miljø og skodespelarar, og gjer dette til ein film med særprega tone og intensitet. Filmskaparane brukar teknikken til å plassere publikum midt oppe i det heile. Sjåaren føler seg rett og slett der med dei, som om vi sjølv er med på ranet og får anledning til å kjenne opplevinga på kroppen, realiteten og adrenalinet.

Laia Costa i rollen som Victoria, og ikkje minst Frederick Lau i den mannlege hovudrolla som Sonne, er avgjerande for at handlinga fungerer godt med forteljargrepet. Her vert det spela slik berre amatørar kan gjere det; heilt uanfekta.
Reint tematisk tek filmen opp ein del spørsmål om skuld og rettferd, og utforskar kva det er som får nokon til å begå eit ran, korleis ein gjer det, og kva ein skal gjere etter at ranet er begått. Det er både interessant og underhaldande å vere med på denne reisa. Og ein blir riven med, men ikkje heilt utan å tenke, her og der, at ein film ikkje blir dårligare av ei viss fortetting og redigering.

På den andre sida: det mest imponerande er dei unge menneska sine rolleprestasjonar. Ein veit nesten ingenting om personane og får lite å vite. Men det vesle vi får, er faktisk nok til å lage ei historie med ekte menneskelege kjensler, ein desperasjon som ein på sett og vis kan forstå. Og ei stemning av ein nokså håplaus europeisk røyndom for mange unge menneske pr. i dag.

Del på facebook
Ida Hegazi Høyer:

Fortellingen om øde

Fortellingen om øde

Kort fortalt handlar denne romanen om den tyske tannlegen Carlo Ritter som trekk ut alle tennene sine og forlet eit komfortabelt liv i mellomkrigstidas Europa for å leve eit tannlaust einebuartilvære på ei aude øy i Stillehavet.

På den aude øya har Carlo planlagt å leve kun av frukt. Difor treng han ikkje tenner, og difor trekk han dei ut før avreisa. For sikkerheits skuld, og siden han trass alt ikkje veit så mykje om korleis livet på øya vil arte seg, har han laga seg eit stålgebiss som han har i bakhand. Men Dr. Carlo opplever at førestillingane han har om korleis livet på øya skal bli, raknar allereie når han står aleine på stranda den første dagen. Øya og naturen der er ein nådelaus stad, trass i at den ligg i eit tropisk klima.

Det går heller ikkje lang tid før han får uvelkomment besøk av eit ungt ektepar, og med eitt er det sosiale gnisningar på den vesle øya. Betre blir det ikkje når ei eksentrisk baronesse slår seg ned på stranda med sitt mannlege harem. Kampen for tilværet er knallhard, og det er vanskeleg å seie kva som er mest truande, menneska eller naturen.

Fortellingen om øde er, utruleg nok, basert på verkelege hendingar. I 1929 flytta den tyske tannlegen Friedrich Ritter til den aude Galápagos-øya Floreana saman med ein av sine pasientar. Eit par år seinare kom eit ektepar med ein 12 år gammal son og litt seinare kom ei ekte baronesse, Eloise von Wagner-Bosquet. Baronessa hadde med seg to tyske elskarar og ein ecuadoriansk handverkar. 
Etter kort tid fekk ho bygd eit lite hus som ho kalla "Hacienda Paradis" og omtrent då byrja idyllen å slå sprekker. Konflikter førte til at tre menneske blei drepne og at to forsvann i løpet av berre nokre månader. Nøyaktig kva som skjedde er det ingen som veit, men "the Galápagos Affair" fekk stor merksemd i den interasjonale pressa. Og dannar altså det verkelege utgangspunktet for Ida Hegazi Høyer sin roman.

Forfattar Ida Hegazi Høyer er eit nytt bekjentskap for min del. Ho har tidligare gitt ut tre romanar. For Fortellingen om øde er ho nominert til P2-lytternes romanpris og til Osloprisen.

Eg likte denne romanen veldig godt, den har ei spennande handling, som trass i alle dei absurde tinga som skjer, er bygd på verkelege hendingar. Forfattaren skriv i eit nydelig, poetisk og særprega språk og forteljinga har driv og overskudd.
Romanen er skriven i tredjeperson, og sjølve øya har også fått sin eigen synsvinkel. Øya blir tillagt menneskelege eigenskapar, den er i stand til å skilje det eine mennesket frå det andre og den får nærast gudeliknande evner. Det er eit overraskende trekk; den levende øya som betraktar menneska og venter på feiltrinna deira.  

Øybuarane si skjebne er tragisk, men romanen er også morsom, særlig dr. Carlo, som er ein hissig og oppfarande type. Han blir rasande på dei som kjem til øya og forstyrrar idyllen, som slett ikkje er nokon idyll. Han vil bli lagt merke til, han er opptatt av ettermælet sitt, og har, som så mange andre, stort ego, liten sjølvinnsikt, og overdriven tru på eigen vilje og evne. 

Del på facebook
Øystein Karlsen:

Dag

Dag

Dag Refsnes, spela av Atle Antonsen, arbeider som samlivsterapeut, noko han har gjort i ein del år. Hendingar i oppveksten og gjennom dei første åra som terapeut har gjort at han no oppfordrar alle pasientane sine til å gå frå kvarandre. Alle ville nemlig blitt lykkelegare om dei berre budde åleine.

Dette spesielle livsstandpunktet gjer Dag ein tanke uortodoks i jobben sin, det vert tydeleg ved at skilsmisseprosenten blant pasientane hans ligg på over 90. 
Bedre blir det ikkje av at søstera til Dag set han opp på kontinuerlige blinde dates og at den einaste venen hans, Benedikt, som stadig hamnar i dei villaste situasjonar, sov ut rusen ved hattehylla i gangen hans. For å takle alt dette har Dag eit lager med beroligande middel gøymd i Pez-dispenserar på badet. Det heile toppar seg når Dag forelskar seg i ei kvinne like skakkøyrt som han sjølv, og heile det trygge åleine-livet hans er trua.

Dag er delt inn i mange små enkelthendingar eller sekvensar og alle desse til saman kan oppsummerast i éin slags livsfilosofi. I byrjinga av kvar episode ser vi ei teikning av Jan Stenmark med ei lita anekdote under, eit poetisk innslag med eit lite alvor i, på samme måte som Dag er ein humorserie om alvorlige ting.

Regissør Øystein Karlsen har saman med Kristoffer Schau etter mi meining skrive eit av dei beste komediemanusa nokonsinne. Eg likar at serien teknisk sett er ein komedie, men at den også er veldig mørk og melankolsk, og tek deg med til stader som gjer deg ukomfortabel. Serien har ein god dose forrykande action, mange burleske situasjonar og drøye ting som skjer, men den har også eit eksistensielt alvor. Det er nettopp i dei sprø situasjonane du finn dei såre kjenslene, og for så vidt også omvendt.

Rollefigurane er eit av dei sterkaste korta til serien. Dag, Benedikt og gjengen startar som tydelege, nesten karikerte typer. Etter kvart får dei lov til å utvikle seg og vekse, uten at særheitene deira har forsvunne. Og dei er utruleg godt spela av Atle Antonsen, Anders Baasmo Christiansen og dei andre. 

Del på facebook
Yann Demange:

'71

'71

Spanande og tankevekkande krigsfilm frå konflikten i Nord-Irland. Regissør Yann Demange skildrar den komplekse konflikten mellom republikanarar og lojalistar med driv og intensitet. Dette er hans debutfilm som har vunne fleire prisar.

Hovudperson Gary Hook er ein del av dei britiske fredsbevarande styrkane som blir sendt til Belfast i 1971 for å prøve å dempe striden mellom katolikkar og protestantar. Dei ferske soldatane har knapt kome seg ut av patruljebilane før helvete bryt laus rundt dei. Gary blir skilt frå sine medsoldatar og forfulgt av folk som vil drepe han. Når natta og mørket fell på har han inga formeining om kor han er og korleis han skal finne tilbake til leiren. 

Det er ingen han kan stole på, den hemmelege britiske militære etterretninga driv eit ureint spel og er villige til å ofre ein av sine eigne.

Fluktscenene gjennom dei trange gatene er glimrande fotografert og regissert. Ikkje minst gjer Jack O'Connell ein stor prestasjon i hovudrolla som den unge soldaten som har verva seg for å få den familien han aldri har hatt. Han er ein fersk soldat med begrensa livserfaring, men vi får hint om at han sannsynlegvis har vore nøydd til å fighte seg gjennom ungdomsåra, og så hamnar han midt i borgarkrigen sitt helvete.

Vi ser korleis dei som prøver å halde seg utanfor stridigheitene brått kan havne i ein situasjon der dei blir sugd inn i malstraumen, korleis barn vert indoktrinerte og korleis dei mest militante kan finte ut dei meir moderate kreftene i ei konflikt og dermed gjere knuten endå strammare. Regissøren går ikkje djupt ned i politikken som danna grunnlaget for sjølve borgarkrigen, han er meir opptatt av kva den får fram i folk.

Men det er ein fordel å kjenne til hovudtrekka i dei historiske hendingane for å få fullt utbytte av filmen. Denne konflikta går i Storbritannia berre under betegnelsen "The Troubles". Noko som må kunne seiast å vere eit kraftig understatement. 

Eg var sjølv i Belfast for nokre år sidan og fekk høyre frå både katolikkar og protestantar om livet under "The Troubles", noko som gjorde inntrykk. Belfast er ikkje, slik ein kanskje kunne tru, ein by delt i to. Det er meir eit lappeteppe, der høge murar og politisperringar framleis i dag deler inn gater og kvartal i loyalist- og republikanar-konklavar. Sentrum er derimot rimelig fredlig og det er trygt å vere turist. Men det gjorde spesielt inntrykk på oss at vår irsk-katolske bussjåfør var ekstremt skeptisk til å køyre gjennom protestantiske bydelar, fordi han frykta for sitt eige liv dersom bussen med irske skilt skulle få motorstopp der.

Del på facebook
Anna Odell:

Gjenforeningen

Gjenforeningen

Med Gjenforeningen har Anna Odell har laga den sterkaste filmen om mobbing eg nokonsinne har sett, og ho har basert den på sitt eige liv.

Når klassen til Anna Odell skulle feire 20 års jubileum med ein stor gjenforeningsfest, vart alle invitert bortsett frå Anna. Ho fann difor ut at ho ville lage ein film om korleis denne klassegjenforeninga kunne ha blitt dersom ho hadde vore til stades. Det er ein feststemt kveld med herlige gode minner for alle untatt Anna, som spelar seg sjølv i filmen. Ho reiser seg under middagen og held ein tale. Allereie før ho byrjar å snakke skjønar vi, gjennom dei andre sine skyldtunge blikk, at dette ikkje er nokon velkommen talar. Når ho byrjar å fortelje sine tidlegare medelevar om korleis ho opplevde tida i klassen, prøver dei først å fleipe det bort, men Anna nektar å gi seg og gjenforeninga utartar til noko heilt anna enn det dei hadde planlagt.

Vi som sjåarar forstår at dette er fiksjon, men det er like fullt intenst og smertelig ubehagelig å sjå på klikkdanningar og klassehierarkiet og kor desse lever i beste velgåande etter 20 år.

Odell er kjent som provokatør i svensk kulturliv, mellom anna for prosjektet “Okänd kvinna” der ho let seg tvangsinnlegge etter å ha spela psykotisk og suicidal for å belyse maktstrukturar i helsevesenet.

Gjenforeningen skildrar ho ein outsider som har fått mot og posisjon til å seie det ho ikkje klarte å seie til sine medelevar for 20 år sidan. Det er imponerande korleis Anna Odell klarer å brette ut seg sjølv og sin barndom. Fordi ho blottlegg seg sjølv i så stor grad, blir filmen aldri vanskelig å tru på, uansett kor mange kunstneriske grep ho flettar inn. Dette er ein film som formulerer noko dei fleste av oss heller ville undertrykt, og det gjer Gjenforeningen til filmkunst på sitt sterkaste.

Del på facebook
Neil Gaiman:

Havet i enden av veien

Havet i enden av veien

Neil Gaiman er ein britisk forfatter innan science fiction- og fantasy-sjangeren. Han har også skrive fleire teikneseriar, m.a. den kjente Sandman, og levert manus til filmar og tv-seriar.

The Ocean at the end of the lane er Gaimans nyaste roman for vaksne, den er også oversatt til norsk med tittel Havet i enden av veien.

Historia byrjar med at ein middelaldrande mann køyrer ein tur etter gravferda til eit nært familiemedlem. Brått innser han at han køyrer mot barndomsheimen. Huset han vaks opp i er borte, og han dreg vidare til ein gard i enden av same veg. Møtet med garden og den gamle dama som bur der vekkjer ei rekkje undertrykte minne i han, «[...] mens jeg sto der i gangen kom alt tilbake.»

Vi blir tatt med tilbake i tid til då denne mannen var sju år, ein einsam og oversett gut som flyktar inn i bøkene. «Jeg var lei meg for at ingen var kommet i selskapet mitt, men glad for at jeg hadde en Batman-figur, og jeg hadde en fødselsdagspresang som ventet på å bli lest, et komplett sett med alle Narnia-bøkene [...]» 

Etter kvart skjer det mystiske og fæle ting rundt han, m.a. i form av den nye barnevakta Ursula, som bokstavelig talt viser seg å vere eit monster. Dette gjer at han treng hjelp av dei tre generasjonane kvinner som bur på Hempstock-garden, visdommen og kjærleiken deira gir han tryggheit i ei elles skummel verd: «Voksne ser heller ikke ut som voksne inni seg. Utenpå er de store og tankeløse og vet alltid hva de gjør. Inni ser de ut som de alltid har gjort.  Som de gjorde da de var på din alder. Sannheten er at det ikke finnes voksne. Ingen i hele, vide verden.»

Sjuåringens kamp mot demonane er ei underhaldande historie i seg sjølv, men det at hendingane også kan lesast som barnet sitt møte med den skumle og utrygge vaksenverda, hevar forteljinga mange hakk. Difor kan boka trygt anbefalast både til fantasy-fans så vel som til dei som vil ha meir tradisjonelle romanar.

Del på facebook
Spike Jonze:

Her

Cover Her

Ei underfundig dramakomedie av regissør Spike Jonze, med Joaquin Phoenix i hovudrolla.

Handlinga i Her går føre seg i Los Angeles i nær framtid. Hovudpersonen Theodore, spela av Joaquin Phoenix, er ein tidlegare journalist som no lever av å skrive handskrevne, personlige brev til folk. Han er nyseparert og einsam i eit samfunn der ein er enno meir teknologiavhengige enn i dag, ein mann i eksistensiell krise med eit desperat behov for forståing og medkjensle. 

Framtida Theodore går einsam rundt i, kjennes så nær at det ville vere gale å kalle Her for ein science fiction-film. Verda omkring han ser vel så ofte ut som 1970-tallet: Høge bukselinningar og menn med bart, teak og tweed, mykje brunt, rødt, gult. Fleire av bilda ser ut til å vere dekka av Instagram-filter, det er eit aldeles nydeleg foto med ein finurlig kontrast mellom duse og fargesterke bilete.

Theodore ser ei reklame for OS1, det første snakkande operativsystemet med kunstig intelligens som har evne til å utvikle seg saman med kjøparen. Theodore må svare på eit par spørsmål online og velge kjønn, og vips så er “Samantha” der. Samantha er utstyrt med Scarlett Johansson si stemme og ei programmert personligheit så avansert at ho framstår som ei smart, varm og empatisk draumekvinne. I starten tør ikkje Theodore seie til nokon at han er blitt sterkt knytta til eit kvinneleg operativsystem, men han innser snart at han ikkje er den einaste. Verda er fylt med menneske som går omkring med øyreplugg i djup samtale med eit dataprogram som er tilpassa dei emosjonelle behova deira. 

Theodore blir kjenslemessig sterkt knytt til Samantha, men han oppdagar etter kvart at det er sider ved henne som ikkje er kompatible med menneskeligheita hans, og dei behova som gjorde at han blei «kjent med» henne i utgangspunktet. Det er heller ikkje slik at Theodore ikkje fiksar «ekte» menneske (han har eit utmerka forhold til naboen sin, spela av Amy Adams). Det er meir eit spørsmål om at han er blitt brent av det ekte, og søkjer det trygt perfekte. Ein partner som ler av alle vitsane hans medan ho ryddar på harddisken.

Historia og tematikken er veldig interessant og lett skremmande. Er det slik verda vil sjå ut om 20 år? Vil vi alle ha personlege operativsystem som tilfredsstiller dei individuelle behova våre, og vil vi tillate oss å bli glade i dei?

Her stiller mange filosofiske spørsmål og gir deg mykje å tygge og tenke på, samtidig som det er ein underhaldande film. Den krever å bli sett meir enn éin gong, og den fortener det.

Del på facebook

Åpningstider 

Mandag -Torsdag 10 - 19
Fredag 10 - 16
Lørdag  10 - 14

  

Telefon:
71 57 51 00

E-post:
bibliotek@kristiansund.kommune.no 

Vi blir inspirert av